Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar - fagopplegg grk HS

Utplassering av elevar i Grunnkurset Helse- og sosialfag

Klasse 1H var utplassert i veke 39.
Grunnkurs HS har røynsle med utplassering av elevar frå våren 2003. Dette var så positivt at vi ville gjere eit nytt forsøk. Lærargruppa i 1H bestemte at vi skulle ta utplasseringa tidlegare i skuleåret inneverande år, slik at elevane i god tid fekk prøve seg i yrkeslivet før dei skulle bestemme seg for kva linje dei skulle velja neste år. Det kan hende det vart litt i tidlegaste laget før haustferien, da det vart litt hektisk å få alle praksisplassane i boks. Dessutan kunne kanskje elevane hatt bruk for litt lenger tid til førebuing. Vi ser at ei utplassering etter haustferien kan vere meir ideelt. Men vi må ta omsyn til positive tilbakemeldingar som

  "bra at vi fekk dette så tidleg på året,
då veit vi om det passar for oss når vi søker vidare neste år"
 
Elev, 1H

Mål for utplasseringsperioden
Føremålet var at elevane skulle få prøve seg ute i arbeidslivet for å få erfaring med og innsikt i arbeidslivet generelt, og i eit sjølvvalt yrke spesielt.
Alle elevane fekk utdelt mål frå læreplan i grk.HS som dei skulle bruke aktivt i løpet av arbeidsveka. Dei førte logg kvar dag, og noterte ned i høve arbeids-oppgåver og læreplanmål. Desse notatane vart grunnlaget for etterarbeidet på skulen veka etter.

Arbeidsplassar
I år valde vi å spre elevane utover fleire yrker, tilpassa elevane sine ønskje. Dei ulike jobbane var innafor; barnehage, SFO, apotek, sjukeheim og ambulanse-tenesta. Sistnemnde var nytt i år, men ei positiv erfaring.

Elevane som arbeidde i barnehagar fekk prøve seg i ulike situasjonar;
inneleik, uteleik,
samlingsstundar
og temabaserte aktivitetar.

Tilbakemeldingane var
jamt over gode
-
både frå elevane
og arbeidsgivarane.



Ein av elevane tilbrakte veka i lag med ambulansetenesta i Haram
-
medan andre var til teneste på apoteka i Brattvåg og på Moa

Erfaringar i år
Elevane har gitt attendemelding om erfaringane dei har gjort seg etter denne veka.
Det har vore mykje positivt, som desse sitata er døme på:
 

"Opplegget var toppers"
" - fekk vere med på alt som skjedde på arbeidsplassen, vart godt behandla av personalet - "
"- følte meg som ein del av det heile - "
"Eg fekk tillit og ansvar"
"Eg vart sikrare på meg sjølv undervegs"

" - kunna vore der lenger - "

" - lærte mykje gjennom observasjon - "
" - opplevd gleda med leik, song og skodespel - "
" - erfarte kor viktig det er med aktiv deltaking av vaksne i leiken, at vi kan vere gode rollemodellar for borna - "
" - ei viktig røynsle var kor ulike borna er i høvet, lynne, behov for merksemd etc. - "

 

Men òg litt negativt kom fram,
men da retta mot at kan hende var ikkje dette rette yrket likavel;
  " - av og til litt lite å gjere - "
"- dette var greitt for ei veke, men ikkje lenger for meg - "
 

eller motsett;
  " - skulle hatt ei veke til, lettare når ein vart kjend med borna - "  

Det positive var i høg grad det mest utslagsgjevande i oppsummeringa.
Og det var ingen som misslika seg. Så vi kan vel kort konkludere med at opplegget var svært vellukka, og at vi må prøve å få til det same neste år.

Lærargruppa i 1H

Elles litt om:
Utplassering hausten 2004

"Elev lærer elev", våren 2004
Hovudsida