Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar >


"Bli kjend med Haram kommune" - prosjektet

Våren 2009 og våren 2010


Å ha god kjenskap til heimkommuna si, og ha litt kunnskap om kva for yrke som finst der, er viktig for ungdommen vår. Over ei lengre periode har ei elevgruppe ved HVS fordjupa seg i dette emnet.

Elevane har nytta internett for å finne bakgrunnsinformasjon, førebudd intervju og vore ute på besøk for å snakke med arbeidstakarar i ulike yrke, og slik fått høyre meir om kva dei gjer på i kvardagen sin.

Litt tid til å nyte Brattvåg sine sosiale arenaer, har det og vore høve til. Det er mykje kjekt å lære i nærmiljøet!


Kommunalteknisk drift - Bygg og Eigedom

23.04.10.

Vi har no halde på med Haram kommune sine ulike avdelingar i lengre tid, og i dag skulle vi besøke dei som arbeidar ved Kommunalteknisk drift - Bygg og Eigedom for å høyre om deira jobbkvardag.

Vi møtte opp på kontoret til Per Langenes, som er einingsleiar. Vi stilte han nokre spørsmål om kva dei driv med, og han svarte oss med greie og klåre svar.
Han administrerer tre underavdelingar. Veg, vatn, avløp, avfall og bygg er samla i ei avdeling. I tillegg er det Reinhaldsavdeling og avdeling for Brannvern, feiing og akutt forureining. Det var 40 reinhaldarar i Reinhaldsavdelinga og dei har 7 brannstasjonar tilknytta Brannvern, fortalde han.

Dei fleste som jobber innan desse avdelingane er utdanna ingeniørar (det er tilsett 6 stk), teknikarar, fagarbeidarar-vedlikehald, maskinførarar, brannfolk, inkl. ein brannsjef, og som sagt, reinhaldarar.

Dei som arbeidar på kontoret har fleksibel arbeidstid mellom kl.0700 og 1700.
I arbeidstida held dei styr på drifta, gjer planleggingsarbeid av t.d. utbygging av vegar og legg inn anbod. Dei tar og i mot publikum mellom kl.0800 og 1500 som har ærend eller spørsmål.



Vi fekk kome inn og sjå kva den enkelte arbeidde med:
Her er Rolf Tennø på Kommunalteknisk drift,
som informerte oss om arbeidet sitt.



Vi fekk til slutt eit innblikk i korleis mange av dei nyare kommunale bygga blir overvaka og styrte når det gjeld oppvarming. Dei vart rett og slett styrte frå ei datamaskin med styringstastatur framom!

Takk for god mottaking og interessante visningar!



Glimt frå våre mange utflukter i dette prosjektet

Sjølve prosjektet "Bli kjend i Haram" starta vi opp i førre skuleår, men Haram kommune har i grunn så mykje spennande å by på, at vi ikkje kom over alt i løpet av ein vår. Difor starta vi opp med nye bedriftsbesøk også denne våren, smiler elevane lurt. Undevegs har dei tatt bilete og gjort seg nyttige notat. Ein skulle tru dei no har vore innom fleire arbeidsplassar enn folk flest elles i Haram, og dei meiner dei er blitt godt kjende med kommunen sin.

Her kjem ein liten biletkavalkade som viser glimt frå opplevingane deira.

BUTIKKTILBOD I BRATTVÅG

Stoffbua












BRATTVÅGSENTERET

- ein stad med fleire typar serviceyrke -


Sport1





POSTEN

























BANKTENESTE


















Men ikkje alt ligg plassert nede i hovudgatene i Brattvåg.
Oppe i Åsen finn ein eit anna viktig tilbod for dei som bur i
denne delen av kommunen:

HELSETENESTA

Brattvåg legekontor



Ja, det er sant, det er så ein kjenner det i magen,
sjølv om ein ikkje faktisk skal inn ...
"Tull", smiler andre.



Brattvåg sitt tannlegekontor
ligg vegg i vegg med legesenteret i same bygget oppe i Åsen.
Det var naturleg at vi tok med denne arbeidsplassen på runden vår.



Distriktstannlegen og hans sine hjelparar fekk og eit besøk,
trass i at mange nok har vore innom her før.
Men no var det vi som regien med våre spørsmål.


Venterommet og den hyggelege døra inn.
Som nokon av oss kjenner godt igjen frå tidlegare tider.
Vel, det kan få kven som helst til å føle skepsisen sige på ...




HARAMSSENTERET

Sjukeheimen i Brattvåg
finn vi nede i Storgata, i Haramssenteret.
Her er det og fleire omsorgsbustader, dagsenter og kafe.



Vi fekk vite litt om korleis det er å jobbe på denne sjukeheimen,
og vi fekk vite litt om korleis det er å bu der.

Bileta er naturleg nok berre av oss - i korridoren -
for dette er jo heimen deira, så kamera lot vi ligge i veska si.



Trivelege, lyse lokale,



... og gode stoler å pause seg i !














































Brattvåg Bowling

 









Eit av høgdepunkta våre - Fjord1


































Haram kommune



















Hovudsida