Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Diverse informasjon
om stipendmoglegheiter, våren 2010
Søk om utstyrsstipend –
alle med ungdomsrett får!
Publisert 08.06.10.
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande
opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra
tener. Hugs at du må søkje for å få
stipendet.
Når kan eg søkje?
Du må takke ja til skoleplass før du kan søkje
om stipend og/eller lån.
Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass,
du må vente til du har takka endeleg ja til ein skoleplass.
Kvar kan eg søkje?
Det er to moglege søkjemåtar;
1. Du kan logge inn på www.vigo.no
og søkje derifrå når du seier ja takk til
skoleplass. Du loggar deg inn med MinID.
2. Du kan søkje frå www.lanekassen.no.
Du loggar inn med MinID her og. Korleis
får eg pengane?
Gongen i prosessen er slik;
1. Du sjekkar resultatet av søknaden på Dine sider
på www.lanekassen.no.
Logg inn med MinID.
2. Når søknaden er behandla, kjem svaret (stipendmeldinga)
til skolen. Hent brevet der når skolen startar til hausten.
Ingen får utbetalt pengar før skolen har starta.
3.
For å få pengane til kontoen din må du skrive
under på brevet (stipendmeldinga)
og sende det tilbake til Lånekassen. Er du under 18 år,
må også ein av foreldra dine skrive under.
Frå 1. juli får Lånekassen nytt telefonnummer.
Har du spørsmål om lån og stipend
er det 22
70 03 00 du må bruke for å få hjelp.
Hovudsida
|
|
|