Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Artikkel

Bokmesse - for ungdom
Korleis skape meir leselyst hjå unge ?

Onsdag 19.11 arrangerte elevane i 3A (VKII - AF) bokmesse i auditoriet i høve avsluttinga av arbeidet sitt i norsk, nemleg særemnet. Elevane har gjennomført eit noko annaleis opplegg i norsk denne hausten, med bruk av ulike arbeidsmetodar, som t.d. storyline, og presentasjonsformer i si litterære fordjuping. Det har skapt innleving, og resultert i to inspirerande og informative bokformidlingar i auditoriet.

Bokmessa var den siste av desse, der elevane skulle få høve til å presentere den tredje boka si for eit større publikum. Presentasjonane skulle knytast opp mot ei eller fleire konfliktar som kom til uttrykk i bøkene deira.


Faglærar , Ingunn Hellevik, og Alice,
som leia publikum gjennom bokmessa.

Auditoriet vart gradvis fylt opp i løpet av friminuttet.


Nokre var meir spent enn andre?
Framme sit to av Lars Saabye Christensen sine rollefigurar og ventar;
"Otto" med sin fotball,
og "Herman" som lurer på kva han har gitt seg ut på ...



Auditoriet syda like før start.
Elevar frå 2A (VKI-AF) og 3I (VKII-TAF), samt fleire lærarar og representantar frå administrasjonen, strøymde til. Stemninga var nervøs, småpraten sprakk i kvin og knis. Framme, ved bokpresentasjonane, sto elevar frå 3A og øvde litt i løyndom mens dei finpussa siste detaljar i presentasjonen sin. Så vart lyset dempa - og bokmessa kunne starte.

Elevane presenterte gruppevis ulike forfattarar og deira romanar eller forfattarskap. Det vart framvist stor variasjon og kreativitet i dei ulike framføringane. Det var fleire personintervju med "forfattarane" og med romanfigurar, dramatisering av utdrag frå bøkene, diskusjonsmøte mellom "forfattarar", og mye mer. Det var og ein episode i programmet "GOD FORMIDDAG, HVS!" der programleiarane Terthe og Berthe Skalpell elegant loste publikum gjennom intervju med både "Ingvar Ambjørnsen" og "Amalie Skram", og andre kreative programinnslag. Alle gruppene hadde valt sin eigen vri, så det heile vart spennande og inspirerande.

I etterarbeidet har elevane fått uttrykke korleis dei sjølve opplevde å arbeidet med særemnet på denne måten. Dei vurderte og sin eigen innsats gjennom heile prosessen. Her er smakebitar av dei innspela vi har mottatt.
(Presentert med løyve frå elevane i 3A)

Forfattar: Karin Fossum

"Vi har fått eit godt innblikk i sjangeren krim, og i Karin Fossums forfattarskap. Ingen av oss angrar på forfattarvalet,
" seier desse jentene.


" Vi hadde om Karin Fossum, og hadde lest forskjellige bøker som 3. bok. Det løyste vi med at alle presenterte si bok kort, og så sette vi hovudfokus på
”Elskede Poona” som var den einaste boka alle hadde hatt ein gang i løpet av
arbeidet med særemnet.


Vi førebudde presentasjonen med å sitje i gruppe å diskutere dei ulike
framføringsmetodane. Vi kunne kanskje ha brukt litt meir tid heime, slik at vi hadde fått med meir, men alt i alt tykte vi førebuinga gjekk heilt greitt. Vi samarbeidde godt, og kom til slutt fram til ein variert presentasjon med både dramatisering, overhead og presentasjon av ei og ei bok. Vi har fått eit godt innblikk i sjangeren krim, og i Karin Fossums forfattarskap. Ingen av oss angrar på forfattarvalet. Fossum hadde ein interessant skrivemåte, med svært gode menneskeskildringar. Ho har tendens til å fokusere meir på menneska enn sjølve den kriminelle handlinga, og dette tykte vi var svært positivt.

Vi tykte det å ha bokmesse var ei fin erfaring og ei svært positiv forandring frå andre presentasjonsformer. Det blei ikkje så einsforming som presentasjonar ofte blir. Vi varierte som sagt godt, med både dramatisering, overhead og bokpresentasjon. Vi trur publikum likte det, for vi fekk god respons, spesielt på dramatiseringa vår.

