Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar >
Leonardo-prosjekt, udine 2009/2010
Nok eit vellykka opphald i Udine, Italia
Veke 7-8, våren 2010
Alle dei reisande, elevar og lærarar, er trygt
tilbake etter 14 dagar i Italia. Elevane har vore utplasserte
i italienske bedrifter, og har der hatt høve til å
arbeide, observere italiensk bedriftskultur, og i tillegg opplevd
korleis ein italiensk familie har det i Nord-Italia.
Måndag 15. februar vart mellom anna nytta til å
sjå litt av samarbeidsskulen vår, som framleis er
Istituto Tecnico Industriale "Arturo Malignani", før
3TAF-elevane vart utplasserte i ulike bedrifter. Istituto Tecnico
Industriale "Arturo Malignani" er ein teknisk fagskule
og har om lag 2000 elevar, og den inneheld mellom anna ei samling
fly. Noko som fangar interessa vår år etter år.
Kvardagane
gjekk med til arbeid i bedriftene – 0800 til
1700 kvar dag. Opphaldet gir høve til å sjå
nærare på korleis andre har det - i arbeidslivet
og privat - og er eit viktig ledd inn mot å styrke den
internasjonale kompetansen til framtidige arbeidstakarar for
industrien.
Fritid = kultur
I tillegg til det som går føre seg ute i bedriftene,
vert det tid til å sjå litt av Friuli – Venezia
regionen. Her er ein tur til Venezia eit fast innslag. Laurdag
var det, som vanleg, tid for ein tur til Venezia, med våre
røynde reiseleiarar Ivar Roald og Håvard Garshol
som gode guidar. Her avbilda framfor den nyaste brua.
- Stilige karar frå Noreg -
|
- Canale Grande - |
Fritid = sport
Sport er viktig for italienarar, og for oss. Så det vart
sett av tid til ein fotballkamp – denne gongen Udinese
- Caligari, ein kamp med sluttresultat 2-1.
Flott stadion, men litt tamt i starten reint sportsleg ...
Flott skue frå tribuneplass
|
Men kampen tok seg opp i 2. omgang!
|
Udine
Udine ligg nord-aust i Italia. Byen har om lag 100 000 innbyggarar,
og den gamle delen er vert eit besøk.
Udine er ein liten by
i regionen Frioli-Venezia Giulia, nord-øst i
Italia.
Og det er i dette området elevane våre vert
utplasserte. |
Udine ligg ikkje langt
frå grensa mot Slovenia
|
- Gamlebyen i Udine -
|
- Spennande innhald i fiskedisken -
|
Eit langvarig og godt samarbeid
Opphaldet er eit ledd i ei utveksling, finansiert av midlar
tildelt gjennom Leonardo Da Vinci, og prosjektet har namnet
Euroship III. Å vere borte heimanfrå og kunne tilpasse
seg ein annan (mat)kultur er eit viktig poeng for slike opphald.
Haram vidaregåande skule har gjennomført utveksling
med Italia sidan 2004!
Med andre ord, eit samarbeidsprosjekt begge skulane har funne
nyttig.
Les artikkel om våre italienske venar sin gjenvisitt -
Praksishungrige
italienarar
Les
gjerne historikken til Leonardo-prosjektet ved HVS ...
Hovudsida
|
|
|