Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > 1ST på tur til Haramsøy våren 2008


Ekskursjonen til Haramsøy er gjennomført!

19. - 21.05.08.

I tre døgn var elevane på Vg1 ST ute i havgapet og gjorde sine fjørestudier og kjende friluftslivet på kroppen. Målsettinga var knytt til økologidelen i faget naturfag og friluftsdelen i kroppsøving. Ein god fagleg kombinasjon for ein ekskursjon ut på øyene.

Basen deira besto av våre to velbrukte militærtelt, eit hytte (for lærarane..., og toalett) og ei idyllisk strand med tilhøyrande molo. Det heile var lokalisert til Austnes på haramsøya. Framkomstmiddelet var sjølvsagt syklar, og programmet - det var tett. Det same var regnet den første dagen ved avreisetid!
Men både elevar og faglærarar heldt humøret oppe og tråkka trøstig i vei mot ferja på Skjeltene.

Etterkvart ljosna himmelen, og programmet i havgapet gjekk sin gang. Så no veit dei fleste ganske så mykje om livet i fjæra, om livet på eit sykkelsete og kor viktig det er å passe plikta si som bålpassar i løpet av natta i eit litt lekk militærtelt ...


Sånn, no er vi komne på plass på basecampen.



Telta er rett nok ikkje sett opp, men vi er her, maten er på veg ned i magesekken, og vi kjenner energien kome tilbake.

Vi er klare for fortsettinga!


Så var det berre å ta syklane fatt igjen. Neste stopp var Ullasanden, ute på naboøya Flem/Longva. Der sto feltutstyret vårt alt, lærarane var klare og fjæra låg berre å venta på å få by fram alt det spennande ho til ein kvar tid har på lur.


Desse to karane er i alle fall klare for jobben i fjæra!
Naturfagslærar Arvid Jenssen og gymlærar Stein Ravnestad held koken.


Det same gjeld "praktikanten" deira, Marius.
Det var i alle fall det han sjølv valde å kalle seg
:-)
Og han treivst godt i fjæresona!

Så er vi i gong!


Lærar Jenssen fordeler lokalitetane
og gir sine ordre til lydhøre elevar.



Eh, ja, kor begynner vi?

Men det var berre før fyrste spadetak var gjort. Etter det krabba og kraup vi rundt, plukka stadig nye artar, tok våre flotte mobilbilete (til rapportane, veit du) og løyste oppgåver så det sto etter!


Kva for art er dette?
Korleis får den tak i maten - kva spiser den eigentleg ...

Ja, men kva er forskjellen på ... ?


Vi håva inn kunnskap!


Albogeskjell, sett frå ein ny vinkel.


The fisherman is a happy man


Og så tok feltarbeidet slutt.

Vi returnerte til basen, der gymlærar Ravnestad fekk puste ut, medan naturfaglærar Jenssen fekk enda meir å bryne seg på.
Eller, nei, det var vel helst vi som fekk det ...

Desse to karane hadde allereie begynt å fundere ut nye utfordringar til oss, men det visste ikkje vi.



For vi satt nokså konsentrerte over plantematerialet
vi hadde plukket med oss frå felten.



Herleg sol tørka oss opp, medan vi avslutta etterarbeidet.


Godt samarbeid - ivrige elevar!


Fritid!


Isbadarar var det og i elevflokken, slik som desse to.









Ja, og så Steffen!

Men litt kaldt var det nok,
sjølv for "isbadarar"



Klare for konkurranse?
Stein Ravnestad smilte lurt til oss der vi sto opplina i kvar vår "bås".



Sandslottbygging - kjempeknall!
Vi vart på eit blunk til ivrige sandslottbyggjarar alle saman.



Så kom kvelden, grilling og sosial kos. Til slutt kraup vi i soveposane. Ikkje tvil, vi passa godt på omnane våre gjennom natta ...


Haramsfjellet
Under opphaldet var vi og på rundtur over Haramsfjellet. Målet denne gongen var i grunn turen sjølv, samt eit besøk ut til Ulla fyr. Men vi trur nok det siste meir var som krydder ...


Tunge motbakkar opp til Haramsfjellet.
Då er gode venar godt å ha, som roper positive kommentarar for å få i gong igjen slitne sjeler ...


Det er då heller ikkje forbode med ein pust i bakken under sykkelturen.
Litt småprat og kos høyrer med, det er sant!


Framme !!!

Det vil seie, det føltes slik, men eigentleg var vi berre halvvegs :-)



Selskapsjuke geiter på Ulla fyr


Deileg avslapping, og geiter er og koselege dyr!


Elevane i 1ST og reiseleiarane deira kom seg vel heim etter sine tre dagar i havgapet. Vi håpar elevane tar vare på kunnskapen, men viktigast dei gode minna frå turen.


Les om andre ekskursjonar for elevane ved HVS


Hovudsida