Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar - artikkel
Kurs i samarbeidslæring for grunnkurs Allmennfag
18. september dro klasse 1A i "skjul" for å drive
samarbeidslæring. Turen gikk til Orreneset, og skulle
vare i to dagar. I bagasjen fulgte det med både tennisballer,
hoppetau og anna tauverk, grillmat, godt humør og passelige
porsjonar med energi. Det skulle bli ei positiv hending i 1A
si skuleerfaring.
Utgangspunkt
Elevane har tidlegare denne hausten gjennomgått kurs i
samarbeidslæring i valfaget sitt Internasjonalisering.
Dette kurset fokuserer på det individuelle. Med seg i
bagasjen har elevane papir og notater frå dette kurset,
og erfaringane herfrå skal elevane no nytte i den vidare
prosessen.
Mål for samlinga på Orreneset
Det sentrale målet for samlinga var å sveise
klassen saman sosialt. (Klassen har 40 elevar). Samstundes
var det vesentleg å kome vidare med den prosessen som
vart starta på det første kurset. Ein freista å
gjere elevane meir medvitne om korleis dei kan nytte sine individuelle
kvalitetar i ein kollektiv samnheng. Vidare var det sentralt
at dei vart medvitne om korleis ein skal setje saman grupper
på ulike måtar og etter ulike prinsipp.
Vi hadde eit ønskje om at elevane skulle reise tilbake
frå samlinga med ei kjensle av at dei hadde kome vidare
og at kvar einskild elev no kjende klassen betre.
Nokre av jentene tar ein titt på området
kring hyttene.
|
Nokre av gutane tar fasilitetane raskt i bruk!
|
Og fotball var avkoplingssyssel nr. 1, så
klart.
(Avkoplingssyssel nr. 2 var å fiske fotballen
opp frå
vatnet ved sida av fotballbanen - jo, det var eit nett
der ...) |
Gjennomføring
Det vart nytta både praktiske og teoretiske øvingar
på samlinga. I tilleg vart det noko teori, men i små
doser. Det viktigaste var at elevane løyste oppgåvene
i fellesskap.
Program torsdag
| - |
Innkvartering og velkomstinformasjon |
|
| 1. |
Praktiske øvingar i samarbeid
- koordinering
-stafettprinsippet
|
(4 grupper a 10 elevar) |
| 2. |
Kva kjenneteiknar velfungerande team? |
Teori i plenum |
| 3. |
Kva er gangen i eit samarbeid? |
" |
| 4. |
Ulike måter å setje saman grupper på?
Presentasjon av ulike modellar |
" |
| 5. |
Utfordringar med ulike samarbeid |
Teori/praktiske øvingar |
| 6. |
Korleis kan du nytte dine kvalifikasjonar i eit team?
|
Diskusjon i grupper |
| 7. |
Praktisk øving -
der klassen i plenum lager eit produkt på 45 minutt
|
Praktisk øving |
|
8. |
Det kreative hjørnet
- dramatisering ved bruk av kroppsspråket
|
" |
Da var det tid for ein felles lunsj.
Etterpå fikk elevane eit oppdrag for resten av ettermiddagen/kvelden.
Klokka 20:00 skulle det vere ei forestilling av og med elevar
frå 1A. Dei måtte sjølve finne fram til bidrag
og sy det heile i hop til eit presentabelt program - og alle
skulle delta.
Og her imponerte elevane. Dei sette i gong med kreativ idemyldring
i større og mindre grupper, og øvde på sitt,
heilt fram til grillane sto varme og klare ved 18-tida.
Kvelden?
Ein heilaften med alt kva humør, auge og øyre
ville ha. Det vart ein kjempeartig kveld!
- Det vart ein romantisk aften -
|
- med mykje godt pianospel -
Fjørtoftsvarianten var og ein fryd for øyra,
men tausene vart ikkje fotografert ?
|
- Stille konsentrasjon før forestillinga
-
Program fredag
Etter frukost, var det tilbake til programmet igjen.
|
9. |
Sentrale individuelle haldningar i eit team |
Teori/praktiske øvingar |
|
10. |
Å skape eit vellukka team
- og vere den ein er |
" |
Så var bussen plutseleg der, hus og hytter var ferdigvaska.
1A reiste tilbake til sivilisasjonen, og hadde hatt to lærerike
dagar, som dei da og i etterid har sagt dei set stor pris på.
Slitne?
Nei, ikkje vi -
|
- men det kan ikkje denne karen seie.
For han sov nemleg godt! - |
Det var godt det var ei lang og god helg dei neste dagane,
- for både elevar og lærarar...
Bilete av elevar i 1A
Tilbake til
- Hovudsida
- Meir om IBD
|
|
|