Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > Motivasjonskurs 2009 - del 2 England


Til England
for å lære meir om ingeniørfaget.


Denne veka er det vinterferie for skuleelevane i Møre og Romsdal.
For dei fleste betyr vel dette skigåing eller lange rolege dagar i regnveret, men for nokre av elevane ved Haram vidaregåande skule vert vinterferien brukt til noko heilt anna – dei er på tur til England for å lære meir om ingeniørfaget.


- Kursdeltakarar og reiseleiarar fotografert i Stratford -
 

Søndag 15. - laurdag 21.februar 2009.
Sist søndag møttast ein forventningsfull gjeng på 8 elevar frå Haram vidaregåande skule til bussavgang frå Brattvåg. Reisemålet var England. Desse 8 var dei heldige som vart utplukka til å vere med på Motivasjonskurs 2009 sitt opplegg i år.
Saman med ei gruppe frå Ulstein vgs. venta no ei veke med opplevingar, finansiert av Rolls-Royce, Ulstein, STX Europe og NCE Maritime. Turen nedover gjekk fint, og seint på kveld var vi framme på The Angel Hotel i Leamington Spa, ein times køyring nordvest for Heathrow.


Utfordringar
Måndag rusla vi oss til kurslokala til The Smallpeice Trust, som er kursarrangøren. Fyrste oppgåva var å lage til eit vegesystem for ris. Vi fekk utdelt forskjellig materiale, deretter var det berre å sette i gong.


Fyrste praktiske oppgåve - vegesystem for ris!

På ettermiddagen vart det besøk på Warwick Castle, eit stemningsfullt museum verd eit besøk!


- Gruppa er her samla utanfor Warwick Castle -


- Ole Sivert og Ole Petter studerer steinkastaren -

Sjå gjerne meir på Warwick Castle si heimeside...


Tysdag vart vi inndelte etter personlegdomstesten vi tok dagen før. Oppgåva denne dagen var ei caseoppgåve der vi skulle starte vinbar i Spania. Vi måtte ta omsyn til ei lang rekke faktorar, til dømes løn til dei tilsette, inn- og ut-prisar på vinen og forventa omsetjing. Undervegs i arbeidet kom i tillegg kurshaldar Louise Duncan med stadig nye utfordringar vi måtte ta omsyn til.

”El Fuente” vart den beste bedrifta, og dei 4 stolte ”gründerane” fekk applaus og sjokolade i premie.


Bedriftsbesøk gjev innsikt
På ettermiddag var vi på besøk til bilfabrikken til Landrover. Her var det bilar for mange millionar pund – det var imponerande å få innblikk i logistikken som skulle til for å lage kvar enkelt bil på bestilling frå kunde. Vi fekk høyre om spesialbilar både til David Beckham og kongefamilien i England. David Beckham sin bil var utstyrt med stor TV i taket til borna, eller skulle den brukast som spegel til kona?

På kvelden var det Champions League, og ein god del av oss var nok kanskje mest interessert i å få med ein fotballkamp, men kursarrangøren hadde bestilt teaterbillettar til eit stykke som heitte Don John.

Don John
Kneehigh Theatre in association with the Royal Shakespeare Company.



Copyright RSC

Vi var litt skeptiske, men teaterframsyninga var faktisk bra. Dette var ei moderne framstilling av Don Juan, med god musikk og svært dyktige skodespelarar.
Klikk på bilete, så får du vite kva stykket handla om! Torsdag er det Shakespeare som ventar, det spørst om alle synest at dette vert like spennande, men ei oppleving vert det nok å kome til Stratford, som er fødebyen til Shakespare.


God mat i England !!!
Kvar dag startar med English Breakfast og vert avslutta med trerettars middag på hotellet. Ingen ting å utsetje på maten og komforten på hotellet, nei. Med eit mogleg unntak av nokre sprekingar, som innimellom kjem seg på ut joggetur, må nok heile gruppa på salatkur neste veke.


