| |
Du er her: Utviklingsarbeid
> Comenius 2004/2005
Artiklar frå
Haramsnytt - Sommeravisa 2005.

Knytte band med Italia
Journalist: Tina Mari Flem (tina-mari.flem@haramsnytt.no))
Foto: Ivar Roald
Comenius-prosjektet er no avslutta og dei involverte
kan sjå tilbake på ei lærerik utveksling.
– Dette er ein måte å skape forståing
for kvarandre på, seier Ivar Roald, kontaktlærar
ved Haram vidaregåande skule.
I fjor haust hadde HVS
besøk av tolv elevar frå den italienske skulen
Istituto Tecnico Industriale ”Arturo Malignani”
i regi av det delvis EU-finansierte Comenius-prosjektet.
Målet med prosjektet har vore å utveksle språk
og kulturelle verdiar.
I april var det HVS sin tur til å krysse landegrensene.
|
Istituto Tecnico Industriale
”Arturo Malignani”
|
Tolv spente elevar tok turen til Nord-Italia, saman med mellom
anna kontaktlærar lektor Ivar Roald og prosjektkoordinator
faglærar Øystein Risan. Rektor Jøstein Taftø
og inspektør Håvard Garshol var tilstade gjennom
delar av opphaldet.
Stramt program
Programmet var veldig stramt og tettpakka, med lange bedriftsbesøk.
- Dei ville naturleg nok presentere seg grundig. Så var
det engelsk oversetjing, og det tok tid, fortel Ivar Roald.
Han er imponert over dei mange italienske bedriftene, som viste
seg å vere høgteknologiske.
- Ein er kome langt i Nord-Italia med å automatisere bedrifter.
Dei bygg alt sjølve, fortel Roald. – Ta til dømes
det store skipsverftet Fincantieri som lager alt sjølv,
også skroga på båtane. Han peikar på
at ein skipsarbeidar i Nord-Italia tener 1 000 euro i månaden,
om lag 8 000 norske kroner.
– Det er nok billegare å bu der, og billegare med
bil, men for dei som skal ut å ete til dømes, er
det like dyrt som her heime, seier Roald.
- Skipsverftet Fincantieri
-
Verftet ligg i Monfalcone og bygg
bl.a. store cruiseskip. Delegasjonen frå HVS var
mektig imponert over det høgteknologiske verftet,
som bygg alt sjølv.
|
Det nye Europa
Viserektor ved den italienske skulen, Rodolfo Malacrea, uttalte
til Haramsnytt i fjor då han vitja Brattvåg og HVS,
at han meinte dette prosjektet var ei flott moglegheit til å
jobbe saman internasjonalt. - Eg trur vi må byggje opp
det nye Europa gjennom samarbeid og vennskap mellom ungdommane
våre, sa han.
Delegasjonen frå Noreg
fekk oppleve ein ganske annleis skulesituasjon i Italia.
Samarbeidsskulen har eit elevtal på 1500–2000.
I tillegg kan dei skilte med imponerande verkstad-hall,
utstyrt med mange utstillingsfly, fortel Roald. Han peikar
på fleire ting som skil seg frå den norske
veremåten.– Dei er meir formelle i Italia.
I tillegg er det rett og slett større skilje mellom
folk. Det var til dømes viktig at det var sjefane
som var tilstade og orienterte, fortel han |
Samarpeidspartnarane ved dei to skulane.
Nr. 2 og 3 frå ventre er Øystein Risan
(prosjektleiar ved HVS) og lektor Ivar Roald |
.
Alternativ energi
Alternativ energi var eit underbyggjande tema i dette prosjektet,
særleg når italienarane vitja Noreg. Når dei
italienske elevane vitja HVS fekk dei sjå både Hydro
Sunndal, vindmøllene på Smøla og Tafjord
Kraft.
- Samarbeidsskulen vår har eit stort prosjekt der dei
skal byggje solkraftverk, med PLS-programmering, fortel Roald,
men legg til at dette ikkje var det store fokuset ved besøket.
– Alternativ energi har vore ein knagg å henge det
på.
Lektor Ivar Roald skuar her utover
eit dam-anlegg som var under bygging.
