Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Utviklingsarbeid > Comenius 2004/2005 - Prosjektarbeid på HVS


Prosjektarbeid på HVS


12.10.04

Etter at dei italienske gjestane og 3TAF-elevane hadde fått presentert "eit lite stykke Noreg" av grunnkurselevane på AF, var det klart for å starte opp prosjektarbeidet, basert på emnet "alternative energikjelder".

Først fikk deltakarane ei kortfatta, men grundig innføring i tema ENERGIKJELDER, etterfulgt av prinsippa i utnytting av vasskraft og vindkraft av fysikklærar Terje Pettersen, elektrolærar Torbjørn Volstad og norsklærar Ivar Roald.

Så sto PROJECT MANAGEMENT for tur.
Ansvarleg for opplegget var Wilmar Æsøy frå Høgskulen i Ålesund. Han holdt deltakarar og lærarar i aktivitet i to artige og interessante timar:

- Først fikk alle ei innføring i kva for ulike faser ein har i eit prosjekt. Så sette ein fokus på økonomien i prosjektet. I alle samanhengar vil det vere økonomiske rammer å halde seg til, og økonomisk lønnsemd er viktig i dagens samfunn. Det vart vist at å ta omsyn til dei ulike fasene sitt kostnadsnivå og tilpasse tidsbruken i prosjektet etter dette, er avgjerande for økonomien i eit prosjekt.
I fortsettinga fikk deltakarane føle dette på kroppen. Dei vart delte inn i grupper og gjennomførte Prosjekt Båtbygging, der tidsbruk, økonomi og produkt var avgjerande for resultatet. Alt arbeid - frå planlegging til utføring - vart nøye overvåka og vurdert av gruppa sin dommar.

Forsamlinga følgde godt med på det Wilmar Æsøy fortalde.


Wilmar Æsøy har gitt sine instruksar, rammer og regelverk
er klargjort for alle. Så var gruppearbeidet i gong.



Hektisk arbeid,
nøye overvaka av "dommar" inspektør Eldar Korsnes.


Alle gruppene gikk inn i ein periode med djup konsentrasjon.
Her sto mykje på spel!


Etter planarbeidet sto utføringa igjen.
Da er det viktig at alt forarbeidet er grundig gjort, og at planane verkeleg kan gjennomførast slik at produktet held mål ...



Her er det faglærar i mekaniske fag, Leif Domås,
som noterer seg aktiviteten i gruppa.

Joda. Båten vår er klar!


Så vart produkta til dei ulike gruppene presenterte for forsamlinga,
og vurderingane av prosessen lagt fram.

Endeleg kom vi fram til høgdepunktet - ei vinnargruppe vart plukka ut.


Premie er stas å få,
men æra er den beste prisen.



Nye utfordringar
13.10.04
Dagen etter sto nye utfordringar for døra.
Kan hende var det timane med språkundervisning - norsk for italienarane og italiensk for våre norske elevar - som ga størst utfordring fagleg?

Norsk folkedans, eit opplegg i lag med andre elevar ved skulen, var og utfordrande på sitt vis. Faktisk var det berre nokre få i gjengen tok den utfordringa på strak arm, og fullførte dansekurset med stil. Applaus til desse!

Tilbake til prosjektet.
(13.10./ 15.10./ 20.-21.10 2004
)
Oppdrag I
Halvparten av deltakarane vart vist veg ned til verkstadane (sveis- og mekanisk verkstad), der ei opplagt lærargruppe innan mekaniske fag tok i mot dei. Elevane fekk i oppdrag å bygge funksjonelle vindmøller (første pulje) og vannmøller (andre pulje) ved hjelp av diverse tilgjengeleg utstyr, inkl. gamle syklar og sykkeldynamoar. Det skulle produserast ei vindmølle per gruppe på 4 elevar. Da var det berre å få overblikk over materialtilgangen, lage skisser og legge ein plan for arbeidet. Den praktiske delen vart uvant arbeid for italienarane, som berre har hatt teoriundervisning i heimlandet.
Men ingen kunne seie noko på innsatsen, og samarbeidet fungerte godt - med dei frustrasjonsfasane som ein veit følgjer med - og produkta vart både funksjonelle og sjarmerande nok.


