Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Aktivitetsdagar > Fylkesmeitarskapen i basisdugleik 2008



Fylkesmeisterskapen i basisdugleik 2008


På vegne av Møre og Romsdal idrettskrets har idrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule arrangert Fylkesmeisterskap i basisdugleik. Målgruppa er elevar som går første året på vidaregåande skule, samt elevar i 10. klasse på ungdomsskulen. Tevlinga gjekk av stabelen i Ulsteinhallen onsdag 23. april.


- Ventepause før tevlingsstart -
Vegard Johansen, Steffen Rogne Johansen, Thomas Aarseth



Ulsteinvik 23.04.08.
 
Basismeisterskapen skal vere til inspirasjon for oppbygging av dugleikane styrke, uthald, koordinative eigenskaper og taktikk, uavhengig av idrettar. Dei innleiande rundene i Basismeisterskapen skjer lokalt ved at idrettskrinsar og skular arrangerer regionale kvalifiseringar. Den beste jenta og guten frå kvart fylke kvalifiserer seg til landsfinalen.

Sjølve meisterskapen er ei hinderløype som er utarbeidd av elevar ved idrettsklassa på Vg2-nivå ved Ulstein vidaregåande skule. Alle deltakarane vert prøvd i alle utfordringane, og den som totalt sett har sanka flest poeng, vert kåra som vinnar. Her krevst både kløkt og gode, fysiske dugleikar skal ein kome til topps!

- Frå Haram var det tre gutar som reiste, Steffen Rogne Johansen (1ST), Vegard Johansen (1TP) og Thomas Aarseth (1MK). Nokre til skulle gjerne ha vore med, men tentamenstida sette diverre ein stoppar for det, fortel kroppsøvingslærar Stein Ravnestad.

Men det hindra ikkje at HVS markerte seg i Ulsteinhallen.


Thomas i aksjon !


Vegard smyg med høg grad av konsentrasjon ...


Steffen hadde balanse og koordinasjon i orden


Dei tre som deltok, gjorde ein framifrå innsats!
Alle kvalifiserte seg inn blant dei 10 beste, og Thomas Aarseth stakk like godt av med 2. plassen. Vegard Johansen endte rett bak, på ein fin 4. plass.
- Nei, dette var gøy!, smiler ein fornøgd kroppsøvingslærar.


- Dei 5 finalistane frå kvar gruppe -
Til venstre står 5 av dei i alt 6 gutane som plasserte seg i toppen.

Gutane sjølve treivst og godt, og ville gjerne ha vore med på meir slikt! Det blir ikkje siste gong elevar frå HVS møter opp, det er sikkert.


Hovudsida