Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar >
Bedriftsbesøk for 2TP og 2TT, april 2010.
Bedriftsbesøk for 2TP og 2TT
13.04.10.
Tirsdag den 13. april drog 2TP og 2TT på bedriftsbesøk
til AS Spilka Industri og Peter Stette AS. Vi starta frå
skulen klokka 10:30, og vart frakta trygt og effektivt både
fram og tilbake av Lars Olav Rørhus i Haram Turbusser.

Biletet viser 2TP-elevar
som studerer testing av roboter, som seinare skal inn
i produksjonen. |
AS Spilka Industri
Første stopp var på Spilka, produsent av hengsler
til H-vinduet, og ei bedrift som lager mykje av maskinane til
eigen produksjon. Noko som er svært interessant for oss!
På Spilka vart vi tatt imot av Kjell Kallandvik og Lidvar
Giskeødegård. Vi starta på konferanserommet,
der vi fekk litt informasjon
om bedrifta. Etterpå vart vi delt opp i 2 grupper
og vist rundt i fabrikken.
Spilka har ein høg grad av automatisering, og dei har
mange robotar og automatiske produksjonsrekkjer. Turen var ein
del av faget "reperasjon og vedlikehald", der vi for
tida arbeidar med automasjon. Elevane har stadig spurt kva automasjon
kunne brukast til, og denne turen var ein måte å
få vist dette på.
I tillegg til produksjonen, såg vi og innom verktyavdelinga.
Her har dei mange avanserte maskinar, blant anna ei tråeroderingsmaskin.
Det er ei maskin som skjer herda stålplater med ein 0,35
mm messingtråd. Vi såg også innom konstruksjons-avdelinga,
der dei bruker same teikneprogram som vi gjer på skulen.
Vannskjæresenteret på Stette
På heimvegen var vi innom Peter Stette AS. Her produserer
dei blant anna maskinar til fiskeforedlings- og næringsmiddelindustrien.
Vi vart tatt imot av Leon Rønneberg som viste oss rundt
på bedrifta. Også her var vi innom produksjons-
og konstruksjonsavdelinga. Men det mest interesante var kanskje
vannskjeresenteret. Her vart vi vist rundt av Anders Grøntoft.
Han fortalte at dei kan skjere opptil 70 mm rustfrie stålplater
med ein vasstråle som er blanda i med litt sand. Vannstrålen
har eit trykk på om lag 3100 bar. Nærast uforståeleg
stort trykk for oss, men svært så effektivt til
sitt føremål.
Bilete viser ein operatør
som demonstrerer vannskjeremaskina.
|
Så var våre bedriftsbesøk ferdige for dagen.
Vi var tilbake på skulen klokka 14:30, og vi var samde
i at vi hadde hatt ein lærerik tur.
Mvh
2TT, 2TP og faglærarar.
Hovudsida
|
|
|