Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar >
CSI-case: Høgskulen i Ålesund, 2008.
3BI
som kriminaletterforskarar! |
CSI-case:
Høgskulen i Ålesund
"Tysdag
02.01.08 kl 08:47 blei overingeniør Gro Audveig Hagen,
født 11.10.1985, funnet bevisstlaus på rom C313
på Høgskulen i Ålesund. Ved siden av den
skadede Hagen, blei det funnet ein knust 5000 ml målekolbe.
Det blei funnet fleire DNA-spor på åstaden."
(Prosjektfoto til CSI-case,HiAls) |
| |
02.01.08.
Elevane ved HVS set pris på turane til HiAls,
og tysdag 19.02.08 var det på tide med ny høgskuletur
for biologi-klassa frå Haram vidaregåande skule.
Og slik som over vart vi møtt på Høgskulen.
Ei kriminalsak var dukka opp, og vi skulle få undersøke
saka!
Etter felles oppmøte i kantina kl 09.30, vart vi ført
til eit auditorium av Robert Wolff. Der fekk vi ein kort ”briefing”
over dagen og saka som venta oss. Vi var ganske spente.
Så var det på tide å setje i gong.
Vi vart ført til laboratoriumet og fikk utdelt CSI-skilt,
som ekte etterforskarar. Deretter starta jakta på den
skuldige. Vi fekk opplyst at var det 5 mistenkte, og ingen hadde
alibi ... Vi brukte våre kunnskapar frå biologitimane
til å eliminere dei mistenkte og til slutt sitje igjen
med den skuldige. Vi måtte bl.a. gjere forsøk med
elektroforese for å kome framover i saka.
Elektroforese gjeng ut på å granske ekte DNA-molekyl
ved at man ved hjelp av eit elektrisk felt kan separere DNA-molekyla.
Vi fekk bruke utstyr frå Høgskulen, alt frå
pipettar til mikrobølgjeomn. Vi fekk jobbe med diverse
kjemikaliar, der nokon også kunne vere litt farlege. Litt
av spenninga vart øydelagt da ein av lærarane i
gangen avslørte kven den skyldige var, men det var ikkje
alle som høyrte det, heldigvis.
Det var veldig flinke lærarar på laboratoriumane.
Dei forklarte og viste korleis enkelte ting skulle utførast.
Etter all undersøkinga kom vi fram til den skuldige,
som også viste seg å være ein av dei hyggelege
lærarane, Heidi Engstrøm. Hm, dette var til ettertanke.
Ekte høgskulekantine!
Ein ting alle hadde gledd seg mest til med denne dagen, var
maten i kantina. Så ved lunsjtid var det å springe
ned til kantina og stille seg i kø.
På slutten av dagen fekk vi informasjon om forskjellige
biologiutdanningar, som t.d. bioingeniør og marin biolog.
Deretter var det for nokon å finne bussrutene og komme
seg heim, medan andre køyrte sjølv.
Alt i alt var dette ein spennande og lærerik dag med ein
artig, positiv vri!
Helsing elevane i 3BI, HVS 07/08.
Andre faglege turar ...
Hovudsida
|
|
|