Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Skule næringsliv > Karriererettleiing for Vg1 Studiespesialisering


Yrkesorientering for elevar på Vg1 ST

Våren 2008



Foto: Z Spor


I løpet av våren 2008 har elevane ved Vg1 Studiespesialisering fått litt meir innblikk i yrkeslivet enn normalt for dette utdanningsprogrammet.
Som eit ledd i generell yrkesorientering, eller karriererettleiing, har elevane vore på bedriftsbesøk i nærmiljøet til skulen.
- Interessant, meinte elevane.

1ST-elevane har fått meir informasjon om dei ulike yrkesgrupper innan større bedrifter og eit vidare innblikk i kva arbeidet går ut på. Dei har og hatt fokus på korleis utdanning/skulefagleg kunnskap vert nytta direkte eller indirekte i yrkeslivet.


I løpet av vårmånadene har dei vore på to besøk, eit hos Rolls-Royce Marine AS, avd. Deck Machinery i Brattvåg og eit hos Aker Yards Brattvaag AS.

Aker Yards Brattvaag AS
- Vi vart mottekne i kantina, der vi fekk litt informasjon om programmet for dagen, fortel elevane. - Besøket skulle foregå i to delar, fyrst ei omvisning på den (nesten) ferdige båten MV Volstad Princess, seinare få høyre eit foredrag om Aker, og kva for jobbmoglegheitar som finst der.

Einar Myklebust var ein av dei tre som skulle guide oss rundt. Han fortalde at han sjølv hadde gått "allmenn" i si tid, og om utdanningsvegen hans fram til no. Han fortalde og litt om korleis båtane var då han starta opp, slik at vi skulle få eit lite bilete av dei forskjellane som er mellom datida og notida sine båtar.
Med hjelmar godt trykt ned på hovuda, gjekk vi ombord i den gedigne Volstad Princess, der vi fekk sjå både over og under dekk, inn i lugarar og styrehus, ned i maskinrommet og inn i utruleg flotte opphaldsrom. - Vanvittig kva dei får til! var eit av fleire imponerte utbrot undervegs. Det slo det oss at folk arbeidde hardt, og samtlege verka stolte over å få vise fram båten.

Tilbake i kantina fekk vi vite hva for jobbtilbod ei bedrift som Aker har, og kor internasjonalt miljøet på ein slik arbeidsplass er. Blant anna fekk oss høyre om korleis det har vore for folk frå andre land og kulturar å kome til ei bedrift som Aker Brattvaag AS.

- Vi fekk vite mykje vi ikkje hadde visst/tenkt over frå før, det er sikkert! Besøket var alt i alt både spennande og interessant, og vi takkar Aker for ein fin dag og nyttig informasjon, avsluttar elevane.

Meir om MV Volstad Princess:
Naming ceremony for MV Volstad Princess 31.05.08. ...
MV Volstad Princess - levert før tiden ...


Rolls-Royce Marine AS, avd. Deck Machinery, Brattvåg
Å vere på Rolls Royce i Brattvåg var og ein morosam og lærerik oppleving. Besøket vårt var knytt til eit tverrfagleg prosjekt for klassen, der spesielt samfunns-fag (internasjonale forhold) og engelsk (brukt som fellesspråk i yrkessamanheng) var viktige element. Og bedrifta hadde tydeleg tatt utgangspunkt i dette når dei planla møtet med oss. Det heile var organisert med ein informasjonsdel det vart snakka om bl.a. internasjonale forhold, Rolls Royce-konsernet generelt og om bedrifta her i Brattvåg spesielt. Deretter fortalde fleire arbeidarar om sine yrkesopplevingar i ei internasjonal bedrift. Utfordringa for oss var at det heile gjekk på engelsk.

- Det var kjempeinteressant å høyre på dei! Og alle landa dei hadde vore i! Blant anna var det interessant og morosamt å høyre innslaga som dei kom med, med tildels komiske situasjonar og tabber dei sjølve hadde gjort. Det meste som følge av språkvanskar og kulturforskjellar. Litt av kvart å leggje seg på minne der ...

- Etter denne turen skjønte eg kor viktig engelsk (språk) er for framtida vår, at det å kunne kommunisere på rett måte og respektere kulturen til andre folk, er eit av dei viktigaste tinga i eit internasjonalt arbeidsliv, reflekterte ein av elevane i oppsummeringa etterpå.


Yrkesorientering er viktig
Med desse små glimta inn i lokalt næringsliv, har nok horisonten til den enkelte utvida seg betrakteleg. Kanskje kan det spore til meir inspirasjon i skulekvardagen også, for det er langtfrå "bortkasta" det ein lærer på vegen framover ...

Lokalt næringsliv ynskjer seg flinke fagfolk, folk med vidsyn og fleksibilitet. Praksis i utdanninga er så absolutt eit pluss. Difor opnar dei dørene for ungdom på fleire måtar for å gje dei unge innblikk og vyer. Haram vidaregåande skule set stor pris på dette, då vi ynskjer å gje ungdommen den naudsynte ballasten for å lukkast i livet.

Les også Klar for yrkeslivet! (Av NRK-journalist Ragnhild Osnes Olsen)


Hovudsida