Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Aktivitetsdagar > Skidag 2008


Skidagen 2008 vart ein suksess!


Det er lenge sidan Ørskogfjellet hadde besøk av elevane frå HVS, men i år kom vi, med 4 stappfulle bussar. Det er nok også nokre år sidan vi hadde fullklaff med veret på ein skidag, men i år fant vi fram til rette dagen. Flottare ver- og føreforhold kunne vi ikkje vente å finne nokon stad!

27.03.08.


Skidagen skal vere ein aktivitetsdag for alle elevar, så skyss t/r fjellet var dekka av HVS. Skulen oppmoda alle, elevar som tilsette, og møte i varme kle, gode sko og nyte dagen med den snøaktiviteten ein set mest pris på sjølv. Nokon valde å gå langrenn, andre tok med ski eller snøbrett inn i alpinanlegget, og nokon tok heilt av... Men mest "ståhei" var det i akebakken, for der gikk det unna, til stor latter for både dei oppå og dei ved sidan av akebretta!
Sjå sjølv nokre bilete frå skidagen på Ørskogfjellet siste veka i mars 2008.


God morgon!


Langrenns-troppen legg i veg!


- God tur innover, smiler kroppsøvingslærar Ravnestad,
og ser alle vel i veg før han går opp mot trekket og den største elevflokken.


Kortkjøp gjev kortkø ...


--- ja ---


men så er det berre å spenne på seg utstyret og nyte dagen.


Det er mykje som må ordnast og puttast vekk i sekk og lommer, ...


- før hjelm, briller og hansker kan setjast på.


Alle klare?


For trekket er no i gong !!!


Ørskogfjellet baud på fantastiske forhold.
Flott, ikkje sant?!


Herleg å ha bakken nesten for seg sjølv.


Ny runde - blir du med?


Passeleg temperatur,


strålande sol,


og fine forhold i bakken,


gjorde at tempoet gjennom dagen var ganske høgt for dei fleste.

Nei, ingen telte runder i dag,
men etterkvart var det lårmuskulaturen som sa i frå ...


Då var det godt berre å slengje seg ned og sjå på livet.


På toppen !


Her var det fantastisk utsyn til alle kanter.


Noko desse karane sette stor pris på!


Men artigast var nedturen, ingen tvil!
- Kom igjen, gutta, no fær oss ...


Som nemd var det nokon som tok heilt av - bokstaveleg!


Ein har ikkje ein Driveklepp på personallista utan at det
er ein viss fare for at denne tar seg ein skikkeleg luftetur!


Nyt synet,
og drøym deg inn i situasjonen ...


- Luftig -






Om nokon lurer, landingane var like kontrollerte kvar gong.
Men det var mange som følgde spente med - og såg etter kvar gong :-)


Ein pust i bakken,
er og ein del av ein vellukka dag!


Matpause!


Kompisprat i solsteika gjer seg!


Oisann, finst det lærarbord her ute og!?!
- Jada, smiler denne blide gjengen, - og vi har det sååå kjekt!


Det her, det er skikkeleg norsk niste på tur!
Brødskive med brunost - og solo.


Og dette her, det er rester av påskestemning!
Men ikkje tru at desse har sete på baken heile dagen ...


Neida, for det var faktisk i denne delen av skianlegget
det var mest støyande jubel gjennom dagen.


Akebakken,
stedet for dei som verkeleg ville flire litt ekstra.


Vi er klare, skal bare få brettet i gong ...


Hjelp undervegs!



Sånn, nå skal vi få fart på kjelken ...


Ops, der fall "motoren" av - no går dykk for eigen maskin.


- og det med skikkeleg god fart !



Her er han igjen
- med ein meir sentral landingsplass.


- Dette var kult!


Kjekk prat i bakken.

Ved siden av tar ein ikkje pause, legg merke til det ...


- Er det fleire som vil vere med?


Klar, ferdig ...


- køyr!


Lærar Ski i farta!


Hi, hi ...... .......


- det kiler i magen!


Ny lærar i farta!


Medielærar Harstad i frydefulle hyl nedover akebakken,


etterfølgd av ein lattermild skare på rumpebrett.
Spør dei om dei vart blå dagen derpå!


Hjeeeeelp ...


Kor vart dei andre av ?


Fotosession på "samlebande, -


som forøvrig endte i snøkrig før dei gode venane nådde toppen :-)


For rumpebrett fungerer like godt som snøskuffe altså,
og jenter er ikkje å spøke med!


Rumperally!










Spør du oss?

Klart det var ein skikkeleg flott skidag!!!


Med snørik helsing elevane ved HVS og fotograf/medielærar Marit Anne Harstad, som med livet som innsats prøvde å forevige skidagen.



Hovudsida