| Du er her >> Aktivitetsdagar |
Skidag på Strandafjellet 10. mars 2004
|
Kl. 0815 var bussane klare for avgang ved HVS. Skikledde morgonfuglar
gledde seg til å innta fjellet - og finveret
la ingen dempar på stemninga!
Oppe på Strandafjellet var vi langt frå
einaste skulen som ville ut og nyte snø og
solskinn denne dagen. Nye busslaster kom etterkvart
sigande inn på parkeringsplassen, og sprudlande
ungdom spreidde seg raskt utover heile alpinanlegget.
Det skulle bli ein ny flott skidag for elevane våre. |

"Uten mat og drikke, ..." vert det sagt, og
sant er det.
Våre lokale heltar brukte energi i bakken - og koste
seg elles
både med si medbrakt niste og/eller med varmestove-mat.
Godt var det, uansett!
Småprat og avslapping høyrer med.
Så var det opp igjen i bakken ...
Der fleire tok seg tida til å nyte utsynet,
før ein sette utfor dei ulike traseane.
Her var det plass nok til alle som ville prøve seg.
- - -
Lærargruppa hadde med forsterkningar denne dagen.
Og små bein renn like fort som lange bein, berre
så det er sagt.
Kanskje held dei til og med lenger, dei korte beina?
Men rett skal vere rett, desse karane gav seg ikkje før
dagen var omme
- - -
Men kor er bileta frå akebakken?
For der borte var det liv! Snødekte villbassar suste
og spratt rundt i
snøskavlane, med glis frå øyre til øyre.
Kan hende kjende ikkje fotografen igjen elevane sine inne
i hjelmane?
- - -
Varmestova
Her inne var det ei jamn summing,
eit og anna brøl, og mykje godt humør.
- - -
Ein flott dag, for liten og stor ...
- om ein tok i bruk skia eller ikkje.
Kjentfolk frå den vaksne delen av Spjelkavik vgs.
Tilbake til
Aktivitetsdagar
Hovudsida