Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > 4TAF på studietur til CERN (Sveits) og Paris (Frankrike) våren 2009


Ekskursjon til CERN 4TAF 2009

04.-08.05.09.


Måndag 4. mai reiste ein glad og humørfylt gjeng tidleg om morgonen frå Vigra til Paris via Gardermoen. Etter innkvartering på eit rimeleg hotell (Hotell Paris Bruxelles) like ved Place de Republique og litt mat, vandra vi den lange vegen ned til Seinen. Vi passerte Concorde-plassen og Invalidedomen og var framme ved Eiffeltårnet tidleg på kvelden. Alle saman var med opp til 1. avsats, medan dei modigaste tok heisa heilt til toppen. Mats slo til med sjampanje på toppen for å gjere stunda ekstra minnerik for seg sjølv og andre…


Klasse 4TAF foran Eiffeltårnet, våren 2009


F.v.: Mariell, Lene, Bjørnar, Lisa, Fredrik, Elling, Magnus,
Åsmund(foran i midten), Mats, Sverre og Erlend
.


Denne første kvelden var det heller kaldt, så vi avslutta relativt tidleg og tok drosjer attende til hotellet. På den eine drosja (med Sverre..) var franskuttalen så dårleg at dei ikkje klarte å bestille tur attende til hotellet, men vart køyrande rundt i Paris med ein sjåfør som ikkje kunne engelsk. Med litt hjelp frå underteikna fekk dei til slutt returnert til hotellet, men det tok lang tid å prute prisen ned på eit nivå som var akseptabelt… Klok av skade satsa vi på Metro etter dette!


På tirsdag formiddag vitja vi ”Cite des sciences et de l’industrie”, Paris sitt vitskapssenter. Dette besøket var dessverre ein skuffelse. Det viste seg at dei fleste tema vart presenterte for barn/elevar på eit lågare alderssteg. Heile første etasjen var eigentleg best for barneskulen. I andre etasje fann vi til slutt ei utstilling om universet som nærma seg vårt nivå. Dette veit vi til seinare…

Etter lunsj på tirsdag tok vi hurtigtoget (TGV) frå Paris til Geneve. Hovudmålet for turen var jo CERN (Den europeiske organisasjonen for kjernefysikk) som ligg i Geneve. Etter fellesmiddag med pizza på italiensk restaurant og ei natt på ei fint ungdomsherberge (sentralt), var vi klar for ”The real thing”: CERN


Onsdag - den store dagen
Mark Tyrrell frå CERN tok vel i mot oss og held eit glitrande og engasjert fordrag på ca ein halv time om CERN og forskinga der. Vi såg ein instruktiv film, og så var det omvisning på forskjellige ”cites” over bakkenivå. Det aller helligaste, langt under jorda, var stengt for publikum. Vi vart fortalt i detalj om akseleratorar og detektorar, om superleiing og kjøleteknikk. Alt dette var midt i blinken for TAF-elevar som har ein viss kjennskap til praktisk ingeniørarbeid (røyr, sveising,osv)


Sverre viser oss ein modell av ein akselerator
med røyra for protonane i sentrum.


Ein Brattvågar, som har arbeidd mykje i CERN, Børge Kile Gjelsten, hadde sett oss i kontakt med ein norsk stipendiat, Erik Damli. Han tok godt i mot oss etter den offisielle omvisninga i CERN regi.
Erik Damli viste oss CERN-kantina og spiste ein hyggeleg lunsj saman med oss der. Etterpå heldt han ein times foredrag spesielt for norske studentar på ”vidaregåande skule”- nivå. Han fortalde også om løns- og arbeidsforhold og reklamerte for det gode liv i Geneve… Han forsøkte på ein lettfatteleg og pedagogisk måte å fortelje oss korleis dei nye enorme maskinene (akseleratorane/detektorane) kunne hjelpe fysikarane inn på nytt territorium i utforskinga av materie, energi, rom og tid.

Eksotisk og spanande!
Vi ventar og trur at den nye akseleratoren (LHC) vil stadfeste/avkrefte nye modellar/teoriar om både mikrokosmos og universet. Dessverre gjekk det gale under innkøyringa i haust (hausten 2008, red.anm.) til stor frustrasjon for alle dei tilsette. Arbeidet med reparasjon og forbetringar er i full gang, men vil ta minst eit år! Det er kollosale datamengder som kjem ut av dei framtidige eksperimenta, så vi ser vel ingen resultat før om eit par år…


Den norske stipendiaten Erik Damli fortel oss engasjert om arbeidet sitt,
og om muligheitane for norske studentar på CERN. Rundt bordet sit Bjørnar, Åsmund, Fredrik, Sverre og Mats.


