Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Skule + næringsliv > Artikkel

Besøk frå NTNU på HVS
15. april 2004


Under arbeidet med å utvikle studietilbodet IBD (International Business Development) har skulen i samarbeid med lokalt næringsliv og kommune-administrasjonen bestemt å bygge opp eit innovasjonsstudio ved skulen.

Dette har ført oss til NTNU der dei har utvikla eit konsept for funksjonell oppbygging og bruk av "nettmøte-studio" eller design studio, som dei sjølve kallar det. Torsdag 15.04 kom to representantar frå NTNU til HVS for å presentere "PHYSUAL DESIGNING" for elevar og lærarar på skulen. I tillegg var fleire representantar frå bedrifter, kommune og fylket inviterte.
Assisterande rektor Jan Magne Helland ønskte alle velkomen og fortalte innleiingsvis litt om arbeidet som er gjort til nå i høve IBD og innovasjonsstudio før han overlot publikum til gjestane frå NTNU.


Blant publikum satt og Anne Seth (Haram kommune),
Guttorm Ulla (som bl.a. er nytilsett leiar for innovasjonsstudio ved HVS)
og rådmann Jan Petter Eide.


PHYSUAL DESIGNING - samarbeid i geografisk spredte team.

Her overtok Kjetil Kristensen og Jens Røyrvik frå NTNU, Institutt for produktutvikling og materialer. Dei fortalde levande, bokstaveleg talt, om kva førsteårsstudentar til vanleg møter når dei startar ved NTNU, kva for krav og kva for måsetting ein har ved studiet. Dei viste filmsnuttar og bilete som levandegjorde inntrykket av dagleglivet ved instituttet.


Kjetil Kristensen og Jens Røyrvik frå NTNU
Ettersom produktutvikling er ein viktig del av det heile, ga dei publikum eit innblikk i korleis produktutvikling har vore gjort opp gjennom tidene, før dei gikk over på motivasjonen for deira eigen forskning, som er retta mot teamarbeid.
Det er i dette arbeidet Design studio er utvikla - ein møteplass for team med geografisk spredte teamdeltakarar.


Kjetil Kristensen starta friskt det ein-time lange foredraget.
I bakgrunnen ser vi Jens Røyrvik ved PC-en sin.



Her illustrerer han korleis Design studioet sitt dataverkty
fungerer. Etter det fikk publikum oppleve "live" korleis det er å vere direkte oppkopla til studioet i Trondheim.

Undervegs var det nok nokon som lurte på kva omgrepet PHYSUAL sto for. Og det var naturleg nok - for omgrepet er nytt og oppsto ut av ei samansmelting av dei engelske omgrepa physical, virtual og visual. Physual famnar dermed fysiske samarbeidsarenaer, virtuelle samarbeids-teknikkar og visuelle arbeidsmåter - som alt er å finne i design studio.

Vil du vite meir om PHYSUAL DESIGNING , har dei ei informativ heimeside du kan besøke.


Vidare opplegg for gjestane
Presentasjonen i auditoriet ved HVS var starten på eit to-dagars opplegg med inviterte deltakarar fra næringslivet, kommunen, Haram vidaregåande skule og Møre og Romsdal fylke. Etter presentasjonen for elevar og tilsette ved HVS, fulgte eit tett program med bedriftsbesøk, foredrag ved professor Hans Petter Hildre frå NTNU og diskusjonsmøter.

Ut over våren vil det praktiske arbeidet med "Haram Innovasjonsstudio" starte opp. Vi ser fram til det vidare samarbeidet.


Jens Røyrvik (NTNU), Guttorm Ulla (leiar av innovasjonsstudio), assisterande rektor Jan Magne Helland og Kjetil Kristensen (NTNU)



Tilbake til:
- Skule + næringsliv
- Hovudsida