Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Juletrimmen !
17.12.03

Like før jul arrangerte HVS ei turnering i innebandy. Kvar klasse stilte med minst eit lag. Ettersom ein ønska å aktivisere flest mogleg, vart alle større klassar oppmoda til å stille med fleire lag, og den utfordringa var det fleire klassar som tok. I guteklassen stilte det opp både reine gutelag og blanda lag. Dei reine jentelaga fikk sin eigen cup, med kampar inne i turneringa.


I løpet av dei første kampane ...


- vart alle klar over at dette kom til å koste svette.


Men det, og meir til, var dei fleste villig til å ofre.


Nokre var snare til å snappe ballen ...


- og det må ein ta med eit smil, slik som her.


"Ikkje om eg skal verte stoppa denne gongen! "


"Det vart eg da heller ikkje. "


Men i innebandy snur det fort ...


- Kven stopper kven nå? -

Som ein kan sjå av bileta, var det lite å seie på innsatsen til dei som deltok på banen. I følgje dommarane var det for det meste fint spel, og mange blide fjes, trass harde tak. Men tøffast av alle var nok dei tapre sjelane som hadde tatt på seg målvaktjobben ...

Utanfor banen var det og høg konsentrasjon:

Etter første kamp var spenning og puls i god høgde.


Kampoppsettet vart studert nøye.
Kven er neste motstandar?


Publikum hadde vi og - mange - sjølv om den gjengen ikkje vart fanga inn av kameralinsa denne gongen. Det var rett og slett for risikabelt å våge seg ut på banen for å sikte inn tribuneanlegget.

Seirande ut av turneringa gikk grunnkurselevane på mekaniske fag, klasse 1D/1E.

Vinnarar !

Spelarane på laget til 1D og 1E.


I innebandy-cupen til jentene var det grunnkurs Helse- og sosial, 1H, som vann.

Vinnarar!

Spelarane til klasse 1H.

Da var det berre å ta med seg det gode humøret inn i jula.

Aktivitetsdagar
Hovudsida