Bilete er frå ein av dei siste besøksrundene
gruppa gjorde under Italia-besøket.
|
- Dette Comenius-prosjektet har først og fremst dreia
seg om språk og kultur, der elevane skal får praktisere
engelsken sin. I tillegg hadde elevane våre italiensk-undervisning,
seier Roald. – Det viktigaste med dette prosjektet er
dei impulsane dei har fått, gjennom å sjå
kva som foregår i eit anna land, i forhold til kulturen,
seier han.
- Pizza på italiensk vis! -
Ein av kveldane var alle inviterte heim til ein av dei
italienske familiane.
Der stilte heile familien opp og serverte sjølvlaga
pizza frå eigen heimelaga steinovn,
plassert i det trivelege restaurantlokalet i garasjen
deira. |
Framtida
- Prosjektet er no avslutta, men vi er einige om at vi skal
oppretthalde samarbeidet. Kanskje vil vi drive med utveksling
med denne skulen i framtida, seier Roald.
Skal de søke
på nye slike prosjekt?
- Det krev ein del tid å vere med på slike prosjekt.
For oss er det først og fremst viktig at vi har eit oppegåande
næringsliv som stiller opp gjennom TAF og IBD. Han peikar
på fleire prosjekt som skal fullførast i framtida,
som Smallpeice Trust-prosjektet (Motivasjonskurs
for ingeniørutdanning, red.anm.), der elevane
bl.a. skal ei veke til Stratford. I tillegg vil elevar ved allmennfagleg
studieretning samarbeide med eit norsk studentsenter i York.-
Noreg er eit lite land, og ein møter kulturforskjellar
der ute. Møtekulturen og måtar å tenkje og
gjennomføre ting på, er annleis i utlandet, legg
Roald til, og presiserer at han har trua på at elevane
lærer mykje ved å sjå og oppleve dette med
eigne auge.
– Dei elevane som reiste til Italia har fått eit
minne for livet, legg han til.
TMF 2005

Smaken av Italia
Journalist: Tina Mari Flem (tina-mari.flem@haramsnytt.no))
Foto: Ivar Roald
Ein ting er i alle fall sikkert - italiensk mat smaker
best i Noreg, seier Ingebrikt Bjørkhaug (19) og ler.
Han og Jeanette Gjerde (19) er to av dei tolv elevane som reiste
til Italia i regi Comenius-prosjektet ved Haram vidaregåande
skule. Dei har verkeleg fått smakt på italienske
tradisjonar.
Alle tolv elevane som har vore med i prosjektet var utplasserte
hjå italienske vertsfamiliar, noko som i enno sterkare
grad ytte til at dei fekk oppleve ekte italiensk kultur og tradisjonar.
Tidspunktet for reisa var og spesiell, då dei kom til
Italia dagen etter at paven var død. – Det var tross alt
landesorg med flagg på halv stong, fortel Jeanette. –
Vi fekk inntrykk av at religion er viktig for italienarane.
Fleire av ungdommane er involvert i ungdomsorganisasjonar, legg
Ingebrikt til. Dei kan fortelje om 14 svært interessante
dagar – der dei verkeleg har fått oppleve Italia
på godt og vondt.
Hjå vertsfamiliar
Både Jeanette og Ingebrikt budde hjå hyggelege
vertsfamiliar. Men livet arta seg naturlegvis litt annleis
enn heime i Noreg.
– Eg budde hjå ein hyggeleg familie, med sterke
familieband. Besteforeldra budde til dømes i ein eigen
del av huset og om morgonen måtte vi gå ut i denne
delen og seie ”god morgon” og ”hade”,
fortel Ingebrikt.
Språkmessig var det engelsk det gikk i, men elevane
har hatt ein del undervisning i italiensk i tillegg.
– Det var veldig variert kor godt dei kunne engelsk.
Slik som i min vertsfamilie studerte eine søstera engelsk
og sto for all oversetjing, fortel Jeanette.
- Hjå meg prata alle søskena engelsk, seier Ingebrikt.
Og det vart ein del lange samtalar, særleg etter middag,
fortel dei to og smilar. Det var berre når dei skulle
sjå TV at dei verkeleg måtte konsentrere seg om
å forstå italiensken.
– Det var rart å sjå Gilmore
Girls og Venner for livet dubba
på italiensk, seier Jeanette.
Mat
Mat må ein sjølvsagt ha.
- Ein ting er i alle fall sikkert og det ar at italiensk mat
er best i Noreg. Det gjeld både pizza, spaghetti og
lasagne, seier Ingebrikt.
