Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Elevkvardagen > Artikkel

"Elev lærer elev"

Førstehjelpskurs for elevar ved VKI Elektro
15.04.04

Ein god elektrikar skal kunne sin førstehjelp, så seier regelverket.
Og elevane våre ved VKI Elektro skal nå vere vel informerte både om korleis god førstehjelp skal utførast, og om teorien bak dei ulike handlingane.

For når tida for opplæring i førstehjelp nærma seg i elektroklassen, hadde det allereie vore høgare aktivitet enn vanleg i eit anna klasserom ved skulen. I dette klasserommet held elevane ved grk. Helse- og Sosialfag til, og dei hadde fått i oppdrag å gi VKI Elektro opplæring i førstehjelp. Teori vart systematisert på fine plakatar, mens meir utfyllande fagstoff vart laga til i egna rapportar/brosjyrer. Undervisningsplaner vart laga, og arbeidsoppgåver fordelt.

Så var det klart for Førstehjelpskurs
.
HS-elevane hadde lagt opp til ein kombinasjon av teori og praksis i kurset. Dei hadde eit lydhørt publikum, som var aktivt med heile vegen. I alt vart det brukt 4 timar på kursinga, nok til å gå gjennom det aller viktigaste.




Ein røynde HS-elev (t.h.) demonstrerte korleis gjennoppliving bør skje,
og forklarte kva som er viktig å hugse på undervegs og kvifor.



Etterpå fikk kvar av "elektrikarane" prøve seg etter tur.

På spørsmål i ettertid om kva elektroelevane syntest om slik undervisning, var svaret eintydig positivt, og det var spesielt greit at HS-elevane sjølv underviste.
Elevane i 1H (grk. HS) meinte at også dei lærte mykje i prosessen.

Kan hende kan dette etterkvart bli eit naturleg samarbeid mellom grk. HS og VKI Elektro. Det får tida vise ...



Andre aktivitetar knytt til grk. Helse- og sosialfag:
Utplassering av elevar ved grk.HS, H-2003
Prosjekt RUS, V2003


Tilbake til hovudsida