Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Utviklingsarbeid/Skule + næringsliv > LEKTOR II - prosjekt i FY1


Lektor II - prosjekt i FY1 våren 2010

Fysikk i praksis

Sinus, cosinus, vektorrekning, dekomponering. Kvifor treng vi lære dette? Kjenner du igjen spørsmålet frå mattetimane på skulen? Elevane i FY1 ved Haram vidaregåande skule, har gjennom eit samarbeid med Rolls Royce Marine i Brattvåg fått erfart at dette er avgjerande kunnskap for å kunne produsere vinsjeutstyr til båtar.


Dato: Onsdag 21.april 2010.
Tekst: Kenneth Ulla, Haram Innovasjonstudio
Foto: Dag Ruben, 3MK


Lektor II skaper spennande samarbeid

Samarbeidet mellom fysikkelevane på HVS, og Rolls Royce Marine i Brattvåg, er ein del av eit prosjekt i regi Naturfagsenteret kalla Lektor II - ordninga. Denne ordninga er Haram vidaregåande skule med på, og den går ut på at fagpersonar frå yrkeslivet skal ta del i delar av undervisninga på skulen.

T.h.:
HVS sine samarbeidspartnarar i prosjektet:
Roar Engås og Reidar Andre Skarbøvik.

Kva krefter verkar på ein vinsj?

Då FY1 skulle ha om krefter, vart det gjort ei kopling til vinsjeproduksjonen ved Rolls Royce Marine. Læreboka vart erstatta med oppgåver knytt til hekkrull, taupinne, wire osb. Reidar Andre Skarbøvik ved Rolls Royce laga oppgåver til elevane. Oppgåvene gjekk ut på å gjere ulike utrekningar og vurderingar knytt til krefter som verkar på ein vinsj. Td skulle elevane finne ut kva krefter som verkar på hekkrullen avhengig av kva vinkel wiren kom inn på rullen med, kva var kritisk masse i forhold til kva kraft som kunne verke på wiren før båten vill kantre, og kor mykje ville ein taupinne bli deformert dersom ei kraft med ein viss storleik verka på pinnen.

Elevane var delt i 5 grupper, som etter tur presenterte sine løysingar på oppgåvene. Og dei imponerte med fagkunnskap innan fysikk og matematikk, men også når det gjaldt å vise forståing for oppgåva. Det var tydeleg at mange av elevane hadde kunnskap om kva ein vinsj faktisk er, og ikkje minst, korleis den verkar i praksis. Det er viktig for å kunne gjere dei rette vurderingane utifrå dei utrekningane som vert gjort. Pytagoras, sinus, cosinus, vektorrekning, dekomponering og ei meng andre matematiske reiskap var tekne i bruk for å finne rette svar. Her vart teoretisk kunnskap kopla til praktiske oppgåver på ei reell måte.



Kvar gruppe hadde laga ein presentasjon av si løysing,
som dei framførte i fellesskap for oppdragsgjevarane.




Senthuran Ravinthrakumar er her i full gong med
å presentere løysingane som gruppa hans hadde komt fram til.


Vanskeleg, men kjekt
- Vi var nok ganske frustrerte i byrjinga, innrømte FY1–elevane.
- Vi trudde rett og slett at dette var alt for vanskeleg for oss. Men etter kvart som vi jobba oss inn i det, oppdaga vi at vi faktisk fekk det til, og det var kjekt! Dessuten er det første gongen vi har presentert ei utrekning for andre på denne måten, så det var også ei utfordring.

Reidar Andre Skarbøvik og Roar Engås frå Rolls Royce var også imponerte over elevane.
- Det er ofte fleire vegar til målet, og eg synest de har vist god forståing, sa Reidar, som har laga oppgåva og rettleia elevane i prosessen saman med faglærar Terje Pettersen.

- Eg synest det har vore kjempeflinke, fulgte Roar Engås opp.
- Presentasjonane var flotte, og det er tydeleg at det har vore jobba godt. De har no løyst oppgåver som vi jobbar med til dagleg. Vi synest at det har vore artig å vere med på dette prosjekt, og vi håper nokre av dykk har lyst til å bli ingeniørar, avslutta Engås henvendt til elevforsamlinga, før alle fekk t-skjorter som takk for innsatsen.


Her er FY1-elevane samla etter presentasjonane.

Bak til venstre står faglærar Terje Pettersen og
bak til høgre står Roar Engås og Reidar Andre Skarbøvik frå Rolls Royce Marine.


Avslutningsfasen gjenstår
I aller siste del av prosjektet var det planlagt eit besøk til Rolls Royce Marine - det skulle vise seg å vere ei artigare oppleving enn nokon hadde forventa...

Les om besøket ...



Haram vidaregåande skule takkar for eit gjevande og godt samarbeid
frå vi starta i planfasen og fram til siste slutt i prosjektet. Dette har vi sett stor pris på!


Hovudsida