Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar >
Bedriftsbesøk for Vg1 Elektro desember 2008
Bedriftsbesøk for elektro-elevane
ved HVS
Desember 2008
Elevane ved Vg1 Elektrofag besøkte bedriftene
Spilka Industrier og Laader Berg på Emblem i desember
2008. Hovedmålet med besøket var å få
sjå automatiserte styringssystemer for industrimaskiner
og robotar som vart brukt i produksjonen.
Samtidig var det også interessant å få sjå
kva som vart produsert på den enkelte bedrift. HVS ser
det som viktig at dei kommande elektrikarane herfrå har
god kjennskap til kva ulike bedriftene i området står
for.
AS Spilka Industri
produserer vindushengsler i forskjellige storleikar.
Med desse hengslene kan vinduet dreiast 180 grader, slik
at utsida av vinduet kan vaskast innanfrå. Heilt
vanleg, seier ein i dag, men ein revolusjon for husmødre
då oppfinninga kom på marknaden! "Husmorvinduet"
var eit faktum og tok både Noreg, og utlandet, med
storm. |
|
Les
meir om historikken til AS Spilka Industri ...
Laader Berg
er ein heilt anna type bedrift som produserer maskiner
som framstiller skumplast for bruk i bl.a. madrassar og som
polstring i møbler og bilsete Produktet deira vert levert
verda over.
Selskapet vart etablert av den norske ingeniøren og investoren,
Mr. Laader Berg. I 1985 mottok han "the Urethanes Group
Medal", ein påskjønning for den nøkkelrolla
han hadde i å utvikle den polyurethane industrien.
MAXFOAM er i dag eit verdskjend produkt.
Les
meir om den interessante bedrifta ...
Elevar og lærarar vart godt mottekne på begge plassar,
vart vist rundt og fikk innblikk i både bedriftshistorikk,
produksjonsgang og meir elektriske finnesser.
- Elevar saman med omvisar Kjell Kalandsvik -
|
- Elevane ser her på ein vibrasjonssorterar
for smådelar -
|
- Bilete viser eit roterande indeksbord for
utføring av
forskjellige arbeidsoperasjonar -
|
- Lærerikt og augeopnande for elevane!, smilte
fornøgde lærarar etter turen, og er svært
glade for at bedriftene stiller opp og tar i mot elevane på
en måten dei gjer.
Sjå andre
bedriftsbesøk for Vg1 Elektrofag (STX Europe, avd. Søviknes)
!
Sjå tredje bedriftsbesøk
for Vg1 Elektrofag (Brattvåg Elektri AS) !
Hovudsida
|
|
|