Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Kva skjer > Fagkege
turar - 3IBD til Madrid, mai 2008
Ekskursjon knytt til faget International Business
Development (IBD)
Madrid
03.06 – 06.06.08
3IBD
|
|
På ny har ein gjeng reiselystne og svært
spente elevar og reiseleiarar lagt ut på utlandstur. Elevane
med studieretningsfaget 3IBD (International Business Developement)
besøkte storbyen Madrid. Med seg som reiseleiarar hadde
dei konst.rektor Jan Magne Helland, faglærar Tormod Strand
og spansklærar Sigrid Hånes.
Her kjem elevane sitt reisebrev frå Spania:
Reisebrev frå Madrid.
Reiselyst og reisesjuke ...
Tysdag 3.juni 2008 - Klokka 08.30 stod elleve reisesjuke IBD-elevar
ved Haram VGS klar til å reise ut i den vide verda, nærmare
bestemt Madrid.
Turen til Vigra, Gardermoen og tilslutt Madrid gjekk som smurt.
På Gardermoen måtte vi vente litt, men ventetida
gjekk fort, med besøk på både taxfree og
kafé. Og før vi ante ordet av det var vi i Madrid!
Vi flyr!
|
Med andre ord; - vi er helt i skyene ...
Og det var ikkje ein uheldig situasjon, etter vår
smak!
|
Vel framme i Madrid, hoppa rektor og reiseleiar Jan Magne Helland
inn i den første taxien med kollegaer - og forlot alle
sine elevar åleine ved den spanske flyplassen. Dei elleve
elevane stod igjen utan å kunne eit einaste ord spansk.
Ved rein flaks kom vi alle trygt fram til hotellet, Petit Palace
Posado del Peine. (Eller var det den pure ungdommen sin internasjonale
kløkt som slo til?)
Etter å ha fått sjekka inn på hotellet og
organisert oss på romma, møtte vi opp utanfor hotellet
for å finne ein plass å ete. Sjølv om klokka
var åtte, varma sola framleis godt. Vi gjekk langt og
lenge og lengre enn langt, og prøvde fleire ulike restaurantstolar,
før vi endeleg fann ein restaurant vi var nokolunde fornøgde
med. Etter å ha ete middag gjekk vi alle til sengs etter
ein slitsam dag. Vi skulle også opp klokka fem dagen etter,
for å så ta taxi til fiske marknaden MercaMadrid.
MercaMadrid - verdas nest største
fiskemarknad
Onsdag 4.juni 2008 – Klokka fem onsdagsmorgon ringte alarmane
rundt om på hotellet vårt i Madrid - våre
alarmar. Sakte kraup trøtte tryne fram frå plassane
sine under lakena. Dagen for MercaMadrid-besøket var
komen.
MercaMadrid er verdas nest største fiskemarknad, etter
det i Tokyo. I tillegg til fiskemarknad, er MercaMadrid også
ein marknad for frukt og grønsaker. Sjølv om MercaMadrid
er mindre enn fiskemarknaden i Tokyo, er utvalet mykje større.
Etter ein kort taxitur frå hotellet og til marknaden,
stilte vi opp utanfor hovudbygget på MercaMadrid. Etter
å ha stått og trippa litt utanfor hovudbygget i
den litt kalde lufta, kom det ei vakt og lot oss kome inn i
resepsjonen. Etter ein halvtimes tid kom det inn ei livlig dame,
som viste seg å vere guiden våra. I tillegg til
dei "vakre kleda" vi hadde på oss frå
før av, fekk vi knall oransje refleksvestar og lekre
kvite posar over skoa. Eit lekkert syn, rett og slett.
Det første ho gjorde, var å vise oss miniatyrversjonen
av MercaMadrid. Ho fortalde oss diverse fakta om marknaden,
korleis det fungerer og kvar vi finn kva på området.
Etter dette gjekk vi vidare dit sjølve fiskemarknaden
var. Dette var ein stor hall fylt med fiskeboder på kvar
side av ”gata” vi gjekk på. Desse fiskebodene
var det ulike bedrifter rundt om i verda som representerte.
