Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > EB2 - Praksis i Brüssel våren 2010



Utplassering i Brüssel



15. – 17. mars 2010


Elevane med programfaget EB2 ved HVS har innlagt ein utplasserings- periode i programmet sitt for 2. termin. Dei fleste elevane vert utplasserte i bedrifter lokalt i Haram og Ålesund, men nokon får høve til å få meir luft under vingane bokstaveleg tala. Etter søknad vert 4 elevar plukka ut til å representere skulen og får reise til Vest-Noregs Brüsselkontor i Brüssel for å arbeide der i 3 dagar.

Skulen gjennomførte opplegget første gong våren 2010, og opplevde at elevane vart særs godt mottatt og ivaretekne under opphaldet. Og ikkje minst, dei får tildelt interessante oppgåver og opplevingar kvar dag. Haram vidaregåande skule er svært stolt av å kunne tilby denne moglegheita til nokre av elevane våre.


Her fortel elevane sjølve kva dei opplevde under opphaldet sitt no i mars.


Måndag 15. mars

Vest-Noregs Brüsselkontor (VNB)
Vi åt frukost på hotellet ca. 08:00 og var klar til å gå på jobb kl. 08:45. Etter ein liten tur kom vi til rett metro og tok undergrunnen nesten heilt fram til «Norway House». Vi kom fort og smertefritt inn og forbi sikkerheitsvaktene, og møtte personalet på kontoret. Deretter gjekk turen inn på eit møterom og der vi fekk ein rask presentasjon av alle saman. Så var det rett på programmet, og i saman med resten av kontoret gjekk vi gjennom alt som skulle skje på kontoret denne veka. Dette såkalla mandagsmøtet var gjennomført, og alle var klare til vekas utfordringar..


Biletet her viser Norway House.
Her held Vest-Noregs Brüsselkontor til.


Vi fekk så ein presentasjon av Vest-Noregs Brüsselkontor (VNB) sitt arbeid, og litt om kva som var viktig for deira arbeid, og korleis dei jobba. Dei fungerar hovudsaklig som ein vidaresendar av nyhende om EU; - frå Brüssel og til regionen Vest-Noreg. Dei samlar informasjonen på forskjellige måtar, men brukar mykje internettsider frå andre nyheitsbyrå som held til i Brüssel. I tillegg møter dei andre organisasjonar som er i Brüssel, og går på møter o.l.


Den norske EU-delegasjonen
Etter måndagsmøtet fekk vi ein halv time til å lage spørsmål til EU-delegasjonen, som vi skulle besøke etter lunsj. Lunsjen kjøpte vi på ein liten daglegvarebutikk som låg i nærleiken av kontoret. Vi tok med maten tilbake på møterommet, der vi hadde som ein arbeidslunsj.

Vi tok heisa opp til toppetasjen på «Norway-House», fordi det var der den norske EU-delegasjonen hadde kontora sine. Der møtte vi Miriam Stackpole Dahl og to praktikantar (traineear) som fortalte om kva den norske EU-delegasjonen skulle gjere i Brüssel, kva dei hadde som mål, og om kva deira arbeidsdag gjekk ut på. Det var på mange måtar likt det VNB gjorde, med å samle nyhende om EU frå Brüssel og sende det til Noreg. Til forskjell frå VNB var no mottakarane heile Noreg, og ikkje berre ein region, som med VNB. Dei jobbar også ein del opp mot forskjellige norske ministrar.


På besøk hjå den norske EU-delegasjonen


Vårt arbeid under opphaldet hos VNB
Då vi var ferdige i EU-delegasjonen, var det tid for å arbeide litt på kontoret igjen. Vi fekk ei oppgåve om å skrive to nyheitssaker for VNB sine nettsider. Gruppa vart delt i to; - Edvard og Ida tok ei nyheit om lobbyindustrien, medan Mejrema og Karin tok ei sak om helseføretak i EU. Ved sidan av å arbeide med denne artikkelen, skulle vi også forberede spørsmål til NHO som vi skulle møte seinare same dag.

I halv fire tida kom Ingvill Sjøvoll Nilsen frå NHO i Brüssel til VNBs kontor. Det var eigentleg vi som skulle ta turen bort til NHO, men sidan NHO sin prosjektor hadde problem kom ho heller til VNB. Ho snakka om NHO sitt arbeid i Brüssel, litt om kva dei ville og korleis dei jobba. Etter denne presentasjonen var arbeidsdagen ferdig, og vi reiste tilbake til hotellet.


Tysdag 16. mars

Konferanse om muslimske kvinner i dagens Europa
Tysdagsmorgonen reiste vi til Stanhope Hotel, der vi tok plass i ein konferansesal for å delta i debatten ”Europe’s Muslim Women: under cover and under pressure?” Dei som var med var Parvin Ali, som var Chair of European Muslim Woman of Influence, CEO, og grunnleggjar av The Fatima Woman’s Network, Malika Hamidi, som er Director General, Sajjad Karim, medlem av det Europeiske Parlamentet, og Wassyla Tamzali, som er forfattar og Former Director Woman’s Rights hjå UNESCO. Shada Islam leia debatten.