Vi er svært fornøgd med samarbeidet, sjølv om det blei litt kort tid og stress på slutten. Vi burde ha tatt meir ansvar og gjort meir heime. Vi føler at presentasjonen var vellykka, og alt i alt er vi fornøgd. Det var også gøy å sjå på dei andre sine framføringar, nettopp fordi det var så variert. Vi er veldig positive til måten opplegget blei gjort på, og vi har fått auka leselyst! "

 
Glimt frå dramatiseringa
av hovudboka "Elskede Poona".
Ved å vise korte sekvensar av handlinga knytt til ein av hovudpersonane, fikk elevane fram både personlegdomen til denne personen og den raude tråden i boka.

Dei neste gruppene hadde arbeidd med:

- Ragnar Hovland -


- Anne Karin Elstad -


- Jostein Gaarder og Arnt Birkedal -


- Tove Nilsen og Camilla Collett -


Erlend Loe.

Gutane som arbeidde med forfattaren Erlend Loe skriv i etterarbeidet sitt:

  ”Vi er og nøgde med valet av forfattar, og synest det var kjekt å jobbe med særemnet på denne måten. Derfor anbefalar vi på det varmaste at denne metoden vert vidareført og nytta framover.”

”Vi fekk en glimrande ide om å ha med sjølve Erlend Loe på bokmessa, og med ein tekninsk magikar på gruppa, klaffa det bra. Vi skulle altså til med eit intervju med sjølvaste Erlend Loe i studio, live. (…)
Vi hadde ikkje klart å forberede eit ordentleg intervju, her tar vi sjølvkritikk, (…) men underhaldningsmessig kom det nok til å verte bra (…), ” tenkte gutane, og sette i gong. Nokre dagar seinare var det meste (?) klart til framføring. Dei skriv;

”Framføringa gjekk faktisk ganske bra, etter vår meining. Intervjuet med Erlend Loe slo an blant publikum, og berre ein viss ”God kveld, Norge”-parodi vart motteke med meir smil og latter.”

 


Jentene som gjennomførte parodien, hadde og eit gjennomført program for sitt publikum. Dei hadde arbeidd med kvar sin forfattar, Amalie Skram og Ingvar Ambjørnsen, og funne fram til fellestrekk i romanane som dei kunne ta utgangspunkt i ved presentasjonen.


med Terthe (t.v.) og Berthe (t.h.) Skalpell





" Vi visste begge at vi hadde bøker som handla om sinnslidingar, og psykisk helse. derfor bestemde vi oss for å gå saman om presentasjonen. Vi vart med det same einige om å lage ei spørjeundersøking for å finne ut om lesevanane til ungdom. (...) Etter dette laga vi ein Power Point-presentasjon med statistikk over resultatetav undersøkinga vår. Medan vi arbeidde med denne, måtte vi finne ein måte å presentere alt dette slik at det vart interessant. Vi kom fram til TV-konseptet. "

" Vi la presentasjonen opp akkurat som eit TV-program med eksklusive intervju, møte (der Else Kant, som gjenferd, oppsøker Elling på institusjonen. red.anm.) og reklame. "
 

Vidare kom fleire mannlege forfattarar:

- Dag Solstad, Jon Michelet og Gunnar Staalesen -


- Jostein Gaarder og Per Hansson -


Desse to jentene valde å få fram bodskapen sin ved å
dramatisere eit møte mellom dei to forfattarane sine på kafe.
Der diskuterte "forfattarane" dei siste bøkene sine,
forfattarskapen og bøker generelt i dagens mediesamfunn.

Og ikkje minst Lars Saabye Christensen vart varmt presentert for publikum.



"Ernst Smith"



 
" Samarbeidet i gruppa gjekk glimrande. Vi hadde dei same meiningane om forfattaren og korleis vi burde ”legge løpet” . Alle kom med idear og vi utfylte kvarandre på ein god måte. Presentasjonen trur vi gikk bra. Vi var ikkje klar over at der skulle ver så mykje folk tilstades, så vi vart litt ”satt ut” når vi såg det, men fann fort ut at det eigentleg gikk for det same; dei er sikkert ikkje ekspertar på framføringar, dei heller!!!

Vi føler vi fekk fram det vi ville seie, og kanskje fekk vi folk til å ville lese bøker av forfattaren vår: Lars Saabye Christensen? Og det var jo det som var poenget! Valet vårt av forfattar er vi alle svært fornøgd med. Alle tre bøkene vi leste gikk det fint å komme seg gjennom. Og å få til ein presentasjon ut i frå bøkene var heller ikkje noko problem. Forfattaren vår skriv på ein spesiell måte; mykje humor, språklege bilete og ironi blir brukt, og vi trur det gjer at det blir lettare å lese bøker, " skriv jentene som presenterte Saabye Christensen.