I det vi kom inn døra, fekk vi raskt mange siklande blikk
retta mot oss. Det gjekk raskt fram at fiskemarknaden skulle
bli snudd til ein kvinnemarknad i det vi entra bygget. Marknaden
var klart mannsdominert. Vi kunne telle rundt 25-30 kvinner
blant dei mange hundre menn, kanskje tusen, som jobba der. Sjølv
om plystring og tilrop frå dei ulike bodene stadig kom,
spesielt til dei to blonde jentene i gruppa våra, klarte
vi å konsentrere litt på det vi verkeleg var der
for, å studere marknaden og skaffe kontaktar.
Vi gjekk rundt og fekk sjå alt frå kjempetunfiskar
til hai og småkrabber. Eksotisk. I tillegg kom kontakten
vår Jose Maria, som kunne fortelje oss det meste om alt,
i tillegg til at han viste oss rundt om i dei ulike bodene.
Bodene i MercaMadrid
Her var det meste lekkert tillaga og presentert på
ein smakfull måte.
|
Miniatyr-versjonen av
MercaMadrid
viser at marknaden ikkje fell i kategorien "mini".
Eit fantastisk område! |
|
Så tidleg på morgonen
var dei
fleste i gong med å lage til
arrangementa for
varene sine. |
|
Det innebar også partering,
eit noko uvant syn
for oss! |
|
Her, ja!
Så stilige var vi,
der vi vandra rundt i hallane og tok inn inntrykk med
alle sansar. |
|
Etter dette gjekk 15 illeluktande elevar og lærarar for
å avlevere dei vakre vestane og posane, og hoppa i taxiar.
Tilbake på hotellet hoppa vi raskt ut av dei illeluktande
kleda våra og i dusjen. Nokon sprang på shopping,
medan andre tok ein avslappa kvil på hotellet.
Seinare på dagen gjekk ferda til La Vaguada, eit stort
kjøpesenter der mykje av fisken frå MercaMadrid
ender opp. Vi studerte dei ulike varene og korleis dei var pakka.
Alt var pakka slik at vara skulle vere kald og fersk, utan at
emballasjen skulle vere kald. Dette for at førsteinntrykket
til kjøparen av produktet ikkje skal øydeleggjast
av ein kald emballasje. Utvalet i fiskedisken var veldig stort,
mykje større enn det ein kan finner her i Noreg. Her
kunne ein finne blekksprut, reker i ulike størrelsar,
laks, tentaklar og alt mogleg anna ein kan finne i havet.
Etter dette var det tid for meir shopping. Dei aller fleste
av oss utnytta seg av dette tilbodet, men eit par elevar var
i Spania for å bli brun, og gjekk ut for å slikke
sol.
På kvelden var det klart for fellesmiddag på ein
irsk pub ved Plaza Major, like ved der vi budde. Her kunne kvar
enkelt av oss nyte eit herleg måltid og mykje moro. Etter
middagen gjekk fleire av oss ut i gatene og kikka på Madrid
sitt natteliv. Ein ganske innhaldsrik og interessant dag.
Innovasjon Norge
Torsdag 5.juni 2008 - Torsdags morgon måtte vi opp klokka
08.00 for å ta undergrunnen til Innovasjon Noreg si avdeling
i Madrid.
Her møtte vi Vincent Fleitcher som haldt foredrag om
kva Innovasjon Noreg gjer, og korleis dei kan hjelpe norske
bedrifter til å få kontaktar og kome seg inn på
den spanske marknaden.
Vincent fekk besøk frå nokon andre, så foredraget
varte ikkje så lenge som fyrst planlagt. Så dermed
hadde vi omtrent heile dagen til å gjere det vi ville.
Då valte dei fleste å slappe av og ta seg atter
ei shoppingrunde, medan nokon blei med lærarane til omvisning
på Real Madrid sin stadion, Santiago Bernabéu.
Fellesmiddag - ein positivt avslutning på dagen
Seinare på kvelden skulle vi samlast til ein felles middag.
Vi spurde hotellet etter ein bra plass. Ho viste det til oss
på kartet, og den sjølvutnemnte kartlesaren viste
vei bortover gatene. Vi fann til slutt fram til ein irsk pub,
der hadde dei veldig god mat. Utover kvelden vart puben veldig
full, og vi gjekk tilbake til den andre irske puben vi kjende,
og hotellet.
Smilande, velkledde og klare til middag.