Jeanette var skuffa over pizzaen. – Dei brukar for det
meste berre ost og tomatsaus på pizzaen. Og så
har dei ting som chips og pølser på, fortel ho
med ei lita grimase.
Men om pizzaen var rar, var det verre med frukosten. Mat i
gryotta er nemleg ikkje vanleg hjå italienarane.
– Italienarane praktiserer ikkje frukost, fortel Ingebrikt.
– Det første måltidet var ikkje før
ved 13-tida, og det var varmmat.
- Utan å ete frukost, er ein sjølvsagt veldig
svolten på dette tidspunktet, men det er veldig tung
mat å starte med, legg Jeanette til. – Så
det vart til at vi gøymde nokre kjekspakker bak gardinene,
seier Ingebrikt og ler.
Imponert
Sjølv om familielivet var veldig uvant for dei norske
studentane, var dei dess meir fascinert over det dei fekk
sjå i industrien.
– Det var berre utruleg automatisert, og eg var overraska
over kor teknologiske bedriftene var. Det var mykje sveiserobotar
der, kan du seie, påpeikar Ingebrikt.
Det var ikkje berre bedriftene som var store. Samarbeidsskulen
til HVS har mellom 1500-2000 elevar, så då seier
det seg sjølv at det er snakk om eit stort område.
– Eg var redd eg skulle gå meg vill ei stund. Det
var korridorar alle vegar, seier Jeanette.
– Og så er det ein viktig ting til, presiserer Ingebrikt.
- Du må velje ditt offentlege toalett med omhu, seier
han, og fortel om ei oppleving med nokre ikkje så sjarmerande
hol i bakken.
|
Elevane som reiste frå HVS fekk seg
nokre spesielle opplevingar i løpet av besøket
sitt i Italia. Her er nokre glimt frå sjølve
skulebygget til "Arturo Malignani", der dei
fekk sjå mange forskjellige prosjekt som studentane
ved skulen var i gong med.
|
- PLS-programmering
på elektrolabben - |
- Verkstaden fylt med fly, var ei
oppleving i seg sjølv - |
Sparer straum
Dei to fortel om italienarar som er sparsame med straumen.
– Kvar gong eg skulle på badet, måtte eg slokke
lyset etter meg, seier Jeanette. – Det var gjerne
tre til fire lysbrytarar på same lyset. Du hadde i tillegg
ein lysbrytar nede ved trappeoppgangen og ein oppe, legg Ingebrikt
til.
Men det dei sleit mest med, var dei store temperaturforskjellane.
– Det var liksom slik at eg hadde genser og jakke om
morgonen, men ut på ettermiddagen ville eg nærmast
kaste t-skjorta, fortel Ingebrikt.
– Ja, så det var mange som vart sjuke på
grunn av dette, seier Jeanette.
Men det var ikkje berre sunnmøringane som vart litt
snufsete på grunn av temperaturforskjellane. –
Ein skulle nesten tru at heile landet var forkjøla
og at det var status å snyte seg høgast mogleg
på bussen, seier Ingebrikt og ler.
Trafikken
Enkelte ting er ikkje fullt så sjarmerande ved kulturen
– som at dei ikkje har lysregulert trafikk, fortel dei
to. – Ein må berre springe over vegen når
ein har tid. Og ein må forsikre seg om at bilen verkeleg
har stoppa før ein kryssar eit fotgjengarfelt, for det
var alt anna enn sjølvsagt, seier Jeanette.
Ingebrikt humrar litt, og startar å fortelje om alle dei
rare skilta i Italia. På mobilen har han mange av dei,
som Haramsnytt si Sommaravis kan få gjengi.
– Det var til og med bilete av ein trompet som betydde
at du ikkje fekk lov å tute, seier han og ler.
Dei to er einige om at dei har hatt eit fascinerande besøk
hjå sine italienske frendar.
- Jentene i 3TAF -
Fotografert på Marcusplassen under ein utflukt
til Venezia.
|
- Ein av Venezia sine mange trubadurar
-
|
- Duegut ! -
Haramsnytt hadde bilete av Ingebrikt i same situasjon.
Han var like smilande blid som denne karen. |
- Turistar -
Gjengen frå 3TAF glei raskt og godt inn i denne
rolla og. |
TMF 2005
Tilbake
til Comenius-prosjektet
Heimesida til prosjektet inneheld prosjektskisse, rapportar
frå turane, bilete m.m.:

Hovudsida til HVS
|
|