"Kva er no dette?" "Kan dette nyttast i vårt produkt?"
Spørsmåla var mange i det første møtet med mekanisk verkstad.



Forklaringar og faglege diskusjonar løste raskt opp
skilje mellom norsk og italiensk.
Her er det ein elev frå 3TAF som instruerar 2 italienske "kollegaer".


Når ideane var ferdig utarbeidd,
var det berre å ta på seg arbeidsty og setje i gong.


- Ja-a-a ... Kva gjer vi nå?! -


- Ser dette bra ut? -

Etterkvart vart arbeidet målretta og effektivt. Elevane hjalp kvarandre etter beste evne. Og holdt ikkje det, var det faglærarar der, som fungerte som gode støttespelarar.
Faglærar Gunnar Sandvik,
fotografert i fullt arbeid på sveiseverkstaden


Italienske studentar på mekanisk verkstad.


Full konsentrasjon på elektro-labben.


Nøyaktig arbeid må til!


Ei vindmølle tar form.


Skikkeleg arbeid på alle plan!


Monteringsarbeid.


- Ser det brukbart ut nå, folkens? -


Vannmølle.


- Vannmølla vår er klar til utprøving! -

Oppdrag II
Mens den eine halvdelen av gruppa gjorde unna arbeidet sitt i verkstadane, arbeidde den andre halvdelen av flokken på fysikkrommet i motsett ende av skulebygget. Her var det datastyrte køyrety (RoboLab) som kravde elevane sin konsentrasjon. Konkurransen her var å skape det køyretyet som best klarte å køyre gjennom ei oppmerka løype på golvet i fysikkrommet.


- Planen vår er klar! Vi er godt i gong, smiler denne gruppa. -


Same gjengen litt seinare i veka. Framleis ved godt mot.


Kreativt, og ein tanke spennande.
- Klarer bilen vår oppgåva si til slutt?, lurer desse to gruppene.


- Eg foreslår at vi gjer det slik ... Eller er det andre forslag? -
Ikkje alltid enkelt å vite kva som vil fungere best.


Kven som vann, får du vite om du kontaktar elevar i 3TAF. Underteikna veit det ikkje. AasHi



Avskjedsfest
24.10.04
Den beste vindmølla, den beste vannmølla og det beste køyretyet i RoboLab vart plukka ut, og gruppene vart heidra siste dagen før returen til Italia.
Denne søndagen var alle deltakarar i prosjektet; - elevar som lærarar eller leiarar, samt vertsfamiliane - budne på middag i kantina på skulen. Alle elevane hjalp sjølve til og laga ein flott fårikål-middag saman med Gunn Furnes (kantinedrivar). Ja, ekte norsk, haustleg kost må det vere når gode venar samlast i oktober.

Det vart ein koseleg kveld med god mat og stemningsfull, improvisert underhaldning av norske og italienske aktørar. Det var i grunnen ingen som hadde hastverk med å avslutte denne kvelden. Når det er slik, er det godt å kunne sjå fram til eit nytt treff utpå våren 2005.


Fårikål var ein rett som fall i smak hos gjestane.

Praten gikk lett, og smila

sat laust rundt om på borda.


Vurdering av prosjekt-produkta.




Gruppe etter gruppe fikk vurderingar av produkta sine.
Lektor Pettersen ga tilbakemeldingane til dei spente studentane.



Alle tok det heile svært alvorleg, og høyrde godt etter.
Kvar student, norsk som italiensk, fikk så utlevert kvar sin diplom
for vel gjennomført kurs, del 1.


Kva står det nå her - på diplomen min?


Sjå her da!
Kan hende var kommentarane treffande gode!


Så løyste det heile seg opp.
Det var tid for avslappa underhaldning og kos.




- Og det var ikkje mangel på talent.
Ein riktig triveleg stund vart det for oss alle! -



Ei nystarta norsk-italiensk gruppe,
som treivst godt i lag!

 
Til slutt vil vi takke for at føresette til elevar i 3TAF ville ta imot elevane frå Istituto Tecnico Industriale Arturo Malignani (vidaregåande skule) frå Udine i Nord-Italia. Dei har vist velvilje og vore til stor hjelp heile vegen. Utan deira innsats ville det vore vanskeleg å gjennomføre COMENIUS-prosjektet.



Tilbake til COMENIUS-prosjektet

Hovudsida