Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Bibliotek >> Startinfo.

Skulebiblioteket vårt

Oppgradert bibliotek ved HVS.

01.07.04

I løpet av 2004 vil biblioteket ved skulen stå fram i ny, og voneleg, innbydande form.
Hausten 2003 gikk skulen inn eit samarbeid med Haram Folkebibliotek, ved David Beadle, investerte i biblioteksystemet Micromarc og ei arbeidsgruppe starta planlegginga av ei ny utforming av biblioteket ved skulen.

Tidlegare lesesal og bibliotek var ein heller tilfeldig brukt del av skulen, og sjølve biblioteket verka kaotisk og overfylt for dei besøkande. Dette ville vi endre, og i planarbeidet har vi hatt som målsetting at det nye biblioteket skal gi rom for studier, både individuelt og i grupper. I tillegg ønskte vi å skape eit lyst og triveleg miljø som stimulerer til auka bruk, leselyst og kunnskapssøken.

I planleggingsperiden besøkte arbeidsgruppa biblioteket ved Høgskulen i Molde og bibliotekar Anne Hustad, til god inspirasjon for det vidare arbeidet. Skulen. fikk og overta ei ubrukt resepsjonsbue som var plassert på eit overskotslager ved høgskulen, så besøket vart fruktbart på fleire måtar.

Bibliotek/lesesal.
Biblioteket består framleis av to rom, men er ominnreid til ei samla eining.
Det første rommet inneheld hovuddelen av skulen sin litteratur, to gruppebord (etterkvart med PC-tilgang) og nokre individuelle studieplassar.Resepsjonsbue og arbeidsplass for bibliotekar er på plass. Bøker er reorganisert og det gamle reolsystemet har fått ny utsjånad. Etterkvart kjem nye gruppebord, designa ved NTNU, som det skal bli spennande å ta i bruk.


Resepsjonen i biblioteket,
staden
for utlån, innleveringar eller spørsmål til bibliotekar.


Flyttar ein seg vidare innover i neste rom, kjem ein over i tidsskriftsavdelinga.
I dette rommet er det og plassert ut gruppebord m/PC-tilgang, individuelle arbeidsplassar, samt leksika og anna litteratur som ikkje er til utlån. Førebels sparsomt møbler, men det vil rette seg over tid, etterkvart som ein ser kva behov som melder seg.


Arbeidsplassane i tidsskriftsavdelinga er lyse og fine, og mykje i bruk.

Gode tips innan litteratur
- SKULEBIBLIOTEKET
- Haram Folkebibliotek, Brattvåg.

Arbeidsgruppa, bibliotek HVS



Hovudsida