Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Kva skjer >> Artikkel

Arbeid på oppdrag
- interessant, motiverande og lærerikt.


Skipsbyggerklassen ved HVS har dette skuleåret bygd ny slippbåtvogn til Søvik/Gamlem Småbåtlag. Arbeidet vart ferdigstilt 22.03.2004. Og det var ein fornøgd gjeng som plasserte den ferdige vogna ut i sola, klar til overlevering.


Elevane ved VKI Skipsbygging og vogna fotografert ved overleveringa,
som gikk føre seg utanfor sveiseverkstaden.

Før dei kom så langt som dette, hadde elevane vore gjennom alt som eit prosjekt av denne typen ber med seg; med teikning (AutoCad), problemløysing, utprøving og, ikkje minst, gleden over å lukkast. Det er kjekt å få det til, spesielt når resultatet blir så bra.

Her er nokre bilete frå arbeidsperioden.


Richard merkar opp, mens Eirik og Glenn Peter
kontrollerer at arbeidet blir skikkeleg gjort.



Så er Eirik i full gong med å bore hol.


Her er det Kenneth som spenner eit nytt
arbeidsstykke fast i boremaskina
.


Det ser ut som den godeste fotografen, Torbjørn Volstad,
har sagt nokon velvalgte ord under arbeidet?
Ikkje uvanleg det ...


Posering for fotografen mellom to arbeidsøkter.


Kenneth er ferd med å avgrade
enden på røyret.
Montering av hjul.


Eit stilstudie av hjula etter at nye hjulagentar er på plass.


Lærarane blei her overraska i sin djupe konsentrasjon over arbeidteikningane da fotografen "slo til" med blitsen.
(Kjelde: Lærarane).



Eirik og Magne samarbeider godt om å spenne fast røyr til boring.


Båtvogna under produksjon.

På vegne av Søvik/Gamlem Småbåtlag takkar vi
Glenn-Peter Hersvik, Nils Ove Hildre, Eirik O. Kjerstad, Rolf Åge R. Lausund, Richard Ø. Lorgen, Kenneth E. Morsund og Magne Myklebust
for innsatsen og eit godt utført arbeid.


Tidlegare arbeidsoppdrag for elevar innan mekaniske fag:
Oppussing av SABB-motor
Tredreiebenk-prosjektet



Hovudside