Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar >
EB2 på ekskursjonen til Ekornes, våren 2009
EB2-elevar besøker Ekornes
Mars 2009
I mars dro heile EB2-klassen innover til Sykkylven og
Ekornes for å lære meir om innovasjon, produktutvikling
og internasjonalisering.
Elevane var fordelte på tre grupper, som i eigne rapportar
har gitt uttrykk for korleis dei opplevde dette bedriftsbesøket.
Her kjem eit samandrag av tilbakemeldingane deira.
J.
E. Ekornes AS på Ikornnes
med Sykkylvsbrua i forgrunnen
(Foto: NRK) |
Kjekk og informativ ekskursjon!
Onsdag 25. mars reiste EB2-klassen til Sykkylven for
å besøke Norden sin største møbelprodusent.
J. E. Ekornes AS i Sykkylven er ei av produksjonsbedriftene
i Ekornes-konsernet, og produserer i dag Stressless® stoler
og Stressless® sofa.
Vi reiste med det formålet å få meir innsikt
i emna innovasjon og internasjonalisering, få betre kunnskap
om innovasjonsprosessen og etterkvart forstå kor omfattande
den er.
Grunnen til at vi hadde valt oss Ekornes, er fordi
dette er ei bedrift som kan stå som eit godt døme
på akkurat dette med innovasjon og nytenking av nye produkt.
Les
meir om Ekornes ...
God velkomst på Ekornes
Då vi kom fram til Ekornes, blei vi møtt av personalsjef
Karin Håvik Eide, som guida oss fram til eit stort konferanserom
der Arve Ekornes, direktør for produktutvikling, satt
å venta på oss. På vegen dit vart vi vist
gjennom enkelte delar av bygninga og fekk også sjå
på ein liten modell over det kolosale Ekornes-anlegget.
ved hjelp av det fekk vi vite kva som pågjekk i dei enkelte
delane av bygget. Modellen synte også kvar produktet starta
som ein idé, og kvar det gjekk gjennom produksjonen,
heilt til det vart sendt ut frå hamna.
Inne i konferanserommet presenterte Arve Ekornes seg og si rolle
som produktutvikler i Ekornes, før han gav oss litt meir
fakta om konsernet. Han forklarte at innovasjon og internasjonalisering
er viktig for ei bedrift som Ekornes, som bør vere ein
aktiv aktør i marknaden. Det er difor viktig å
kunne følgje med i korleis marknaden tar i mot produkta
deira, og dei har eit detaljert system der dei følgjer
med kvart møbel, og finn ut korleis dette ligg an på
marknaden. - Sel møbelet mykje, utan å synke i
verdi, er det bra. Visst det viser seg at det ikkje er slik,
må ein ofte ty til nytenking og skape eit nytt møbel
som kan erstatte det gamle, forklarte han.
Internasjonalisering er også viktig, fortalte Arve Ekornes.
Ekornes-konsernet har eit stort internasjonalt marked, som sjølvsagt
hjelper mykje på inntektsgrunnlaget. Likevel, det er lurt/viktig
å vere allsidig. Ekornes lagar forskjellege møbel
for forskjellege marknadsgrupper. Dei unge vel kanskje ein "moderne"
Stressless som ser bra ut, medan eldre kjøparar kanskje
går meir for komfort når dei skal velje Stressless.
Det er også stor forskjell på kva folk i forskjellege
land er villege til å betale for same vare. Han fortalte
oss mellom anna at i Kina kostar ein Stressless kr 70 000, som
vanlegvis ville kosta ca. kr 30 000 i Noreg. Dette viser kor
mykje nokon er villig til å gi for ein komfortabel og
stilig Stressless.
Arve Ekornes
direktør produktutvikling
|
For betre å illustrere all informasjonen,
fekk vi sjå ein introduksjonsfilm for Ekornes, der
det mellom anna vart sett fokus på prosessen frå
eit møbel berre er ein idè til møbelet
faktisk blir produsert. I løpet av filmen fekk
vi god innsikt i kor lang tid dette tar, kor omfattande
ein innovasjonsprosess er og kor tidkrevande det kan vere
å berre lage ein prototype som ein er fornøgd
med.
