Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > Bedriftsbesøk for 1TIP og 2PIT, februar 2010.



VG1TIP og VG2PIT
på besøk hos IP Huse AS og hos
Nils S. Hansen Skips & Mekanisk Verksted AS




Elevane samla foran ein av dei
imponerande vinsjane hos I.P. Huse


Dagen var 9. februar, og heile mekanikarflokken, elevar og faglærarar frå både vg1 og vg2, dro på bedriftsbesøk til dei to spesielle bedriftene som er lokalisert ute på Harøya i Sandøy kommune.


Tysdag 09.02.10.


- Vi hadde ein svært interessant og kjekk dag! Frukost og omvisning hos I.P. Huse først, og deretter omvisning og prøvekøyring av mob-båt hos Nils S. Hansen AS, fortel faglærar Arild Haddal. Han fortel vidare om interessante omvisningar og om god informasjon både i høve bedriftene sitt daglege arbeid og deira framtidige behov.


I. P. Huse AS er i dag ei stor bedrift, og har kring 130 tilsatte. Dei er leiande på verdsmarknaden når det gjeld konstruksjon og produksjon av vinsjar til ankerhandteringsfarty, og dei produserer elles vinsjar til spesialfarty og flytande oljeinstallasjonar. Dette fekk elevane vite under omvisninga, samstundes som dei fekk innblikk i både arbeidet "på golvet" og det nære samarbeidet I.P. Huse har med Rolls-Royce Marine i høve marknadsføring, sal og service. Det var og sett fokus på lærlingordning og kva for fagbrev ein kan ta ved ei bedrift som I.P. Huse.


Nils S. Hansen AS si hovudgesjeft er produksjon av hurtiggåande redningsbåtar, såkalla mob-båter. I denne produksjonen står sjølvsagt sveising svært sentralt.


Mob-båtar appellerer til ungdommen,
og til godt vaksne.

Under besøket var elevane heldige og fekk observere kontroll av sveis på ulike måtar, og test av heilt ny sveisetråd i eit forsøk som skulle vidare til testlaboratorie.

- Vi ser at det er stort behov for sveisekompetanse i bedriftene, og at dette kan vere svært spennande arbeid! Slike ting aukar medvitet hos elevane for at kvalitet i arbeidet deira er viktig, smiler faglærarane, og håper at turen stimulerte den enkelte elev til å søkje å ha kvalitet på det arbeidet dei legg ned framover.
- Det er dyktige fagarbeidarar bedriftene treng, så det er viktig at elevane får grunnleggjande forståing og ferdigheitar tidleg på plass.

Elevar og faglærarar takkar for god mottaking og ein lærerik dag!



Les meir om;
I. P. Huse
- Her finn du informasjon om bedrifta og aktiviteten deira, og om moglege fagbrev ein kan ta ved I.P. Huse. Ei heimeside det er verd å kike innom!

Nils S. Hansen Skips & Mekanisk Verksted AS
- Nyttig informasjon og flotte bilete av produkta deira. Ta ein titt inn her og!



Hovudsida