Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Utviklingsarbeid
> Comenius 2004/2005
Gjenvisitt til Italia
04.04. - 18.04.05
Istituto Tecnico Industriale “A.
Malignani”
|
Første reisebrev frå Italia
Skribent og fotograf: Ivar Roald
Reisa starta kl 0500 måndag 4. april, og 0700 var vi på
veg til Gardemoen. Etter eit kort opphald, gjekk turen vidare
til København. Klokka 1500 landa vi i Venecia.

Dolemittane var vakre i strålande sol. |
Vi kom fram etter 13 timar på reisefot, og vart møtt
av ein heil delegasjon på flyplassen - i privatbilar.
Køyreturen til Udine tok om lag ein time og 10 minutt,
og med fri fartsgrense vart overgangen frå fly ikkje så
stor.

Spente elevar frå 3I ventar på å bli
henta av vertsfamilane. |
Tysdag var vi på skulen. Dei italienske
elevane presenterte italiensk geografi og kultur. Etter dette
vart det omvising og orientering om skulen. Skulen har om lag
2000 elevar og dei er stort sett gutar. Utdanninga er yrkesførebuande
– med tyngde innan elektro, mekanikk, avionikk og aerodynamikk.

Muraravdelinga |
Haram vidaregåande skule har dei siste åra utvikla
høg kompetanse innan automatisert vaffel- og svelesteiking.
På elektrolabben var det ikkje vafler som blei steikt,
men av ein eller annan grunn har dei valt ein modell som syner
korleis ein kan tappe og korke vinflasker.

Flaskekorkingsprosessen. |

Avionikkavdelinga.
|

Elevprosjekt - landingshjul fly.
|

Skulen samarbeider med ulike bedrifter. Her testar dei
karbonkomponentar for ein sykkelprodusent.
|

Neste veke skal dei norske og dei italienske elevane
sammarbeide om pls-programmering.
Målet er å få solcellepanela til å
følgje sola gjennom dagen.
|

Samarbeid over landegrensene krev fotografering.
|

Udine er ein flott by på om lag 100000 innbyggarar.
|

Kart må til i ein ny by.
|

Udine er framleis ein vakker by. |
Onsdag 6. april starta med busstur til ein
av Europa sin største stålprodusent-Danieli. Danieli
produserer komponentar i stål til ulike formål,
og dimensjonane var imponerande. Store robotar gjorde det meste
av arbeidet.

Vi vart guida frå porten til fabrikkområdet,
og det var ingen som diskuterte med denne dama.
|
På ettermiddagen vitja vi ABS. Denne bedrifta er ein del
av Danieli, og produserer stålet frå grunnen av.

Etter smelteprosessen kom stålet ut i lange stykke.
Verkstadhallen var 2 km lang. |
Torsdag 7. april gjekk turen til eit av dei
største skipsverfta i Europa. Verftet heiter Fincantieri
og ligg i Monfalcone. Verftet har ulike forretningsområde,
men crusskip er kjerneområdet.
Fincantieri har fleire verft rundt om i Italia, men dette er
eit av dei største.

I bakgrunnen kan vi sjå seksjonane som ein gang
skal huse 1500 rike turistar. |
Crusskipa vart bygde frå grunnen av ved dette verftet.
Med ei månadsløn på ca 1000 euro seier det
seg sjølv at timeprisen er mykje lågare enn heime.
Mange ivrige arbeidarar frå Kroatsia og Slovenia kan gje
billeg arbeidskraft. Begge desse landa ligg berre få kilometer
frå Trieste.

Robotar tok seg av det meste av arbeidet.
|

Dette skipet skal leverast i juni. Kunden er Carnival
Crusline . |
Trieste
Etter besøket på verftet, gjekk turen til Trieste.
Trisete er ein by med om lag 160000 innbyggarar. Trisete er
senteret i provinsen Friuli,og vi fekke ei kort orientering
om det politiske systemet i Italia.

Parlamentet
|

Til slutt vitja vi ei berømt borg like utanfor
Trieste.
Borga Miramare var bygd i 1860.
|

Det er greitt å kombinere kultur med god norsk
sommartemperatur.
|

Miramare tyder sjå mot havet, og det er kanskje
ikkje så dumt? |
Vi kjem tilbake med fleire inntrykk frå opphaldet i Udine,
Italia.
I.R.
- Reisebrev
II frå Italia.
- Reisebrev III frå Italia
Tilbake til:
Prosjekt "NORDAVIND / SYNNASOL"
Hovudsida
|
|
|