Dei valde å sjå forfattaren gjennom rolle-personane sine auge. Dei stilte opp som kvar sin hovudperson og let desse fortelje om innhald, konfliktar og løysingar, og avslutta så med si rollefiguren si personlege oppfatning av forfattaren.

Om bokmessa generelt seier dei;

" Dei andre framføringane var morosame og varierte. Ikkje nokon var like, slik som det ofte kan bli når vi har mange grupper. Bokmesse var ein god ide, og vi trur dei fleste likte det. "

 
" Herman "

"Otto"


 

Andre kommentarar plukka frå etterarbeidet


" Eg har i alle fall fått nye idear om korleis eg skal presentere framtidige prosjekt med tanke på at det var særs mange gode framføringar under bokmessa. Eg har også fått ei oversikt over mange gode forfattarar og gode
bøker. Det var spanande å sjå kor mykje andre elevar hadde fått ut av
særemnet."



"Eg synast at bokmesse er ein super måte å presentere noko slikt på, men det burde ha vore meir press på det på skulen, sjølv om eg veit at no er vi tross alt tredje klassingar og burde klare å legge press på oss sjølv. "


" Eg tykkjer at særemnet, og spesielt bokmessa, er ein flott måte å bli ”kjent” med bøker og forfattarar på, det einaste eg ville ha forandra på er min eigen forfattar. "


" Det har vore utfordrande å gjennomføre særemnet i norsk på ein utradisjonell
måte, kanskje skulle dette vorte prøvd ut også i andre fag. Det er absolutt
å anbefale.
T
ips: Kanskje eit særemne der ein får lese utanlandske bøker også hadde vore interessant….? "


" Vi synast at bokmessa var grei, men det blei gjort for mykje ut av det. På ein måte ville vi heller likt at vi hadde særemnet på ein meir tradisjonell måte. Vi synast det heile blir litt for kreativt. Eit meir tradisjonelt opplegg ville nok passa oss betre. "


" Dette opplegget for eit særemne har eg aldri vore borti før. Men eg syns det var ein veldig fin måte. Men eg er ikkje personen som likar å lese bøker til vanleg, så det gjekk veldig sakte i byrjinga. Men etter kvart gjekk det betre og betre, og bøkene vart betre og betre. "


" Personleg så meiner eg at denne måten å leggje opp særemnet har vore genial og utradisjonell – og utfordrande, men lærerik. Vi har verkeleg fått bryna oss på problemstillingar og konfliktar, og utvikla evna vår til å reflektere over problemstilingar og ulike tema. Vi har møtt særemnearbeidet på ein forenkla måte i høve til korleis det har vorte gjennomført tidlegare år. Eg likte denne måten å leggje opp løpet på, og dette er så absolutt til å anbefale til komande år.   Det var og veldig kjekt å vere tilhøyrar på bokmessa, fordi det var interessant å sjå og høyre på alle dei ulike og kreative presentasjonane. Forfattarar og bøker vart presenterte på måtar som vekkjer interesse og leselyst hjå tilhøyrarane.

Vi hadde brukt noko tid på å utforme standen vår om forfattarane og trudde at det skulle vere meir tid til å gå rundt og sjå i kvarandre sine bøker og standar. Så til neste gong bør ein leggje inn tid til dette…"


" Eg synes denne vinklinga på særemnet har vore ei fin og ny løsning på noko som kanskje før var noko alle frykta. Vi hadde det kjekt, og vi fekk samtidig jobbe med ulike sjangrar innanfor skriving.
Når det gjeld bokmessa var alt litt uklart i starten. Kanskje fordi det var ei ny ordning. Men ellers så gjekk det flott, og det var kjekt å høyre om dei andre forfatterane og bøkene . Mange klarte å presentere ”prosjektet” på ein fantasifull og underhaldande måte. Eg trur bokmessa gjorde slik at ein måtte i større grad leve seg inn i bøkene og i forfatterskapet. "


 

Vi ser at denne måten å møte litteraturen på kan inspirere til lesing blant ungdom. Opplegget som 3A har gjennomført denne hausten gir rom for enkelteleven. Det gir høve til å nyte litteraturen på sin personlege måte - være tilstades i leseopplevelsen. Dei ulike presentasjonsformene gir rom for kreativ utfolding. Noko som er svært nyttig for nokon og særs viktig for andre. Samarbeidet i grupper har og skapt diskusjonar kring litterære emne, forfattarar og deira vinkling, etc., på ein måte som individuelle opplegg ikkje stimulerer til i same grad.

Opplegget i år er basert på ein ide, med stort utviklingspotensial. Det håper vi å kunne utnytte i framtidige opplegg.

Hovudsida
Storyline