Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar >
2HF på studietur til Nevrohjemmet og Vestmo Behandlingssenter
i Ålesund.kommune
2HF på studietur
til behandlingssenter knytt til Helse Midt-Norge.
Elevane ved Vg2 Helsearbeidarfag har gjennom
skuleåret 07/08 vore utplasserte ein dag per veke i ulike
omsorgsinstitusjonar i Haram, og denne ekskursjonen gjekk inn
som ein naturleg del av den informasjonen elevane på Vg2
HF skal få i høve yrkesorientering knytt til helsesektoren.
28.04.08.
Vestmo Behandlingssenter
Vestmo Behandlingssenter er eigd av Rusbehandling Midt-Norge
HF, og er ein helseinstitusjon for behandling av rusavhengige.
Institusjonen er ein del av spesialisthelsetjenesten.
Flokken på fem, med lærar, fikk særs hyggeleg
mottaking.
Vi hadde fått nøye tilmålt tid av leiaren,
Ole Lorvik, men følte oss likevel slett ikkje til bry.
Han forklarte at Vestmo no er blitt ei avdeling innfor Helse
Midt -Norge, på linje med avdelingar som t.d. kirurgisk
avdeling. Resultatet av hjelpa til rusmisbrukarane er like forskjellig
som behandling av andre brukarar av tilbodet frå Helse
Midt-Norge, mente Ole Lorvik. Elevane fikk svar på mange
spørsmål undervegs og var svært godt nøgde
med besøket.
Nevrohjemmet
Nevrohjemmet var neste stopp. Dette er også lagt til Helse
Midt-Norge, og var ein plass det var interessant å få
nærare kjennskap til.
|
På
Nevrohjemmet får brukarar med nevrologiske diagnoser,
i alle aldersgrupper, opphald for opptrening på
alle livets område.
Som ved behandlinga ved Vestmo, er familien som gruppe
med i behandlingsopplegget. Ressursane ved institusjonen
er særs godt utnytta, noko elevane fikk godt innblikk
i. |
|
|
Med eigne arbeidserfaringar som god balast, vart det mykje å
ta med seg for elevane våre i desse to besøka.
Vi takkar for stor velvilje og særs god mottaking. Det
set vi pris på!
Kontaktlærar I. Osvik
Aktuelle linkar:
Vestmo
Behandlingssenter
Nevrologisk
avdeling Helse Sunnmøre
Hovudsida
|
|
|