Konferansen varte i ca to timar og var heile tida engasjerande. Vi lærte om samfunnsproblem som kom fram som vi vanlegvis ikkje tenkjer på, og på forskjellege måtar vi kan løyse dei. Dei var usamd i mange ting og alle ville ha eit ord med i laget, så det heile vart ganske intenst. Heile debatten handla stort sett om hovudplagget som muslimske kvinner skal bruke, eller vel å bruke. Utdanning og jobb var også ein stor del av debatten. Dei fleste som var med på debatten var einig i at Europa har blitt meir ”islamofobisk”, folk er redde for muslimar. Muslimske kvinner har blitt undertrykt i samfunnet, og dei har ikkje dei same rettane som menn har i mange forskjellige land, og slik har det vore i fleire hundre år.


EU-kommisjonen og EU-parlamentet
Etter lunsj var vi på eit møte med Frode Fjeldavli i EU-kommisjonen. Han fortalde kva det var han arbeidde med til dagleg. Han arbeider i EU si avdeling for ungdom. Vi fekk informasjon om ungdomsutveksling, prosjektmoglegheiter og EU sitt Aktiv Ungdom Program. Dette var veldig interessant og relevant sidan vi er ungdommar, og at desse prosjekta kan vere ei moglegheit for oss kanskje allereie neste år.

Då møtet med Frode var ferdig, gjekk vi til EU-parlamentet. Vi fekk ei virtuell omvising i bygget og fekk lære om historia til bygget, om EU, kva som skjer på dei ulike stadane i bygget. Til dømes så lærte vi at EU-kommisjonen har som oppgåve foreslå lover, og setje dei ut i livet. Kommisjonen er heilt uavhengig av medlemslanda.


Den store salen i EU-parlamentet



Onsdag 17.mars

Då vi kom til kontoret om morgonen, sette vi oss ned på møterommet, som var vårt kontor gjennom opphaldet i Brüssel. Vi fortsette arbeidet med oppgåva om å skrive ein nyheitsartikkel som vi fekk måndagen. Då den var ferdig og godkjent av trainee Kristian Severeide, viste han oss korleis ein kunne publisere slike på nettsida til Vest-Norges Brüsselkontor.

Oslo-regionens Europakontor
Då klokka blei 10.30 spaserte vi gjennom Brüssel sine gater bort til Sweden House, der Oslo-regionens Europakontor er lokalisert. Der høyrde vi på eit foredrag på norsk, haldt av den franske praktikanten Cecile Aubert. Ho har berre budd eit år i Noreg, men kunne overraskande mykje norsk. Ho fortalde om Oslo-regionens Europakontor og kva dei arbeidde med.

Etter foredraget gjekk vi tilbake til Norway House, og VNB. På vegen tilbake kjøpte vi med oss lunsj som vi åt på kontoret.


Interndebatt på VNB - god og viktig trening for oss
Etter lunsj fekk vi ein halv time til å sameine oss, og til å forberede eit møte vi skulle ha med dei tre tilsette ved kontoret. På møtet skulle vi informere dei om debatten om muslimske kvinner som vi var på dagen før. Vi avtalte oss i mellom kven som skulle snakke om kva for å få ut informasjonen i riktig rekkjefølgje og på ein god måte.

Ida innleidde møtet og fortalde om sjølve debatten; kva den skulle handle om, kven deltakarane var og kva dei arbeider med. Deretter tok Mejrema over og snakka om starten på debatten, der deltakarane fekk fortelje om alle dei utfordringane som finst i saka om muslimske kvinner.
Etter Mejrema hadde gitt ei god forklaring på dette, tok Karin og Edvard over og fortalde kva kvar enkelt av deltakarane meinte om dei ulike tema som vart tekne opp. Møtet vart avslutta med ein liten kommentar frå kvar av dei tilsette ved kontoret. Dei gjekk frå møterommet med mykje ny informasjon i notatblokka.

Etter at møtet var avslutta, fekk vi arbeide med rapporten vi skulle skrive frå opphaldet resten av arbeidsdagen. Vi avslutta arbeidsdagen vår klokka 14.45. Da gjekk vi oss ein tur i området rundt Norway House og såg oss omkring, før vi tok bussen til flyplassen og reiste heim til Noreg.


Bilete av alle saman siste dagen.
Bak f.v. Jon Tveit, Jan Magne Helland, Edvard Austnes og Kristian Severeide. Framme f.v. Karin Vatnehol, Mejrema Colic og Ida Marie Holmeset




Vi som fekk gleda av å vere utplasserte ved VNB i Brüssel takkar for eit interessant og lærerikt opphald


Med helsing
Edvard Austnes, Karin Vatnehol, Mejrema Colic og Ida Marie Holmeset


Linkar:
Kva er VNB?
VNB - Vest-Noregs Brüsselkontor
Utplasseringsrapporten frå våren 2009



Hovudsida