| |
Du er her: Utviklingsarbeid
> Comenius 2004/2005 - Artiklar frå Haramsnytt 15.10.04.
COMENIUS PROSJEKTET - "NORDAVIND
/ SYNNASOL"
Sydlandsk bris i gangane
Artikkel frå Haramsnytt 15.10.04.
Bilete og tekst ved Tina Mari Flem.
Mama mia! I gangane til Haram vidaregåande skule
vandrar det i desse dagar 12 italienske studentar. Dei er på
vitjing for å utveksle språk, kulturelle verdiar
og jobbe med ei prosjektoppgåve om alternativ energi i
Noreg og Italia. Og til våren, då er det 12 norske
elevar sin tur til å reise til Italia.
For å verte betre kjende er dette ei av oppgåvene
som
dei norske og italienske studentane måtte samarbeide
om.
|
Italienske takter på HVS
Dei skal få smake på eit lite stykke Noreg, dei
12 italienske studentane som no vandrar i gangane på Haram
vidaregåande skule. Målet er å utveksle språk,
kulturelle verdiar og jobbe med eit samarbeidsprosjekt om alternativ
energi i Noreg og i Italia.
- Today is the day for a big "FEST", seier gjestande
viserektor Rodolfo Malacrea, frå Udine i Nord-Italia.
Vi har like interesser og lik mål, og kan bugge vidare
på denne felles plattforma, seier Jøstein Taftø,
rektor ved HVS. Han ynskte dei italienske gjestane velkomne
til Haram kommune og Haram vidaregåande skule tysdag.
12 elevar og to lærarar skal no tilbringe to veker her
på desse kantar. I løpet av desse vekene skal
dei bu hjå familiane til dei tolv norske studentane
frå HVS, som på vårparten skal vitje Italia
i same ærend.
Italienarane fekk og sjå ein flott presentasjon av Noreg
av førsteklassingane (grk AF), som har valfaget Internasjonalisering.
Dei portretterte lille Noreg og gav eit bilete av den politiske
og geografiske situasjonen til fedrelandet under introduksjonen
den første dagen. For å skape samhald mellom
norske og italienske studentar avslutta grunnkurselevane med
nokre praktiske utfordringar, som berre kunne løysast
med godt samarbeid og fin kommunikasjon.
- Tunga rett i munnen -
|
Stramt program
Det er litt av eit program som er sett opp til gjestane frå
sør. I løpet av desse vekene skal dei ha språkkurs,
jobbe på prosjektet om alternativ energi, vitje Tafjord
Kraft i Tafjord, vitje Hydro Sunndal på Sunndalsøra,
vitje vindmøllene på Dyrnes på Smøla,
sjå Molde-HamKam på Molde stadion, dra på
fisketur, køyre Atlanterhavsvegen, vitje attraksjonar
i Ålesund, vitje høgskulen i Ålesund, og
meir til.
Øystein Risan, som er prosjektleiar, har sett opp
programmet
- Vi har fått midlane frå EU til dette prosjektet,
som opnar for samarbeid og kjennskap til ein heilt annan kultur.
I tillegg har vi vald å legge til ei oppgåve som
handlar om alternativ energi, seier Risan.
Italienske vener
Det er viserektor Rodolfo Malacrea frå Instituto Industriale
Arturo Malignani i Udine i Nord-Italia som har tatt med seg
12 av elevane sine til Brattvåg og HVS. Her skal dei
jobbe med prosjektet "Nordens vind/Sydens sol - alternative
kraftkjelder på ulike breiddegrader i Europa".
- Noreg har eit nydeleg landskap som eg berre har sett på
bilete, seier viserektoren, som likte det han såg når
han vakna opp etter si første natt i Brattvåg.
- Dette prosjektet er ein utruleg flott muligheit for oss
til å jobbe saman. Eg trur vi må bugge opp det
nye Europa gjennom samarbeid og vennskap mellom
ungdommane våre, seier Malacrea.
Og han var godt førebudd på at det kom til å
verte litt kaldare her nord, enn heime. - Eit par dagar før
vi skulle dra, kom det ein kald austavind heime og førebudde
oss på kva vi hadde i møte, seier Malacrea og
ler. Han fortalde at italienarane og har stor interesse for
norsk litteratur og kultur, og at dette opphaldet kom til
å styrke denne interessa.
