Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > Bedriftsbesøk for Vg1 Elektro februar 2009




Vg1 Elektro på nytt besøk

Brattvåg Elektro AS



Elevane ved Vg1 Elektrofag har vore på nytt bedriftsbesøk. Denne gongen var det Brattvåg Elektro AS, og blant anna automasjonsavdelinga deira, som sto for tur.



Februar 2009

Brattvåg Elektro AS er ein totalleverandør innan elektro- og svakstraumstenester. Bedrifta vart etablert i 1933, har i dag 115 ansatte, selskapet inngår som ein del av UMOE-gruppen og har hovudkontoret sitt i Brattvåg.
Sidan etableringa i 1933 har bedrifta utvikla seg teknologisk og marknadsmessig - heile tida basert på kunden sine behov, les ein på heimesida deira.

For elevane våre vil dette vere ein særs interessant, framtidig arbeidsplass som har mykje å by på, og det var naturleg å sette ho høgt på ønskelista for bedriftsbesøk. Under omvinsninga i bedrifta, fikk elevane våre både høyre og sjå arbeidet i praksis. Det var mykje å lære!
Og at det her fanst "snacks" for elektro-spirer - ingen tvil, berre sjå på bileta!


Besøk ved Brattvåg Elektro a/s


Omvisning i automasjonsavdelinga,
med kyndig og livleg formidling ved arbeidsleiar Jan Johansen.


Då var det berre å høyre godt etter!
Og, som Steffen og Kenneth gjer, studere nøye,
for her er detaljar viktige ...


Med andre ord, elektro-gjengen følger nøye med på kva som blir sagt.
Dette veit dei at dei får bruk for seinare!



- Ein softstartar -


- Eit startarskap -


- Slik ser det ut før komponentane er montert og leiarane er lagt -


- Slik ser det ut når det er ferdig, styringa til eit hydralikaggregat -

Igjen ein interessant ute-dag for elevane ved Vg1 Elektrofag!

Faglærarane, Solveig Hersvik og Torgeir Fyllingsnes, takkar for god mottaking og flott omvisning.


Sjå første bedriftsbesøk for Vg1 Elektrofag (Spilka Industrier og Laader Berg) !
Sjå andre bedriftsbesøk for Vg1 Elektrofag (STX Europe, avd. Søviknes) !


Hovudsida