Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > 2BI-ekskursjone til Tafjordfjella, hausten 2008


Flott ekskursjon i fjellet for 2BI i haust

16. - 18.09.08.

2BI gjennomførte ein gnistrande flott hausttur til Tafjordfjella i september. Med base på Kaldhussetra, og med gymlærar Stein Ravnestad som aktiv kjendmann i området, vart det tre uforglemmelege dagar for 2BI-gjengen.



- Biologi 1- gjengen 2008/2009 -

Dette var den flotte gjengen som var på ekskursjon
i lag med biologilærar Hanne Ski (fotograf), gymlærar Stein Ravnestad
og hjelpelærar Helene Austbø Seth.


- Kaldhussetra -

- Denne fjellstua tilhøyrer Sunnmøre turistforening og ligg idyllisk til
høgt oppe i Tafjordfjella, nesten ved enden av den køyrbare vegen.
Dette var basen vår i dei 3 dagane, og feltarbeidet vart gjort nærast "utanfor stueveggen" ..., fortel dei nøgde biologi-elevane.



Etterarbeid på verandaen på Kaldhussetra



- Tafjordfjella - ei vakker fjellperle -

Men denne utsikta over fjella er ikkje frå verandaen på Kaldhusseter,
den er frå ein heilt annan veranda - nemleg Stein Ravnestad sin!



Som hytteeigar, kjendmann og gentleman, serverte Stein sine to kollegaer, Hanne og Helene, ovnsbakt laks på hytta si.

Ein verkeleg flott pause med utsikt mot ekskursjonslokalitetane.





Men det var ikkje berre feltarbeid.
Innlagt i opplegget var flotte turar opp i fjellet, inkludert kveldstur
med grilling. Elevane fikk teoretiske og praktiske oppgåver
undervegs, og den beste gruppa vart kåra dagen etter.



Som du ser, grilling på ekte fjellfolkvis.

Stemninga var god, knisfaktoren høg,
som seg hør og bør på ein ekskursjon!






Ja, vi hadde det såååå koseleg!


Og når kvelden kom, og studiene og oppgåvene unnagjort,
var det meir energi å hente!


Kveldskosen var minnerik,

med hyggeleg grilling på tunet, spel, vitsing
og moro til langt på natt.



- Tok nokon bilete med "nattinnstilling", forklarer fotografen.
Dei blei ikkje heilt klare då, men stemningsfulle! Ikkje sant :-)





Den siste dagen.


Ida, Cathrine og Pernille vant konkurransen.
Premien var ei sjokoladekule (frå ein boks Helene hadde med seg frå England) og eit eple til kvar av dei
:-)


Ny ekskursjon!
- Jo, du, Kaldhussetra står allereie på ønskelista for neste biologi1-ekskursjon. Søknad er herved innlagt, smilte lærargruppa då dei overleverte rekninga, og materialet til heimesida.

Vi har forståing for det ...



Hovudsida