Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar >Ekskursjon til Trondheim for 3MK og 3PB, våren 2010



Studietur til Trondheim for 3MK og 3PB

Trondheim 17. - 19.03.10.

Avgangsklassane Vg3 Påbygging og Vg3 Medium- og kommunikasjon planla og gjennomførte ein studietur til Trondheim i lag no i mars. Turen var planlagt med buss frå Ålesund til Trondheim, men overraksjande snøfall og uver sette kjepper i hjula for dei, bokstaveleg talt. Kva var då meir naturleg enn å ta sjøvegen...

Så gjengen dro beine vegen til Ålesund, og hurigrutekaia onsdag ettermiddag. Foran seg hadde dei ei fin sjøreise til Trondheim, med gode, varme lokaler, sengeplass og matservering - då var det ikkje ille å reise på studietur i snøkavet likevel. Her er ei lita oppsummering av opplevingane på turen.


Slapseføre og skredfare i heile Møre og Romsdal til tross,
til Trondheim skal vi!
Hurtigrute kaia i Ålesund er plassen i ein slik situasjon.


Første dag i Trondheim - NTNU og St Olavs Hospital er målet
Ettersom vi kom sjøvegen, var vi i Trondheim først torsdag morgon. Etter ein rask innlosjering av bagasjen, starta vi på første post på programmet for dagen - NTNU.
NTNU har campus denne fredagen, med organisert omvisning for elevar i vidaregåande skule, og dette er ein av hovudgrunnane til at vi har akkurat denne studieturen til Trondheim. Vel framme på NTNU sitt område, starta vi opplegget vårt på Gløshaugen, der vi fekk høre eit foredrag om dei forskjellige ingeniør-retningane. Litt å plukke med seg for fleire av oss.

Spesielle sanseinntrykk ved St. Olavs Hospital
Etter det, så gjekk vi ned til Sankt Olavs Hospital. Der fekk vi sjå nokre interessante robotar i kjellaren, alle med sin eigen stemme. Det var 21 robotar med trønderdialekt og 1 med bergensardialekt. Artig lytteoppleving !?!
- Kva robotane gjorde, meiner du?

St. Olavs Hospital
Dei transporterte alt mogleg rundt i kjellaretasjen - alt unntatt pasientar - medan dei annonserte sin ankomst, sitt mål, ba deg passe deg om du sto i vegen, og slikt. Utruleg artig å følgje med på - det tok faktisk det meste av merksemda vår ein liten (...) periode :-)

Etterpå blei vi tatt med til ein anatomisk samling, der vi fekk sjå kroppssnitt og organ til døde personar. Sjølv om dette kanskje høyrast ekkelt ut, så kjende vi det ikkje slik: Snitta verka ikkje menneskelege, sjølv om vi visste dei var gjort av reelle menneskekroppar. Blant anna så var der ein heil kropp, som hadde blitt delt opp i skiver og plassert slik at du kunne sjå innsida. Meir interessant enn fryktinngytande, ikkje minst for dei av oss som har biologi!

Vi skulle eigentleg inn på ein disseksjons-lab, der vi skulle få sjå korleis dei utførte forsking på ”preparat”, men ... vi fekk diverre ikkje gå inn fordi førre gang så hadde ein person svimt av på grunn av lukta.
I staden for fekk vi sjå kor gynokologane øver. Og så det var interessant å sjå. Der hadde dei dokker som var så realistisk som det er mogleg å kunne lage dei, med både hjartebank og rørsler i magen. Studentane fekk med andre ord verkeleg prøve seg i ein realistisk situasjon, og det er godt å vite for folk som kan ende opp som pasient.

Vi reiste så tilbake til Gløshaugen, der vi fekk lunsj.

Geologi - interessant fagområde!
Etter lunsj fekk vi ein rundtur på geologi-bygget ved NTNU. Der møtte vi ein morosam amerikansk professor - han verka veldig entusiastisk når det handla om geologi. Det gjekk ganske fort i svingane her (!) og vi vart fort ferdige. Men vi rakk over mykje! Vi fekk sjå på diverse ting som dei gjorde på bygget, bl.a. forskjellige utstyr for å skilje ulike stoff frå steinane/bergartar. Vi fekk og sjå ekstremt tynne snitt av stein i eit mikroskop, noko som såg ut som eit kaleidoskop.

Biokjemi - nyttig kunnskap
Deretter så skulle vi på biokjemi. Der ble vi fortalt om kva område denne type biokjemi vert brukt, som i dette tilfelle var næringslivet. Så laget vi ost og majones, og vi tok ein smaksløk-test med forskjellige konsentrat av søtt, surt, bittert osv. Vi var så ferdig, og avslutta turen på trappetrinna til hovedbygget.


Mange inntrykk - tilpassa elevane sine fag og framtidsplanar
Turen skulle dekke mange ønske og/eller behov. Nokon av programpostane var direkte knytt opp til skulefag, som historie og norsk, andre var sett opp med tanke på elevane sine framtidsplaner. Alle elevane var difor med til Vitskapsmusset på NTNU og deltok på det faglege opplegget knytt til emnet middelalderen. Ellers vart flokken noko meir oppdelt då turen gjekk vidare til NRK Tyholt (mediefag), og til ulike avdelinger ved Høgskulen i Trondheim, der teknologi, informatikk og sjukepleie sto på ønskjelista til elevane.


Her er vi,
i studio ved NRK Tyholt,
knipset med mobilkamera.


Hektisk, men artig tur!
Trondheim har mykje å by på, ingen tvil om det! Mogleg det er her vi også ender opp ... ?


Helsing
elevane ved 3PB og 3MK



Hovudsida