Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Utviklingsarbeid > Comenius 2004/2005

Gjenvisitt til Italia
04.04. - 18.04.05



Andre reisebrev frå Udine

Helga 08.-10.04.05.

Skribent og fotograf: Ivar Roald

Fredag 8. april var sett av til italiensk-undervisning og shopping. I tillegg var dette dagen då mange stoppa opp for å følgje gravferda til paven.

Dei to lærarane korta ned på handleturen, og fekk vitje flybasen til dei berømte Frecce Trikolore-Pattugulia Acrobatica Nazionale. Sjølve flyginga var avlyst grunna gravferda til paven, men vi fekk ei grundig innføring i klatre inn og ut av flyet.


- "Ka skjer om I drar ut bolten på kattapulten no ..." -

Grunna gravferda til paven, var Frecce Tricolori frekke nok til å invitere konene sine til taxetur på runvegen då flytreninga var flytta til seinare. Teknisk sjef var ikkje glad då dei insisterte på å sitje framme i flyet, men øvste sjef for basen hadde gitt løyve til det. Frå plass to, der teknikaren normalt set, kan flyet ikkje startast, men etter at konene hadde fått fyr på jetten var karane tilbake med full kontroll.


Lekre saker!


Som bileta viser gjekk det ikkje lenge før dei var ute på tur.


Red Devils har vel alle høyrt om.


Cividale
Laurdag 9. april gjekk turen til Cividale for å vitje museum og historiske bygningar. Historie og kultur gjennomsyrar kvar ein liten by i dette området, og alle vart imponerte over utstillingane frå det 4. – 9. hundreåret e.Kr.
Mellom grunnleggarane av denne byen finn vi minnesmerke etter både keltarar og romerar.

Den dominerande posisjonen Cividale hadde under romerane har
gitt namn til heile regionen; Friuli Cæsar grunnla Forum lulii om lag 50 f.Kr, og dette vart eit maktsentrum for heile regionen.

Longobardane slo seg ned her i det 6. hundreåret e.Kr. og valte byen til hovudstad i det fyrste hertugdømme i Italia.


For å kome til Cividale tok vi eit lite dieseltog.


Cividale er ein svært gamal by.
Natisone er namnet på elva, og den kjem frå Slovenia.

Her er utsikta frå ei berømt bru; Djevelens bru.


Kva no?


Glimt frå eit av dei mange gamle byggverka i Cividale.


Søndag 10. april kunne dei som ville gå på fotballkamp.
Udinese-Roma enda 3-3. Ein fartsfylt og underhaldande kamp.


Spente før kampen.
Nokre av elevane fotograferte utanfor stadion.


Og for ein flott stadion dette var!


Frisk, italiensk fotball.
(Ikkje heilt lik heimekampen til Molde som våre italienske
vener fikk vere med på tidlegare dette skuleåret ...)

Vi har opplevd mykje, og framleis er det ei veke igjen. Vi kjem tilbake med meir!

I.R.



Tilbake til:
Comenius prosjektet

- Første reisebrev frå Italia
eller vidare til
- Tredje reisebrev frå Italia


Hovudsida