Etter foredraget med Erik Damli vitja vi MicroCosm, ei interaktiv utstilling for publikum (mest studentar og skuleelevar), eit slags vitskapssenter inne i CERN komplekset. Vi gjennomførte med bra stil sjølv om eg merka at enkelte no byrja å verte trøytte… Når det er 25 grader ute, med strålande sol og blå himmel og russeblod/hormon som brusar, byr livet på mykje anna enn vitskap.

Dei siste timane i Geneve vart nytta på pub (gutane) og shopping (jentene). Nokre av oss fekk også tid til ein liten tur ned til den store vakre innsjøen ved Geneve (Lac le Leman). Det bør også nemnast at Bjørnar fylte 20 år på denne dagen, noko som skapte ekstra motivasjon for fest og moro…


Erlend og Sverre gjennomfører/ser på eit forsøk som er svært
vanskelig å gjennomføre i eit vanleg klasserom:
- Rutherford sitt kjende og banebrytande forsøk der alfpartiklar frå ei radioaktiv kjelde (ikkje akselerator!) blir sendt mot gullfolie.


Her er gjengen samlet på A. Einsteins gate
ved inngangen på CERN
.

Så gjekk turen tilbake til Paris, etter en lang og velfyllt dag. Vi alle treng nok litt tid for å kunnee fordøye alle inntrykka frå CERN!


Ny dag, nye moglegheitar...
Torsdag morgon hadde mange problem med å møte til avtala tid… Fleire hadde også droppa frukosten denne dagen. Natta hadde tydeleg kravd sitt utan at eg kan gje noko referat frå desse hendingane. Til slutt var alle samla, og vi tok Metroen ned til Louvremuseet som stod først på programmet. Målretta gjekk vi inn den nye inngangen ved Glasspyramiden og fann relativt fort fram museet sine highlights: ”Mona Lisa” av Leonardo da Vinci, ”Venus frå Milo” og ”Døyande slave” av Michelangelo. Undervegs, mellom desse store, såg vi tusenvis av måleri og skulpturar i eit av verdas største museum.


”Mona Lisa”
Leonardo da Vinci


”Venus frå Milo”
(ukjend, frå ca 100 f. Kr.)

”Døyande slave”
Michelangelo
Over: Eit bilete og to skulpturar viser høgdepunkta våre i Louvre!

Men å gå i museer krev og sitt ...


Ved glasspyramiden sit (f.v.) Lene, Fredrik, Elling, Åsmund,
Sverre, Mats og Erlend

-
Endeleg ute av museet! -


Etter Louvremuseet vandra vi til fots gjennom Tuilerihagen til Notre Dame. Ein enkel lunsj på vegen - Crepes med skinke og ost - ein ny, eksotisk rett for mange.

Etter ein halv time oppdaga vi ei øy på Seinen: Ile de la Cite. Ei vakker perle med Note Dame som hovudattraksjon. Kyrkja er eit gotisk meisterverk bygd over eit romersk tempel. Pave Aleksander 3. la ned grunnsteinen i 1163 og kyrkja stod ferdig i 1330. Eit fantastisk skue både innvendig og utvendig!



Alle samla utanfor Notre Dame

F.v.: Lene, Lisa, Mariell, Elling, Magnus, Åsmund,
Sverre, Erlend, Mats, Bjørnar og Fredrik



Då! Endeleg!
Torsdag etter lunsj var programmet slutt, og elevane splitta seg opp i grupper som gjorde akkurat det dei ville (innanfor rimeleg grenser…) Nokre av oss vandra langs Champs-Elysees og såg på folkelivet, medan andre shoppa. Shoppinga vart gjort under kyndig rettleiing: Malin Blindheim frå Brattvåg som er au Pair i Paris, viste dei interesserte fram til dei rette gatene og forretningane. Kvelden vart avslutta med ein felles middag for alle like ved hotellet. Nattelivet veit eg lite om, men alle klarte å kome seg med flyet tidleg fredag morgon.


Ein travel, lærerik og fin tur både for elevar og lærar!

Arne Vågnes,
kontaktlærar 4TAI


Sjå også:
Andre faglege turar ...

Hovudsida