Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar >
EB2 - Praksis i Brussel våren 2009 Utplassering
ved
Vest-Norges Brüsselkontor
08.
-11. mars 2009
Søndag den 8. mars 2009 sette 4 spente ungdommar
frå Haram vidaregåande skule seg på flyet
frå Vigra til Gardermoen.
Dei 4 var 3ST-elevane Kristoffer Engeseth, Jardar Bruun Teigen,
Vegard Nerås Krogsæter og Amina Mercic. Grunnen
til at vi var spente, var at vi skulle vere «prøvekaninar»
for eit nytt utplasseringsprosjekt ved Vest-Noreg sitt Brüsselkontor
(VNB). Eit prosjekt som viste seg å fungere svært
godt!
Ein skjerpande start
Etter å ha landa på Gardermoen gjekk ferden
raskt vidare til København, og til slutt Brussel.
Frå flyplassen utanfor Brüssel, tok vi taxi
inn til hotellet vårt. Guttorm Ulla og rektor Jan
Magne Helland var med som reiseleiarar/observatørar.
Guttorm representerte Haram kommune og NHO. Jan Magne,
naturleg nok, Haram vidaregåande skule.
Etter at vi hadde installert oss på hotellet vårt,
Catalonia Forum, var det på tide å få
i seg litt mat etter ein dag med reising.
Etter eit godt måltid på ein av dei mange
restaurantane i Brüssel, fekk vi ein dårleg
start, økonomisk sett. |

Eit spent reisefølge
kjem endeleg fram til Brussel |
Rekninga var langt høgare enn den burde ha vore og vi
skjønte straks at vi hadde blitt lurt. Dette var sjølvsagt
forsmedeleg for oss sunnmøringar (...), men det var lite
vi kunne gjere, og vi reiste tilbake til hotellet.
Ein
real arbeidsdag
Måndag 9. mars var vi klare for første arbeidsdag
ved Vest-Noreg sitt Brüsselkontor. I nye dressar møtte
vi traineen John Tveit utanfor hotellet. Han viste veg fram
til kontoret, og etter ein liten halvtime var vi framme ved
«Norway House». «Norway house»
ligg rett ved kommisjonsbygninga og rådsbygninga i EU-distriktet
i Brüssel.
I EU-parlamentet
Fire engasjerte HVS-elevar poserer inne i Europa-Parlamentet.
F.v: Kristoffer Engeseth, Amina Merzic,
Jardar Bruun Teigen og Vegard Nerås Krogsæter.
|
Inne i «Norway house» møtte vi direktøren
for Vest-Norges Brüsselkontor, Merete Mikkelsen. Saman
med ho hadde vi eit måndagsmøte, der ho orienterte
oss om kva vi skulle gjere gjennom opphaldet vårt i Brüssel,
ho gav og litt informasjon om kontoret og kva oppgåvene
til kontoret er. Vi prata og litt om forventningar vi hadde
til opphaldet. Etter dette starta vi på arbeidet vårt
med å finne aktuelle saker til nyheitsbrev som kontoret
dagleg legg ut på nettet.
Etter å ha jobba med dette ei stund fekk vi vere med som
observatørar på eit møte. Møtet vart
enkelt og greitt kalla: Gjensidig orienteringsmøte
for EU si grønnbok om det transeuropeiske transportnettverket
(TEN-T) hos den Norske EU-delegasjonen (!)
Som observatørar for dette møtet fekk vi oppleve
byråkrati i praksis, noko ein spesielt merka på
språket. EU-kvartalet
Etter eit interessant møte skulle vi få ei omvising
i EU-kvartalet. Vi fekk sjå Europaparlamentet frå
innsida ved å vere med på ein audio/visuell-tur.
Her fekk vi vere med inn i sjølve parlamentsalen, som
forøvrig er verdas største. Dette var særs
spanande, sjølv om informasjonen vi fekk gjennom den
audio/visuelle-omvisinga var rimeleg overflatisk.
Audio/visuell presentasjonen i Europa-Parlamentet
|
Etter å ha fått omvising på parlamentet var
vi innom EU sitt informasjonssenter. Her fekk vi med oss eit
utal brosjyrar og hefter om ulike tema i EU. Besøket
hos informasjonssenteret vart avslutta med ein uformell flagg-quiz.
