Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Utviklingsarbeid + Skule-næringsliv > Prosjekt EuroShip - Arbeidsutveklsing våren 2009


Prosjekt EuroShip III

Arbeidsutveklsing Noreg - Italia våren 2009



Istituto Tecnico Industriale “Arturo Malignani”


Veke 9 - 10, våren 2009

Heile 3TAF (Vg3 Tekniske- og allmenne fag), ei gruppe på ti elevar, var på arbeidsutvekling i Nord-Italia i høve Prosjekt EuroShip, der lærlingar frå Noreg og Italia vert utveksla. I heile to veker fekk desse TAF-elevane oppleve korleis det italienske utdanningssystemet fungerer for utdanning knytt til ulike typar arbeid innan italiensk, maritim industriverksemd.

Våren 2009 er det tredje gong Haram vidaregåande skule gjennomfører dette samarbeidsprosjektet. Dei involverte lærarane er godt nøgde med opplegget og begynner å bli godt kjende i Udine-regionen. Utvekslingsperioden er av praktiske grunnar korta ned til høvelege to veker, og i år er det elevane frå HVS som først skal ut å reise, med avreisedag første søndag i vinterferieveka (veke 9).

Vil du vite meir om prosjektet
og historikken kan du sjå innom Prosjekt Euroship I, II og III.
I tillegg til elev-/lærlingutvekslinga, kombinerer vi prosjektet med opplæring av faglærarar og bedriftskontakter. Andre veka i utvekslingsperioden (veke 10) vil vi difor ha med oss ein delegasjon av faglærarar og representantar frå lokalt næringsliv ned til Italia. Målet er å knyte kontakter og auke kunnskapsnivået om korleis utdannings-/opplæringssystemet i Italia er bygd opp og fungerer.



Reisefeber ved HVS

Elevane har sett fram til turen og veit dei skal få lære mykje om ein annan kultur, både sosialt og på arbeid, sjølv om dei ikkje heilt veit kva dei skal forvente av opphaldet. Men dei har forstått utfrå samtalar med tidlegare utvekslingselevar, at opplegget for lærlingar er annleis enn her i Noreg.

- I Italia går det meir ut på å observere i opplæringsfasen, fortel dei. - Det praktiske arbeidet får italienarane opplæring i først når dei kjem i jobb som fagarbeidarar.

Våre TAF-elevar har allereie vore i arbeid i sine heimlege bedrifter i snart tre år, og veit kva dei skal samanlikne med. - Spennande blir det!

Les heile artikkelen i Haramsnytt, rett før avreisedagen ...


Eit lite bilet-resyme frå dei to vekene i Italia



Jernbanestasjoenen i Udine,
klare for tur til Trieste.



James Joyce var også innom Trieste ...


Pizzalunsj - kvar kvinne og mann sin pizza!



Pizzaen fortært og gruppa klar for tur til Muggia.


Karnevalopptog i Muggia


Mykje orginalt å sjå for
oss nordmenn, som ikkje har
same karnevaltradisjon som italienarar
.



Eh ...
Såg du det ?

Sjarmerande søt, og ...



... ho kika på meg !!!

Historien om Harry Potter har gjort suksess i Italia (også der),
og, ja, denne var fryktinngytande, spesielt når han kom nær!


Grøss, gru ..


og humør, om kvarandre.

Fornøyeleg!



Så vart vi jo inspirert,


og i kjempeslag ut dagen.


Istituto Tecnico Industriale “Arturo Malignani”



Samarbeidspartnaren vår, Istituto Tecnico Industriale "A. Malignani", er ein stor og innhaldsrik, teknisk vidaregåande skule, lokalisert i Udine i nord-Italia.
Vi vart godt motekne, og vist rundt på det store skuleområdet.

Utvekslingsgruppa frå Noreg,
med rektor ved Istituto Tecnico Industriale "A. Malignani" i midten



Maskinverkstaden ved skulen.


Og her er gjengen kommer over til flyavdelinga ved skulen!


Det vart ein merkbar stigning i stemninga
blant dei norske ungdommane
...


Stas å få prøvesitte,


og studere detaljer som her.

Den store gutedraumen ...



Caterina Gasparini, er vår kontakt i Italia.
Alltid positiv og imøtekommande, og svært dyktig.




Her er gjengen foreviga den første dagen, under lunsj ved skulen.


Det var og ein del arbeid!

Magnus og Michael i aksjon ved INDE, opplæringsavdelinga
innan Daniele-konsernet som stilte med utplasseringsplassar
for oss under opphaldet.

Vi har diverre ikkje mange bilete frå den praktiske delen av turen
.


I løpet av opphaldet var det sjølvsagt lagt inn utflukter, og Venezia var eit naturleg, og behageleg, reisemål.

- Venezia -




Lene på sjøsida av Markusplassen.



- Solbrilletrend i Venezia -


... billig var dei ikkje ...

Ein ting var sikkert, i Venezia vandrar ein rundt, dersom ein er ekte turist. Og det gjorde vi, med ass.rektor Garshol som eminent guide. Elevane følte dei såg det meste - men det gjorde dei sjølvsagt ikkje. Venezia er verd fleire besøk!


Den 4. brua over Canal Grande.





Rialto, med utsyn over den berømte Canal Grande


Markusplassen

Og elles nytte vi livet og alt kva ein solrik,
avslappande dag hadde å by på.


Opphaldet varte i 2 veker. Siste veka kom delegasjonen med bedrifts-representantar og faglærarar frå Noreg nedover, og slutta seg til. Dei fekk og godt innblikk i kva skulen kunne tilby, og seinare sjå korleis dei ulike samarbeids-bedriftene i Udine-området fungerte. Verkeleg interessant, meldte deltakarane etterpå.


Rådgjevar Ivar Roald, avd.leiar Eldar Korsnes og Rune Hildre
fotografert under omvisninga på skulen.



Flyavdelinga igjen
- og som ein ser var ikkje entusiasmen mindre i denne gruppa!
Dvs. i den mannlege delen av gruppa. Avd.leiar Magnhild Fjørtoft (HVS)
og Catarina Gasparini hadde truleg andre ting å diskutere,
som t.d. det påtroppande samarbeidet knytt til engelsk.



Friulco
- produksjonsbedrift, med fokus på pumper og ventilar.




Friulco er medlem
av små- og mellomstore bedriftersforening i Udine - Friuli.



Under besøket fekk gruppa
informasjon om sjølve bedrifta og produksjonen deira, men og om korleis ein organiserer samarbeid og organisasjonsarbeid innan industrien
i regionen Friuli.



Dreiebenk ved Friulco

Alle er no tilbake på HVS, og er mange erfaringar rikare. No ser vi fram til at våre italienske vener kjem hit!

Les korleis det vart:
Italiensk arbeidskraft til Haram (Artikkel frå Haramsnytt 27.03.09.)



Tilbake til:
Hovudsida