Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






 
Prosjekt RUS I UNGDOMSMILJØ i klasse 1H

Våren 2003


Storyline som arbeidsmetode har HVS nytta i fleire år nå, men berre på allmenne fag. I år bestemte lærargruppa knytt til gk. Helse- og Sosialfag at tida var inne for å prøve metoden på ein yrkesfagsklasse.


Klasse 1H
(dessverre var ikkje alle tilstades når bilete vart tatt)

Prosjektet
Tema RUS vart valt, både pga. sin aktualitet og fordi dette emnet ga gode høve til tverrfagleg fordjupning. Lærargruppa starta tidleg planlegginga av eit tverrfagleg prosjekt basert på norsk og studieretningsfaga innan helse- og sosialfag. I slutten av mars var rammene klare og elevane vart presentert for storyline som metode og gruppeinndelinga avklart. Frå og med da vart dei enkelte gruppene sett på Raude Kros-team, og veka etter tikket oppdraget inn. Så var det hele i gong.

I løpet av dei neste to vekene hadde det enkelte teamet skapt kvar sin ungdom med tilhøyrande familie og greid ut om noverande livssituasjon og utviklinga for ungdommen gjennom det neste året. Det heile vart leia fram av situasjonar og hendingar som teamet plutseleg måtte forhalde seg til. Elevane veksla mellom ulike roller undervegs; - frå å vere representantar i Raude Kros, til å vere ungdommen sjølv eller ein av familiemedlemmane, for så å representere omverdenen i form av fagpersonar eller vener.

Undervegs vart det lagt inn små presentasjonar, rollespel, opplæring i IKT-verktyet Power Point, samt rapport- og brevskriving i ulike situasjonar.

"Raude Kros-teama" presenterer ungdommen dei måtte ut å søkje etter,
og gjer greie for kva dei opplevde denne kvelden/natta.


Opplæring i IKT-verkty



Elevar frå VKI-AF ga opplæring i Power Point



Ein heil dag var sett av til dette arbeidet. Målet var å
leggje malen for framsyninga på slutten av prosjektet
.




Etterkvart vart elevane sjølvstendige i arbeidet,
og trong berre konsulenthjelp av og til.

Det heile endte opp i ei framsyning i auditoriet der både faglærarar, administrasjonen ved skulen og ein representant frå forskarmiljøet i Volda var til stades. Ei framsyning med spenst, gode elevprestasjonar og ei rett uventa avslutning, som verkeleg fanga sitt publikum.

Nye utfordringar
I ettertid har elevane og tatt utfordringa og presentert prosjektet sitt for eit yngre publikum. Ei elevgruppe frå 1H var nede på ungdomskulen og la fram kva dei hadde å tilby. Torsdag 15. mai kom fire 8. klasser frå Brattvåg ungdomsskule på besøk i auditoriet og fikk presentert prosjektet RUS av 1H.


Alt klart for framsyning for elevar ved Brattvåg ungdomsskule

Tilbakemeldingane frå ungdomskulen var positive. Elevane likte framføringane, og dei syntest Storyline-metoden såg spanande ut. Innhaldet engasjerte - og, som oss, syntest dei at tema var aktuelt både for denne aldersgruppa og andre.
 

Vi takker 1H for innsatsen, og roser dei for at dei klarte å gjere oppdraget sitt så gjennomført, og så overraskande elegant.

Tilbake til:
ELEVKVARDAGEN

STORYLINE

HOVUDSIDA