Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > Skipsdesign-konkurranse ved NTNU, Marin teknikk 2008


Skipsdesign-konkurranse ved NTNU, Marin teknikk 2008.

Publisert 17.03.08.

Med Kunnskapsløftet 2006 dukka omgrepet X-fag opp i den vidaregåande skulen. Her ved HVS valde vi å tilby faget Teknologi og forskningslære X (3t/v). Det har vist seg å vere eit spennande tilbod! Og ei noko annleis utfordring for både faglærar og elevar.


Prosjekt "Den unge skipsdesignaren"

07.03.08.


Marinteknisk senter, Tyholt, med Telenor i forgrunnen.

Flyfoto august 2000.

Dette er eit prosjektet ved NTNU, som set fokus på realfag og er retta mot elevar i ungdoms- og vidaregåande skule. Prosjektet inkluderer både design, praktisk bygging, utrusting og utprøving av ein modell av eit tankskip for frakt av containarar, samt dokumentasjon. Det ferdige fartøyet skal ikkje berre flyte - det skal helst halde størst mogleg fart med eit gitt framdriftsanlegg og ein gitt last.
Den endelege testen skjedde under konkurransen ved NTNU, Marinteknisk senter i Trondheim 7. mars 2008.

HVS-elevar med faget Teknologi og forskningslære i full gang!
Prosjektet var både inspirerande og tidkrevjande, så fritida vart tatt i bruk på slutten for å kome mest mogleg i hamn før konkurransen. I mål kom dei, men elevane våre var klar over at visse deler, spesielt på dokumentasjons-sida, måtte lide når farkosten vart prioritert.

Likevel, det var ein fornøgd gjeng som reiste i veg til Trondheim torsdag ettermiddag 6. mars. For å få ein heilskapleg og fagleg og sosial tur, var det bestemt at turen opp til Trondheim skulle gå med hurtigruta. Ombord var det bestilt omvisning, sjølvsagt med fokus på tekniske innretningar ombord, og med på kjøpet følgde litt ekstra service. Før natta seig ned over kystlina av nord-Møre og Trøndelag for alvor, hadde elevane hatt ein lærerik rundtur på hurtigruta, kost seg i boblebad under nattehimmelen og kunne gjere seg klare til å sove seg fram til Trondheim.

Det vart ikkje seier, men mykje god kunnskap vart henta inn. Produktet frå HVS haldt god kvalitet, og faglærar Torleiv Austnes meinte at med noko meir tid på dokumentasjonsdelen, ville vi verkeleg stått sterkt. Lærdommen er mottatt, og nå er planane klare for neste års prosjekt.

HVS, elevar og faglærar takkar STX Europe og NHO Møre og Romsdal for velvilje og sponsorstøtte, slik at prosjektet og konkurransen vart ein realitet, ein svært vellukka del av faget dette skuleåret. Tusen takk!


Heimesida til prosjektet finn du her ...

Fleire frå Sunnmøre var på design-tokt.
Ei elevgruppe ved Ulstein vgs køyrde og dette prosjektet, og stilte opp under konkurransen i Trondheim. Her fortel dei om prosjektet sitt:
Ny skipsdesign på trappene ...
Trondheim, teknologi og tre kilo last ...


Hovudsida