Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Elevkvardagen >
Vg2BUA tar vårpuss, våren 2009
Vg2 BUA tar ut siste ide før sommarferien
...
Juni 2009
Klasserommet til Vg2 BUA er noko annleis enn andre klasserom
ved HVS. Ein litt meir fargerik og barnleg touch (ikkje forveksle
med barnsleg) preger rommet, heilt i tråd med
det som skjer der i løpet av eit skuleår.
Siste kreative innspel kom rett etter påske;
- Kva med eit veggmåleri? Vi har ideen klar, får
vi lov? Skisser, og entusiastiske skildringar av korleis
sluttproduktet ville bli, vart lagt fram for leiinga. Jentene
var klare, det skulle ikkje mykje maling til og teiknaren var
dyktig. Dei såg ikkje mørkt på noko. Dette
ville bli så bra!
Litt tvil var det nok å spore i leiinga, men løyve
vart gitt, og resultatet vart rett så flott!!!
Malingslukt igjen på
136

Vg2 BUA-eleven Kristine (midt i bilete) tok blyanten
fatt,
og Alladin kom ut av "tåkedisen" på
veggen.
Resten av jentene tok regnbuen sine fargar fram, og
fullførte verket.
|

Samarbeid og god kommunikasjon er viktig
skal resultatet bli bra. Denne kunsten kunne jentene
etter å ha fullført eit godt skuleår
i lag!
|
Så vart veggen ferdig ...
|
Alladin og venane hans
er for alltid på veg inn til Vg2 BUA.
|
Vi takkar jentene for mange kreative innspel og stor
arbeidslyst.
Ute står no gapahuken
klar, og inne er klasserommet deira verkeleg blitt eit godt
rom å vere i, både for våre eigne elevar og
for dei barnehageborna som kjem på besøk med jamne
mellomrom. Flott innsats, jenter, og lukke til vidare!
Hovudsida
|
|
|