Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Elevkvardagen > Deltaking på Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda - 2008


Heiderleg omtale til 2MK-elevar under
Den norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda.

Volda 29.04.-04.05.08.


Ein flott innsats av medieelevane!
Medielinja ved Haram vgs var i helga representert med to filmar på Den norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda. Under laurdagens prisutdeling vart det klart at filmen «Paradis på jord», laga av 2MK-elevane Øystein Skarsbø, Johan Jøsok, Steinar Tharaldsen og Randi Urke, fekk heiderleg omtale og blei tildelt diplom for filmen. Den var med i konkurransen Superdok, dvs. dokumentarfilm på 1 min.

Filmen «Utenpå» av Birgitte Ringstad og Viola Buitenkamp, og frå 2MK, blei og vist som forfilm under festivalen, og fekk fine tilbakemeldingar frå publikum.

Superdok
I denne klassa vart det i år trekt ut 14 filmar. Vinnaren av klassa Superdok blei Julian Vargas med filmen «Naturlig revolusjon», medan «Paradis på jord» fekk heiderleg omtale og 2. plass.

- Ein flott innsats av medieelevane!, stråler faglærarane deira Øystein Gjørven og Marit Anne Harstad, som begge var tilstades under festivalen. - Filmane blei laga over berre 2 veker, der elevane og nytta helg og fritid for å få produkta ferdige.


Ein film som går rett i hjartet ...
«Paradis på jord» tar for seg fråflyttingsproblematikken og livet på øya Fjørtofta i Haram kommune. Elevane har intervjua Palmar Fjørtoft, som saman med dei vakre bileta, fortel om si oppleving av det lille øysamfunnet.

Sjå gjerne filmen: "Paradis på jord"


- Øysamfunnet Fjørtoft -


- og ein som får deg til å tenkje litt etter ...
Filmen «Utenpå» set to kulturar opp mot kvarandre ved å intervjue polske og norske arbeidarar i Haram, eit tema som er aktuelt både i Haram og ellers i landet. Er vi verkeleg så ulike som mange skal ha det til?

Sjå filmen og vurder sjølv: "Utenpå"


Lenke:
http://www.dokfilm.no/2008/no/





Hovudsida