Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar >
Tverrfagleg ekskursjon til Haramsøy/Flem, våren
2009
"Tour de Haramsøy" - ein vellukka
tur!
11. - 13.05.09.
-
1ST på "Base Camp Austnes", Haramsøy,
våren 2009 - |
Måndag 11. mai trilla det inn syklar i
alle variantar foran hovudinngangen til HVS. Sportykledd ungdom
trippa litt urolege framføre skulen denne morgonen, men
småpraten gjekk lystig. Dagen var kome for årets
tverr-faglege ekskursjon i naturfag og kroppsøving for
1ST!
Målsettinga er, som før, knytt opp mot økologidelen
i naturfag og friluftsdelen i kroppsøving. Ein god fagleg
kombinasjon for ein ekskursjon ut på øyene i Haram.
Den tyngste delen av bagasjen vart lasta på
hengaren til følgjebilen,
så var det berre å vente til alle var komne
på plass.
|
Med utrygt ver, var det viktig med rette kle!
Den oppmodinga var klokkeklar frå kroppsøvinglærar
Ravnestad i førebuingstida - og alle hadde forstått
alvoret i den beskjeden.
- Vi er klare for tur ! -
|
Kl. 10.00 vart det brått stille utanfor HVS, gjengen var
på veg mot fergekaia på Skjeltene for å rekke
11.30-ferga. Haramsøya, og Austnes, tok i mot ungdommane
våre med avventande grå-ver. Det spelte inga rolle
for friskusane. Militærtelta steig opp av graset, matpakkene
forsvann i svoltne gap, faglærarane gav instruksar, og
vips, var syklane og småpraten igjen borte. Ettermiddagen
og kvelden skulle nyttast til feltarbeid i fjæra, og lokaliteten
var Støane på naboøya Flem/Longva. Det var
berre å trø i veg.
Med etterkvart nokså sur lårmuskulatur (?), kom
gjengen fram til det flotte strandområdet med utsyn rett
i havgapet. Etter ein pust i bakken, og litt meir innførande
orientering om det komande arbeidet frå naturfaglærar
Arvid Jenssen, var gruppene klare til å utforske livet
i fjæra.
Og det viste seg å vere rett så spanande!
Ein litt lunken gjeng før start? Neida, slitne
:-)
|
Men det vart da noko pause og kos på elevane
medan fjæresteinar
vart lyfta og "raritetar" av ymse slag dukka
opp nede i saltvatn og sand.
|
Det er litt slitsamt å gå
krokbøgd nedi her ...
|
- og ikkje alt vi finn er like lett å artsbestemme! |
Med kyndig hjelp var det likavel nokså greit
å kome i mål
med artsbestemming, soneutgreiing og miljøfaktoranalyser.
|
Som du ser, gjekk elevane grundig til verks!
|
Og dei var veldig nøgde med seg sjølve
og innsatsen sin utover kvelden!
|
Seint på kvelden, fyrst
ved 21-tida, starta heimturen tilbake til "Base Camp
Austnes". Rart, men det er utruleg kor mykje lettare
det går med nasen vendt heimover! Er ein sliten,
smaker grillmaten best, og ein er lett å be til
fyringsvakt, berre ein får krype raskt ned i søveposen
først ... Ny dag - nye utfordringar!
Sjølv om veret gjennom natta var litt ruskete,
var det ingen som kraup i hus. Fyringsvaktene gjorde jobben
sin, stort sett (...), og dei fleste fekk seg ei god natt
med søvn. - Slett ikkje verst til å vere
fyrste natt i eit gamalt 16-manns telt, nikka ein nøgd
kroppsøvingslærar seinare.
Tysdagen starta med frukost, deretter etterarbeid etter
fjæreturen kvelden før. Og så, tru
det eller ei, tok heile flokken sykkelen fatt igjen. Denne
gongen var det Ulla fyrstasjon på vestsida av Haramsøy
som var målet. I motsetning til tidlegare år,
starta elevane turen med å sykle på nordsida
av øya. Eit lurt trekk ;-)
|
God og avslappande lunsj,
før hjula begynte å trille på
ivrige syklar.
|
Oi, ein fotograf ...
|
Ein etter ein plystra dei forbi ...
|
naturfaglærar Arvid Jenssen i uforskamma frisk
stil ...
|
og alle vi andre på vårt eige vis!
|
Sjå, der borte, på nordsida var vi i
går!
|
- no er Ulla og fyret målet.