Som avslutning av omvisinga i EU-kvartalet var vi raskt innom
Rådsbygninga og såg på det omdiskuterte tsjekkiske
kunstverket som er utstilt der. Kommisjonen besøkte vi
ikkje denne dagen, sidan vi skulle ned å sjå på
den neste dag.
Etter å ha sett litt på kunstverket i rådet
var arbeidsdagen slutt. Vi hoppa på metroen og sette kursen
mot hotellet.
Vi slappa av på hotellet ein times tid, og for så
ut for å ete middag. Vi gjorde det til ein billigare affære
denne gongen. Sidan vi alle saman var trøtte etter ein
lang dag, drog vi tidleg tilbake til hotellet.
Ny dag, nye utfordringar!
Tysdag 10. mars byrja vi dagen med ein svært god frukost
på hotellet. Etter frukosten var ferdig gjorde vi oss
klar for ein ny arbeidsdag og sette oss etterkvart på
trikken. 45 minutt seinare var vi framme ved kontoret. Der venta
Jon og Merete på oss med nye arbeidsoppgåver og
nye utfordringar. Merete fortalte at vi skulle få delta
passivt på eit internasjonalt møte
denne dagen.
Sofistikerte byråkratar klare for internasjonalt
møte!
|
Noko vi merka oss var måten dei førebudde seg til
møta dei skulle på. Vi fekk blant anna utdelt forskjellege
ark med bakgrunnsinformasjon for møtet, noko som var
svært nyttig. På den måten var det mykje lettare
å følgje med, og å delta, på møta.
Ei nyttig erfaring for oss som vanlegvis møter opp ubudd
til alt frå undervisning til russemøter... Så
etter ei god stund med førebuing var vi klar.
Sjølve møtet var svært interessant. Det
var det første internasjonale møtet som nokon
frå gruppa nokon gong hadde delteke på, med aktørar
frå blant anna Spania, Polen, England og Danmark. Utsendingane
frå dei ulike landa hadde danna ei gruppe som skulle arrangere
ein konferanse for blant anna miljø og demografi, hovudsakleg
innanfor Europa. Heile gruppa hadde stort utbytte av dette møtet.
Vi fekk oppleve korleis internasjonale aktørar samarbeider
på tvers av landegrensene og sjølve temaet var
interessant.
Då vi kom heim frå møtet fekk vi våre
første konkrete arbeidsoppgåvene
på Vest-Norges Brüsselkontor.Vi skulle skrive ein
rask introduksjon til to av sam-

Ein fokusert Kristoffer jobbar
for EU-sitt ve og vel ...
|
|
arbeidskommunene til kontoret, nemleg Ålesund
og Nordal, samt fylket Møre og Romsdal. Denne informasjonen
skulle seinare leggjast ut på heimesida deira, og
måtte sjølvsagt vere på både
norsk og engelsk.
Ei grei utfordring for fire etterkvart verdsvante HVS-elevar.
I kjend stil rakk vi derimot ikkje å bli
ferdig med jobben, og vi blei einige om å gjere
resten ferdig dagen etter.
No skulle vi nemleg få ei innføring i EU
sine institusjonar frå Kari Bjørke, som jobbar
hjå den Europeiske Kommisjonen. Ein artig detalj
var at Kari faktisk var i slekt med Vegard, noko som medførte
ein heil del small-talk for globetrotteren frå Krogsætra. |
Etter ei forholdsvis lang innføring i enda meir byråkrat-sjargong
tok Kari oss med på ei omvising i Europakommisjonen.
Nok ein gong merka vi oss det strenge fokuset på tryggleik,
sidan vi måtte gjennom enda ein tryggleikskontroll.
Heldigvis slapp alle inn i kunnskapen si vugge og første
stopp i kommisjonen var presserommet til Europakommisjonen.
Dette var eit av høgdepunkta i turen. Vi fekk på
nær hald sjå den store salen som dei fleste hadde
sett på tv, og etter mykje "om og men" samla
vi nok mot til å gå opp til talarstolane.
Amina og Jardar hadde mykje å seie til dei
"frammøtte" !!!
|
Talarstolane blei raskt åstad for mykje fjas, og sjølvsagt
mykje bilete. Etter at minnekortet på kameraet var fullt,
såg vi oss litt rundt i bygget, før vi avslutta
arbeidsdagen. Vi takka Kari for omvisinga og sette kursen for
Brüssel-sentrum og belgiske vaflar. Sjølv om vi
fort fann ut at dress og belgiske vaflar med sylte frå
gatebod var ein dårleg kombinasjon, var vi særs
nøgd.
