Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Elevkvardagen >> Artikkel

Førstehjelp i praksis
24.05.04

"Kva er det som skjer?", var eit gjentakande spørsmål i korridorane på HVS denne dagen. Ikkje så rart kan hende, når du møtte på "skadde" personar både i trapperom og på kontor rundt i bygget.
I lag med den "skadde" sat jenter frå grunnkurs Helse- og sosial og prøvde etter beste evne å gjere det rette i situasjonen, mens dei søkjande prøvde å resonnere seg fram til ei riktig diagnose/løysing på det heile.

Som her, der dei vart kalla inn på kontoret for å hjelpe ein person som låg medvitslaus på golvet. Kva kan det vere, og kva skal vi gjere?, var spørsmåla jentene måtte stille seg sjølve.


Ein dyktig markør gjorde inntrykk på dei involverte.

Det var lærar i førstehjelp, Ingegjerd Osvik, som hadde tatt kontakt med Raude Kors lokalt og spurt om det var mogleg å lage til eit opplegg i førstehjelp som ga elevane ei kjensle av å arbeide i røynda. Ho fikk positiv respons, og heile 6 representantar frå Raude Kross stilte opp og laga ein spannande dag for elevane.

I løpet av dagen møtte dei på epileptisk anfall, beinbrot og eit tilfelle med skrubbskade og påfølgjande sirkulasjonssvikt. Det heile vart opplevd særs ekte, og elevane fikk verkeleg prøve seg.

"Skremmande", "spanande", "lærerikt", "stilig", var ord som lett kom fram ved oppsummeringa etterpå.


Elevane i 1H i lag med markørar og medhjelparar frå Raude Kross.

Vi takkar Raude Kross for innsatsen, og håper det lar seg gjere å gjennomføre fleire slike opplegg i framtida.

Andre aktivitetar knytt til grk. Helse- og sosialfag:
"Elev lærar elev" - førstehjelpskurs for grk. elektro
Utplassering av elevar ved grk.HS, H-2003
Prosjekt RUS, V2003


Tilbake til hovudsida