- God mat og drikke på The Angel Hotel -


- Standard lunsj på Smallpeice Trust, ein smakfull sak -

Bilproduksjon og tidspress
Onsdag føremiddag vart brukt til bilbygging. Mange kreative køyretøy vart bygt. Leiar for dette arbeidet, Toulolope Olajide stressa med tidene, men klokka 12.35 var vi alle klare til prøvekøyring. Bilane var bygde av plast og treverk, med motor, akslingar og gearsystem. Dessverre fekk ein av dei fire bilane startproblem, men dei andre klarte testane med glans.


- Hege og Ole Petter utfører karosseriarbeid på bilen sin,
som skulle vise seg å bli kåra til vinnarbil -






Her er køyre-testen!

Kjempespennande for alle lag,
ja, når vi ser bort frå laget
med startproblem ...

Det vart eit likt løp,
men til slutt kunne eigarane av bilen ”Monopoly” smile,
den vart kåra til vinnar.


Siste, krevjande oppgåve tok fleire dagar

Torsdag var det nye grupper og ei siste større prosjektoppgåve; - Teikne og bygge vindmøller! Konkurransen mellom gruppene var viktig i denne samanhengen, og vinnaren skulle kårast av ein jury ut frå kriteria:
- Design/estetikk
- Stabilitet
- Kostnad
- Effekt
- Presentasjon
- Samarbeid

Arbeidet og presentasjonen var krevjande, men alle gruppene kom fint i mål og juryen fekk ei tøff oppgåve! Etter nokre spanande minutt var det klart at «Norwind», gruppa med Ole-Sivert, Vegard, Ingeborg og Emil, vann konkurransen.

Djup konsentrasjon i prosessen


- planlegge og teikne -


- byggje -


- og presentere -

Og den gruppa du ser over gikk faktisk av med sigeren:


Vinnerteamet med Ole-Sivert, Ingeborg, Vegard og Emil
Flott innsats!

Bygginga av vindmøllene var eit stort prosjekt som tok mesteparten av tida både torsdag og fredag. Før presentasjonsdelen fekk elevane ei forelsning av Louise Duncan om presentasjon som var svært lærerik og nyttig. Noko å ta med seg vidare i skulearbeidet heime (eksamensnyttig!).


Stratford om Avon
Torsdag ettermiddag (etter lunsj) fekk elevane ei fin pause/variasjon i arbeidet med vindmøllene: Busstur til Stratford upon Avon, heimebyen til William Shakespeare (fødd 1564, død 1623).

Her vitja vi fødestaden/huset til den store forfattaren. Huset er no omgjort til museum med engasjerte og kunnskapsrike guidar som fortalde om Shakespeares barndom. Vår guide var så interessert i Noreg at han hadde vanskeleg for å konsentrere seg om sitt eigentlege tema ...



- Alle samla utanfor Shakespeare sin fødestad -



Om kvelden var vi på The Royal Shakespeare Centre og såg stykket «The Tempest» (Stormen). Litt vanskeleg å få med seg detaljane i handlinga, men framsyninga er noko vi vil hugse likevel.


- Klare for Shakespeare og "Stormen" -


Heftig og fargerikt - engelsk teater på sitt beste!

"The Tempest"
directed by Janice Honeyman


Copyright RSC

Vi fekk også litt tid til shopping i Stratford. Forøvrig ein vakker og triveleg by på storleik med Ålesund.


Ein roleg avslutning på eit flott opphald
Laurdag morgon var vi ferdig med det omfattande programmet, og fekk nyte den engelske frukosten (egg, bacon, bønner, pølser, osv) for siste gong i denne samanhengen. Heimreisa gjekk fint utan problem. Måtte vente litt på ÅFK-spelarane som kom frå La Manga på Gardermoen ...

Elevane var samde om at det hadde vore ein interessant, lærerik og morosam tur. Leiarane på turen, Bjørnar Sætreås frå Ulstein vgs, Arne Vågnes frå Haram vgs og Jan Ove Hurlen som representerte bedriftene, var også godt fornøgde både med det faglege og sosiale innhaldet på turen. Og ikkje minst: dei var veldig godt fornøgde med elevane!

Mvh
reiseleiarane
Bjørnar Sætreås og Arne Vågnes


Meir om:
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning
Hovudsida