Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her >> Skule + næringsliv >> Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2003/2004

 
Norwegian recruitment course part 2 Stratford, England

Laurdag 14.2 – søndag 22.2 var 16 elevar frå Haram og Ulstein vidaregåande skule samla på Vigra flyplass for å reise til England for å gjennomføre siste del av motivasjonskurset retta inn mot aktuelle søkjarar til ingeniørutdanning.

Reisemålet var Stratford-upon-Avon.
Avon er gallisk for elv og namnet tyder såleis vegen over elva.

Vi gjekk om bord i Braathens 239 til Gardermoen, og ein time seinare var vi klare for ny reise med SAS til London, Heathrow.
Etter eit kjapt flybytte, grunna mekanisk feil, kom vi til Heathrow berre 30 min etter planen. Der vart vi møtt av Sprint Line Coaches om frakta oss fram til Stratford og møte med vertsfamiliane. Å få bo i vertsfamiliar, var nytt av åreti dette kurset. Dei fleste elevane vart innplasserte to og to, og dette var dei godt nøgde med.

Søndag
møttest alle kl 0900 for å gjere seg nærare kjende med Stratford.


Biletet viser Shakespear sin fødestad.


Reiseleiarane studerte små
og spesielle detaljar -

på dei særprega byggverka.


Rett og slett naut den gode atmosfæra i byen.


Måndag
var det tidleg avreise til Coventry for å sjå på fabrikkane til Jaguar. Jaguar var ei imponerande bedrift som produserte om lag 250 bilar pr dag, og brukte 14 timar på å bygge ein bil.

Ingen bilar vart produserte før dei hadde ein kjøpar, og ingen delar vart produserte for lager.


Kven draumar ikkje om å vere eigar av ei bil som denne?

Gjennom vitjinga på Jaguar kom det fram at engelskmennene var svært stolte av bilproduksjonen sin – sjølv om Jaguar i dag er eigd av tyske Ford!


Eller kanskje denne fell betre i smak -
blant jentene?


Etter omvisinga vart det tid til ein kort tur i Coventry før turen gjekk attende til dei ulike vertsfamiliane og middag.


Eit knips utanfor Jaguar før dei unge tok seg ein
liten tur rundt i Coventry. Noko dei sette pris på.


Tysdag
var det Design og make Prodjekt i undervisningslokala til The Smallpeice Trust.. Smallpeice Trust er ein frittståande organisasjon som har kundar frå skular i heile Europa. Neste veke skulle dei ha vitjing av elevar frå Spania.
I tillegg køyrer dei kurs for det private næringslivet..

Oppgåva denne dagen var å bygge ei bru som skulle vere minst ein meter lang og kunne tole ei viss vekt. Elevane vart delte inn i grupper på 4, og fekk deretter presentert ein del rammefaktorar dei måtte ta omsyn til.

Brua skulle byggast av spagetti, og alt hadde sin pris. Nytta dei limpistol eller tau vart det kostnader, og slik skulle det illustrerast at brubygging måtte stå i høve til kostnader, og at det ferdige produktet prismessig stemte med kalkylane.


Før bygginga kunne ta til, måtte prosjektet presenterast.


Sjølv om planer og skisser var klare nok,
så starten relativt kaotisk ut.


Men så vart det meir orden i kaoset.


Og etterkvart begynte bruene

å ta form i alle gruppene.


Etter lunch var det Time Management – noko som sikkert vi alle kan trenge frå tid til anna. I denne sekvensen vart det fokusert på planlegging og prioritering og kunsten å skilje ”urgent” frå ”important”.

Frå forelesninga i Time Management.


Ivrige elevar i gruppearbeid.

Dagen vart avslutta med felles bowling, og til slutt var det middag hjå dei ulike vertsfamiliane.


Bowling med fres!


Onsdag
var den store dagen for å gjere ferdig bruprosjektet. No skulle det avgjerast om kalkylane var rette , og om brua kunne tole vekt.


Det var like spennande for alle når dei ulike bruene vart testa.


På bakgrunn av kompliserte utrekningar, med pluss og minus, vart ein vinnar kåra – til overrasking for dei fleste ( men ikkje dei sjølve).

Vinnarane av bru-prosjektet!

Vinnarane hadde bygd ei svært rimeleg bru – faktisk billegare enn budsjettert. I tillegg tolte brua mykje sett i høve til eigenvekta si. Den var bygd på kortast mogleg tid, og tid er som kjent pengar.

Men dei andre hadde laga flotte bruer, dei og. Berre sjå:





Torsdag var det ny dag og Project Management.
Det betydde ny konkurranse og ei innføring i Microsoft sitt prosjektplanleggings-verkty. Oppdraget var å planlegg alle arbeidsopperasjonane knytta til å sette i stand ein engelsk hage. Her var tidsbruk viktig, og i tillegg fekk elevane sjå korleis ein må tenkje dersom ein skal gjennomføre eit prosjekt der ein er avhengig av mange ulike yrkesgrupper og operasjonar.

Før arbeidsoppgåvene kunne matast inn i Microsoft sitt program,
måtte alt planleggast ved hjelp av post-it lappar.


Om kvelden torsdag var det samling utanfor Royal Shakespeare Theatre for vising av ”Beauty and the Beast”. Dette vart nok ein svært positiv oppleving for både elevar og lærarar.


Fredag
reiste vi til Warwick for å sjå nærare på Warwick Castle. Eit imponerande byggverk med historie helt attende til 1050. Spesielt for denne borga var at ho var eigd av ei privat stifting - noko som er uvanleg for slike byggverk.


Som reiseleiarar i år stilte
Ivar Roald (HVS) og Sverre Bjåstad (Ulstein vgs.) sporty opp.
Her står dei i toppen av slottstårnet og ser ut til å trivast godt i jobben.


Warwick Castle


Utsyn frå tårnet ...

Innsyn i forgange tider og -


forhåpentlegvis - avlagte "skikkar"

Mykje vart levandegjort for publikum under besøket.


(Fleire bilete fra Warwick Castle finn du under dei andre reportasjane frå tidlegare år)
.


Etter lunch reiste vi attende til Smallpeice Trust for utdeling av Certificates, og Derek Wiggins delte ut eit synleg prov på at elevane hadde gjennomført kurset.

Representantane frå Haram vgs.


Representantane frå Ulstein vgs.
og bedriftsrepresentant Ingebjørg Rønning (Rolls Royce)

Laurdag var ein stor dag for mange.
Premiership og Wolverhamton – Fulham (2-1) med over 28000 til stades var ei oppleving. Ikkje eingong ein iskald nordavind kunne legge dempar på stemninga.


Ulike situasjonar under den spennande fotballkampen.


Søndag
var det tidleg avreise med kurs for Heathrow. Reisa gjekk etter planen, og om lag kl 1800 var vi attende til utgangspunktet – Vigra flyplass.


Oppsummering
Elevane var samstemte på at dette hadde vore ein interessant og lærerik tur.
Å kome inn i ein engelsk familie med deira vanar og skikkar hadde vore lærerikt. I tillegg var den faglege biten godt teken vare på gjennom Smallpeice Trust, og gjennom arbeid sitt i grupper fekk elevane eit innblikk i ulik arbeids- og tenkemåtar som kan vere aktuelle i eit framtidig arbeid.

Meir om kurset finn du i;
Hovudartikkel om Motivasjonskurset,
- inkl. oversyn over fleire referat frå tidlegare kurs.