Kven venter vi på? |
Siste dag i Madrid!
Fredag 6.juni 2008 - På fredag kom dagen for heimreise,
men først skulle Madrid opplevast på ulikt vis.
Nokre valte å reise på sightseeing med buss, mens
andre tok sightseeinga til fots.
Solelskarane søkte Retiro Parken
Nokre ønskte å oppleve Madrid, medan andre hadde,
som sagt tidlegare, ønske om å få farge.
Lise Alvestad, Adrian Håbet, Malin Berg, Veronica Sønderland
og Sandra Lorgen fekk kart i resepsjonen og la ut på den
lange reisa ...
Turen tok lang tid fordi jentene stoppa og kika i butikkar,
alle utanom Sandra og Adrian som var meir oppteken av å
få farge. Då vi endeleg kom fram til Retiro Parken,
var vi sjokka over kor lite folk der var, men etter litt forsto
vi at vi var på feil ende av parken! Sandra fiksa biffen
og skaffa eit nytt kart, no over parken. Dermed sette vi kursen
mot den mest sentrale delen, der det faktisk var lov å
sitje på graset. Der var mogleg å kjøpe mat
og drikke, og i tillegg kunne du leige deg ein båt og
ro ein tur ut på den store, vakre og gullfisk-fylte dammen.
Her likte vi oss, kjøpte oss is og vatn, og pleia brunfargen.
Klokka to var alle "mann" utslått av varmen
og vi sette kursen heim til hotellet på Plaza Major.
Retiro Parken sto til forventningane - her var det
vakkert!
|
Og solfylt!
|
Vi fekk i grunn i pose og sekk;
- sol og aukande brunfarge, sightseeing og shopping
...,
smilte denne halvdelen av 3IBD nøgde. |
Den andre halvdelen var heller ikkje misnøgde med sin
siste dag i Madrid:
Sightseeingtur
Dagen begynte tidlig for enkelte. "Enkelte" var dei
einaste som følgde timeplanen, sto opp tidlig klokka
8, og var klar for å dra på museum. Det viste seg
at vi ikkje skulle følge timeplanen, men aktivisere oss
sjølv. Etter litt dansing og knising på romma var
Silje, Inger Alice, Randi K, Randi L, og Malin L klare for ein
tur rundt om i Villa de Madrid. Vi sette oss ned på ein
frukost-kafé der vi vart møtt med tunge røykskyer
og aske på golvet. Det var ein smule uvant for sunne,
oppegåande sunnmøringar, men vi kom oss igjennom
og byrja den lange, varme spaserturen til slottet.
Vel framme ved slottet vart vi møtt av politimenn, soldatar,
og spankulerande hestar. Vi byrja å lure på kva
som var på ferde, så vi spurde ein politimann kva
som føregjekk. Han fortalde oss at "La Familia Real"
var på veg, dei skulle komme om ca 2 timar.
Kongepalasset.
Her var det klasse!
|
Jo, vi vart litt imponert over disse, men ...
|
Vi var ikkje interessert i å vente så lenge, så
vi sette oss like gjerne på en sightseeing-buss og tok
ein rundtur i Madrid. Bussturen var nydeleg, og litt av kvart
skjedde: - Vi vart filma og tatt bilde av av forbipasserande
bilar, vi vart overfalne av innpåslitne italienarar, og
Inger Alice og Randi vart angripen av lavthengande tre.
Kart er naudsynt reisefølgje i storbyen.
|
Likeins godt humør!
|
- for det smittar, nemleg!
|
Å, sjå kor stilig ,da ...
|
Når vi var framme ved slottet igjen, var kongen fortsatt
ikkje nokon stad å sjå, men etter litt avslapping
og soling på slottsplassen, køyrde det 26 svarte
bilar og motorsyklar med sotete vindu forbi, så vi var
ganske sikker på at det var Kong Juan Carlos Alfonso
Víctor María de Borbón y Borbón-Dos
Sicilias av Spania som køyrde rett forbi oss vanlige
sunnmøringar.
Etter en lang og innholdsrik dag bar det vidare til flyplassen,
vi tok eit fint farvel med Madrid og Spania, og lovte å
vere snart tilbake!
Véale pronto, Madrid.
Med strålande helsing frå elevane i 3IBD
Hovudsida
|
|
|