Språket
I løpet av dette prosjektet er eit av måla at
engelsk skal brukast som arbeidsspråk, i tillegg til
at studentane lærar litt italiensk og norsk. Studentane
vil få språkopplæring i kvarandre sitt morsmål.
-Er det ikkje vanskeleg å lære norsk då?
Det er ganske likt tysk, så det er ikkje så vanskeleg.
men vi har problem med uttalen, seier Malacrea.
Denne språkbarrieren kom og fram då prosjektleiar
Øystein Risan skulle introdusere seg. Det var ikkje
heilt lett å uttale dette namnet som byrja med "ø".
Alternativ energi
Prosjektet om alternativ energi er viktig for italienarane.
- Vi har ikkje eit skikkeleg fag som dekker dette emnet på
skulen vår, seier Malacrea. - Vi er i ferd med å
introdusere eit slikt tilbod og treng derfor alle dei ideane
og kunnskapen vi kan få, seier han. I løpet av
besøket sitt her i Noreg kjem dei til å vitje
både Hydro Sunndal, vindmølleparken på
Smøla og Tafjord Kraft AS, og vil på denne måten
få sjå korleis energilandet Noreg opererer.
- Det er heilt annleis her enn i Italia, dykk har overflod
av både vatn, gass og olje, seier han. - I Italia må
ein kjøpe mykje alternativ energi, derfor er det lærerikt
for oss å sjå på løysingar de har
her i Noreg, legg han til.
Slår av lyset
Artikkel frå Haramsnytt 15.10.04.
Bilete og tekst ved Tina Mari Flem. Dei
tolv norske studentane som skal til Italia neste vår,
var imponerte over kor høflege og greie italienarane
er å ha i hus. Men mest undra dei seg over respekten dei
hadde for dyr straum. - Dei slår av lyset uansett kvar
dei har vore, seier Ingebrikt Bjørkhaug.
- Han som bor hjå meg var så sjokkert over kor mykje
straum vi nyttar. Han tykte det var rart vi hadde på både
TVen og taklyset på same tid, seier Susanne Beate Klokk.
- Dei er berre utruleg høfleg, seier Susanne. - Og så
har ei spesielt stor respekt for foreldra, legg Ingebrikt til.
Ingebrikt fortalde om gåver som familien hans har fått
i form av kake og brennevin. Brennevin som ein visstnok skulle
helle over kaka. - Eg har ikkje smakr på kaka enno, seier
Ingebrikt og smiler.
Prosjektet
- Ein lærer ein del om elektrisitet, om korleis vi må
forandre fornyebare energi-kjelder, seier Susanne. Ho og resten
av gjengen gler seg til å reise til Italia neste vår.
Då er det dei som skal innlosjerast hjå italienske
familiar.
- Det vert skikkeleg spanande å bu heime hjå dei,
seier Susanne.
Kjempefornøgde
Italienarane likte det som møtte dei i Brattvåg,
men kjempa hardt med norsken.
- Vi hadde ti timar med norsk heime før vi kom til Noreg.
Vi hadde ei norsk dame som lærar, seier Fransesco Gerometta.
Kva for norske ord kan dykk?
Alle som står rundt bordet, hiv ut ord som dei har lært.
- Tjuefire, tjuesju, god morgen, god kveld, tusen takk.
- Dette er ei utruleg flott erfaring for oss, vi er plasserte
i koselege familiar og får verkeleg brukt engelsken vår,
seier Alex Piccini.
| Men det
er ikkje berre språket gutane er opptatt av.
- Det er så mange pene jenter her på skulen,
seier Fransesco.
- Mange fleire blonde jenter enn det er heime, der det
berre er jenter med brunt hår, skyt Piccini inn,
og blunkar på ekte italiensk vis.
Til venstre Fransesco Gerometta,
som viser korleis han skal sjarmere norske jenter. Bak
Alex Pccini. |
 |
Her ser du gjengen som på vårparten skal reise til
italia. Dei lurar fælt på kva dei har i vente når
ei reiser sørover ...
Gjengen i 3TAF, HVS. |
Tilbake til COMENIUS-prosjektet
Hovudsida
|
|