Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar >
1HS og 2HS-HEA på studietur til Muritunet, V2008
1HS og 2HEA på studietur til Muritunet,
Valldal.
13.06.08.
Elevane ved Vg1 Helse- og sosialfag og Vg2 Helsearbeidarfag
tok rett før ferien turen inn til idylliske Valldal.
Målet var rehabiliteringssenteret Muritunet.
|
Elevane har gjennom skuleåret
arbeidd målretta med både helsefag, kommunikasjon
og yrkesorientering. Det var då eit naturleg val
for lærarane, både på Vg1 og Vg2,
å ønskje seg Muritunet som ekskursjonsmål
på tampen av skuleåret. |

- Valldal - |
I tillegg til å gje viktig fagleg påfyll, fekk dei
og høve til å gje elevane sine ein flott tur i
ein fantastisk natur. Med vergudane på si side, vart fredag
den 13. juni ein særs vellukka dag for denne gjengen.
Dei vart godt mottekne når dei kom fram. I tillegg til
opplysningar om korleis arbeidet artar seg ved institusjonen,
fekk dei innblikk i kva slags pasientgrupper som får høve
til å kome til Muritunet, og kva tilbodet til den enkelte
kan gå ut på. Dei fekk og snakke med pasientane,
delta på dagens møte og vere med under måltid.
Det sette dei alle stor pris på.
,
Muritunet - senter for meistring og rehabilitering
Muritunet sitt føremål er å eige og drive
institusjonen MURITUNET
– SENTER FOR MEISTRING OG REHABILITERING i Norddal
kommune. Ein skal der gje medisinsk behandling, opptrening og
opplysning som del av det totale helsetenestetilbodet i landsdelen,
samt anna verksemd som står i samanheng med dette.
Les
meir om tilbodet ved Muritunet i Valldal
Hovudsida
|
|
|