Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > 2BU på studietur til Ålesund fengsel, V2008.


2BU-elevane på studietur til Ålesund fengsel


Fengselssystemet er ukjend for dei fleste, og elevane ved 2BU på HVS var ikkje noko unnatak. Dei viste fint lite om kva arbeidet i eit fengsel går ut på, og var difor litt spende på kva denne dagen ville bringe. At studieturen skulle bli så interessant, var dei rett og slett ikkje budd på.
Eit lærerikt og inspirerande bedriftsbesøk vart altså gjennomført for elevane ved Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar fag veka etter eksamen.


- Ålesund fengsel -

Publisert 27.06.08.

Fengselsbetjentutdanning - 3 årig, med løn i studietida
Vi, altså 5 jenter frå 2BU og faglæraren vår May Sissel Osvik, vart møtt av ein imøtekommande, hyggeleg mann, nestleiaren i Ålesund fengsel. Han starta opp med å fortelle kva arbeidet til ein fengselsbetjent går ut på, og forklarte kva som må til for å bli det.

Opptakskrav
Du må:
- ha plettfritt rulleblad
- generell studiekompetanse
- naudsynte personlege eigenskapar og vere skikka til arbeidet

- vere 21 år eller eldre
- ha avtjent verneplikt eller ha godkjend fritak (gjeld menn)
- ha minst eit års praksis i frå yrkesslivet
- ha førerkort klasse B
- ha god fysisk helse og god vandel
- kunne bestå ein fysisk funksjonstest som inneheld uthald- og styrketest

Lønn
Fengselsbetjentutdanninga er 3-årig, og som student er du arbeidande med lønn i heile prosessen. Som aspirant og under opplæring tener du ca kr 220 000 i året, men etter som arbeidet er knytt til skift, kan lønna variere veldig, alt etter kva skift ein har.

Utdanning
1. år - det kanskje mest spennande året. Dette er det såkalla praksisåret. Året byrjar med eit lynkurs i Oslo på ca 1 månad. Her skal du tileigne deg så mykje kunnskap som mogleg på kort tid. Når kurset er ferdig, vert alle plassert rundt i ulike fengsel over heile landet. desse fengsla er godkjente som aspirantfengsel.

På utplasseringsplassen får du først ei opplæring som varer i 3-4 veker, der du skal lære deg å arbeide som ein fengselbetjent. Etter denne opplæringsperioden går du inn i ein vanleg turnus, der du får styre deg mykje sjølv.
Praksisåret er ikkje berre arbeid, men også ein dag med teori i veka der du studerer ulike fag.


2. år - det teoretiske året. Her studerer du mange forskjellige fag, som juss, HMS (helse-miljø og tryggleik), kriminologi m.m.

3. året - eit pliktår. Etter 2 år er du ferdig utdanna, men dette året må du rekne inn. Dette året er eit år der du kan bli plassert kor som helst i landet for å jobbe. Dei med familie og barn, vert prioritert først og teken litt hensyn til, ved tildeling av arbeidsplass. Ellers må dei fleste rekne med å arbeide langt heimefrå. igjen går du inn i ein vanleg turnus, med dagvakter, seinvakter og nattevakter.

Les meir om utdanninga (Kriminalomsorgen.no/utdanning) ...


Omvisning i Ålesund fengsel
Etterpå vart vi vist rundt i huset. Fengselet vart bygd i 1864, brann delvis ned under bybrannen i 1904 og vart gjennopna i 1906. Sidan då er det bygd om og modernisert fleire gongar. I dag har fengselet ordinær kapasitet på 27 plassar, og er eit fengsel med såkalla høgt sikkerheitsnivå, fekk vi vite.

Under omvisninga fekk vi først sjå mange av dei tinga som dei innsette hadde laga. Det var alt frå store klokker til små, og store, skulpturar, som vi meinte likna romvesen. Kreativt!

Vi fekk og kome opp i vaktrommet, der vi fekk snakke med resten av personalet.
På vegen rundt var vi innom ei vanleg celle. Rommet var lite, inneheldt ei enkel seng, eit skap, ein skrivepult, eit toalett, TV, radio og eit par hyller.
Vidare fekk vi og sjå ei sikkerheitscelle, som vart nytta dersom ein innsett ikkje lyd ordre - denne gjorde inntrykk. I denne cella måtte den innsette vere utan kle, og cella hadde berre eit toalett og ein madrass. Vi var nok litt stillare enn vanleg når vi gjekk vidare derifrå ...

Vi fekk og sjå innom kjøkenet, treningsrommet og luftegården. Til slutt fekk vi prøve ut rommet som vart nytta til besøkande, der fysisk kontakt ikkje er lovleg.
Under heile omvisningsrunden forklarte og fortalde nestleiaren oss om arbeidslivet innafor murane, og vi må alle seie det vart ein særs interessant dag for oss, og mange nye tankar er kome til oss. Vi takkar for ein lærerik dag!


Med vennleg helsing
elevar og læraren deira ved Vg2 BU, HVS 07/08.


Meir om:
Kriminalomsorg i Noreg
Ålesund fengsel



Hovudsida