Ekornes har valt å lage alle prototypar i i full
skala, og det kan ofte vere nødvendig å lage
mange prototypar før dei finn ein dei likar og
som dei trur vil slå an i marknaden, forklarte Arve
Ekornes langsmed. |
Seinare fekk vi sjølve prøve ut dei ulike Stresslessane
og andre gode møbel, og kunne på grunn av designen
og komforten nesten skjøne at ein kinesar er villeg til
å betale kr 70 000 for ein slik Stressless ...
Arve Ekornes haldt, som du ser, eit levande
og engasjerande foredrag for oss |
Fabrikken blir kjenneteikna ved stor eigen-produksjon
av komponentar.
Produksjonen omfatter sømavdeling, trekking/montasje,
snekkeri/lakkering, produksjon og overflatebehandling av stålkomponentar,
samt produksjon og formstøping av skumplast. Avdeling
Vestlandske og Tynes produserer laminat til Stressless®
og andre møbelprodukter. Mange år med dette arbeidet
har gitt konsernet betydeleg spisskompetanse. Ekornes-konsernet
er i dag organisert med Ekornes ASA som morselskap. Produksjonen
blir utført av 7 spesialiserte fabrikkar i Noreg, og
salget skjer gjennom eigne salgsselskap ute i dei viktigaste
marknadene.
Etter filmen gjekk Arve Ekornes litt djupare inni dette med
«flyten» i ei bedrift, og korleis dei kjem fram
til ein innovasjon. Dette var svært interessant og vi
fikk eit godt førsteinntrykk av både Arve Ekornes
og bedrifta.
Han haldt også eit ganske så lite, men underhaldande
foredrag om kor god ein Stressless kan vere, og at kvar familie
må ha slike produkt heime hos seg for å få
ein vellukka dag. I tillegg til dette lille foredraget viste
han oss også nokon pc-bord som man kunne montere på
desse stresslessane. Vi lot oss imponere, slik målet var.
Stilige produkt
Når presentasjonen og gjennomgangen var vel gjennomført,
vart vi guida ut til eit område nært kantina, der
det var ei fin utstilling av stresslessar i alle storleikar.
Vi fikk lov til å prøve dei ut, og vi kjende det
gjorde godt å setje seg ned i dei ganske så gode
og komfortable stolane. Deretter sa Arve Ekornes at vi skulle
gå omkring å kike, og så plassere oss attmed
den stolen som gav det beste første inntrykket.
Dei fleste vart spesielt begeistra for den berømte Jazz-stolen,
som hadde eit flott design og samtidig var veldig komfortabel.
(Denne stolen har forøvrig vunne ein designerpris, så
vi var ikkje dei første som fall for Jazz ...)
"Prøvesitting" var ein OK del av
programmet ...
|
- og vi var raske til å innrømme
at mykje her var rett stilig!
|
Her er vi samla!
Og bak oss står personalsjef Karin Håvik
Eide,
som følgde oss gjennom dagen på ein framifrå
måte. TAKK!
Prøvesittinga kom derimot i feil rekkjefølge
- då me fekk servert mat etterpå ... |
Avslapping og litt diskusjon omkring det vi hadde
opplevd,
tok vi i kantina på Ekornes.
Maten var god, og alle var godt nøgde då
vi sette kursen heimover.
|
Opphaldet hadde vore innhaldsrikt og spanande!
Alle i klassa var samde om at denne turen var både svært
kjekk og informativ.
Vi tykte at vi lærte mykje, samtidig som som det var eit
kjekt opphald. Arve Ekornes var ein karismatisk og morosam mann,
som klarte å kombinere både læring og humor
på ein flott måte. Vi fekk ei god innføring
i innovasjon og måten Ekornes-konsernet jobbar med dette
temaet.
Vi takkar med dette for god mottaking,
med helsing
elevane i EB2 og deira faglærar, rektor Jan Magne Helland
Sjå også:
VKI
Elektro ved Haram vgs. besøker Ekornes, våren 2007
Andre faglege turar ...
Hovudsida
|
|
|