Snart framme!?
|
-
ULLA FYRSTASJON -
Opprettet: 1874
Status: Automatisert og avfolket i 1975.
Området er i dag svært mykje
brukt som turmål av forskjellig karakter,
både av lokalbefolkninga og av tilreisande. Det
er den frivillige organisasjonen
"Ullafyrets Venner" som tar ansvar for vedlikehald,
og som har som føremål å utvikle
området ved og rundt Ulla fyr og fyrstasjon.
Kjelde:
www.fyr.no/fyra/ulla/ulla.html
|
Syklane fikk stå,
men vi måtte gå ... både bortover
og oppover ...
|
|
| |
| |
Ein idyllisk plass i solskinnet.
|
Ein oppgradert kroppsøvingslærar -
sjekk stilen!
|
Neste etappe av "touren" (for nå begynte
det å kjennast slik), gjekk oppover fjellsida
mot toppen av Haramsøya. Vi skulle heldigvis
ikkje helt opp på høgste punktet, men det
var ikkje langt i frå ...
Flott utsikt, kva !
Etter besøket på fyret, tok heile gjengen
vegen over fjellet heim.
|
Tøffe motbakkar krev sitt,
men turen var likavel kjempefin!
|
Ikkje sikker?
|
Joda, kjempegreier !!!!!!
|
Nedoverbakkane heimover gjekk radig unna, og asfaltstykket tilbake
til Base Camp ikkje noko å snakke om. Etter litt var grillane
varme, og grillmat og anna "mat" stabla fram til fri
forsyning. Er det noko ungdom kan, så er det å kose
seg!
Det ungdom kan best!
|
Beach-time
!
Med ein kroppsøvingslærar til stades, betyr
det "svette-tid",
berre sjå her ...
Ta tilgjengeleg utstyr... (skrot frå fjæresona)
|
- Denne tømmer vi. Så får
vi sjå kor full de klarer å fylle
den på den tilmålte tida, humrer Ravnestad.
|
Starten er gått ...
|
friskt løp ...
|
fyll på ...
|
Ny runde!
|

Kom igjen ...
|

vi rekker nokon gongar til ...
|
- Opsann, kor vi har sølt dyrebare dråper
...
|
Ja, det nærmar seg - nedtelling pågår.
|
Ikkje "peist", nei, skikkeleg
peist!
|
Så faller dommen.
|
Ny
gruppe klar til innsats!
- De veit kva dykk går til! Klar ferdig, kjør!!!,
smiler Ravnestad frå sidelina.
Og elevane løper ...
|
Nei, det ikkje noko å seie på innsatsen
her heller!
|
Men kven som vann?
|
Hesteskokasting
- rolegare, men like intenst i grunn...
Fokus
|
Instruksjon
|
Vurdering
|
Utføring
|
Kommentar
til sidekommentar
:-)
|
Engasjerte tilskodarar.
|
Ein lang dag vart til ei ny natt med langt betre ver enn i starten.
Vergudar og lærargudar var med andre ord godt nøgde
med 1ST sin innsats, og lot dei få ei laaaang natt som
premie på tampen av ekskursjonen.
Ingen tidleg frukost i dag, men rydding slipp ein ikkje unna,
uansett når frukosten vert inntatt. Gutatelt og jentetelt
fall til jorda. 1ST gjorde seg klar til å møte
kvardagen igjen.
Jentene organiserte seg godt,
og fikk raskt kontroll på bagasje og teltsaker.
|
Trykk da!
|
Der, alt i kasse og boks.
|
I naboteltet gjekk det like greit.
Skulle tru ein hadde ordensfolk med seg på tur
...
|
Til slutt - nokon måtte ta skitjobben og vaske
grillen ...
|
- Kjekt å ha ungdom på tur, melder naturfagslærar
og kroppsøvingslærar. Så håper vi elevane
meiner det same!
Les gjerne om same ekskursjon våren
2008 , våren 2007
og våren 2006.
Det skjer nye ting kvar gong, sjølv om rammene er dei
same. Elles har vi mange andre spenstige, faglege turar ved
HVS, så sjekk Faglege
turar. God lesing!
Hovudsida
|
|
|