Sidan det byrja å bli seint og alle i gruppa var sliten
og i lite humør for shopping, tok det ikkje lang tid
før vi bestemte oss for å ta ein taxi tilbake til
hotellet.
Viktig å bli kjend med Brüssel sitt restaurantliv
Etter eit par timar på hotellrommet var guttaboys (og
Amina) nok ein gong klare for nye eventyr. Vi møtte den
eldre garde (rektor Jan Magne Helland og Guttorm Ulla), samt
Merete og Jon, på Grand Place, før utflukten gjekk
vidare til ein lokal restaurant som Merete visste om. På
veg til restauranten merka Guttorm seg korleis vi eigentleg
såg ut, utan dress og lakksko.
Fellesmiddag på lokal restaurant i Brüssel.
Rundt bordet frå venstre:
Guttorm Ulla, Merete Mikkelsen, Amina, Vegard, Kristoffer,
Jardar og Jon Tveit.
Rektor Jan Magne Helland er bak kamera.
|
Måltidet på restauranten var fantastisk. Dessutan
kom enda eit av høgdepunkta på turen til under
middagen, nemleg Guttorm sin episke kommentar om engelsken til
Petter Solberg; «It's not the fart that kills, it's
the smell». Denne kommentaren vakte stor begeistring
og gjorde heile følgjet klare for ein pub-runde på
stampuben til Jon. Vi må kommentere; - ein pub som hadde
heile 2000 ølsortar (!)
Siste dag i Brüssel
Onsdag 11. mars var siste dagen i Brüssel. Dette tykte
heile gjengen at var svært vemodig, sidan vi treivst særs
godt. Dagen byrja på lik linje med dei førre dagane,
med ein god frukost og trikk/metro til kontoret. Det første
på agendaen denne flotte vårdagen, var eit møte/forelesning
på kontora til NHO. I likskap med dei andre møta
vi hadde delteke på, var dette òg svært lærerikt.
Vi fekk mykje informasjon om både NHO og Noreg si rolle
i EU.
Etter møtet arbeida vi vidare med oppgåvene. Denne
dagen jobba vi, i motsetning til dagen før, i kamp mot
klokka. Produktet skulle vere ferdig før vi drog heim.
Arbeidet blei likevel avbroten av enda eit møte. Denne
gongen var det eit møte med to norske traaineear i Brüssel.
Dei fortalte litt om EU og om korleis det var å vere trainee
i Brüssel, noko som tydelegvis ikkje var nokon dans på
roser.
Møtet med traineeane vart avslutta med ein svært
høgtidleg quiz, der Jardar trakk det lengste strået.
Han vann både respekt og ein samle-CD med Edward Grieg,
som traineeane hadde knabba frå den norske delegasjonen.
Når Jardar omsider kom seg ned på landjorda igjen,
venta arbeidet med stoff til heimesida, samt ei ny oppgåve
om å skrive nyhendebrev. Til denne oppgåva skulle
vi bruket stoffet som vi fann første dagen på kontoret.
Heldigvis rakk vi å gjere ferdig oppgåvene, og Merete
var fornøgd med resultatet.
No var klokka plutseleg 1600, og tida for avreise var komen.
Etter eit tårevått farvel med Jon og Merete, var
vi på veg mot flyplassen. Sjølv om alle var trøtte
og slitne, gjekk reisa heim fint (med unntak av ein svært
pratsom kvinneleg taxisjåfør frå Vigra til
Brattvågen).
Eg og Kristoffer vil, på vegne av gruppa, takke HVS og
Vest-Norges Brüsselkontor for eit fantastisk opphald i
Brüssel. Vi tykkjer at opplegget var svært lærerikt,
kjekt og interessant. Turen blir rett og slett eit minne for
livet. Merete og Jon var svært dyktige, og vi følte
at vi fekk ei god innføring i korleis dei arbeidde på
Vest-Norge sitt Brüsselkontor. Absolutt noko å satse
vidare på!
Med vennleg helsing
Jardar og Kristoffer Lenker:
Kva
er VNB? VNB
- Vest-Norges Brüsselkontor Kronprinsen
opna Vest-Norges "nye" Brüsselkontor
Hovudsida
|
|
|