Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Utviklingsarbeid > Comenius 2004/2005

Gjenvisitt til Italia
04.04. - 18.04.05


Tredje reisebrev frå Udine.

Andre veka i Italia, mån.11. - fre.15.04.05.
Skribent og fotograf: Ivar Roald


Måndag 11.04.

Denne dagen starta opp på skulen, Istituto Tecnico Industriale “A. Malignani”.
Etter italienskundervisning og innføring i eit stort skuleprosjekt knytt til å produsere solenergi, gjekk turen til Palace of the Province i Udine. Her fekk alle ei kort innføring i lokaldemokrati og fekk sjå korleis bygget var dekorert.

Palace of the Province


Veggene var rikt utsmykka.


Det var og taka.


Utdeling av informasjon om provinsen.


Både dei italienske og dei norske elevane vart
imponerte over vegger og tak.


Pizza på italiensk vis!
På kvelden var alle inviterte heim til ein av dei italienske elevane. Der stilte heile familien opp med heimbakt pizza i ein heimelaga steinovn.


Far sjølv hadde ansvaret for steiking av pizza.


Lokalitetane var ei garasje i kjellaren som
raskt kunne gjerast om til heimerestaurant.


Tysdag 12.04. gjekk turen til FANTONI company i Osoppo.
Desse produserte ulike former for kontormøblar, og utvikla ulike former for bygningsmateriale. I tillegg til vanlege sponplater utvikla dei andre platetypar og ulike former for laminat.


Inspektør H. Garshol prøver ut og diskuterer
møblementa med sine reisekollegar.

Vi rakk også å vitje byen Gemone som vart hardt råka av eit jordskjelv i 1976. Absolutt heile byen måtte byggast opp att – også denne kyrkja (under) vart bygd opp stein for stein.


Steinkyrkje i byen Gemone.

På ettermiddagen gjekk turen til ei ny bedrift - PITTINI. Desse var storprodusentar av armeringsmatter, og heile produksjonen vart styrt av nokre få personar og mange robotar.


Onsdag 13.4.05.
Allereie kl 0800 var alle på plass i bussen for nytt besøk. Denne gongen var det først til ein kraftstasjon som var omgjort til museum, og deretter besøk til eit dam-anlegg som var under bygging.


Kraftverk eller katedral ?


Slike bygg har noko monumentalt over seg.


Ein ny dam er bygd.


Torsdag 14.04. var det workshop knytt til pls-programmering.


Elevane i 3TAF i arbeid.

Fredag 15.04. var sett av til ein heil dag i Venezia. Byen er berre imponerande og bilete vil seie meir enn 1000 ord.


Grande Canal er stor i høve til resten av kanalane.


For 75 Euro kunne ein få ein tur på kanalane.


Smilande elevar på Marcus plassen.
(Den kvinnlege delen av 3TAF)

Så er det berre helga igjen før vi tar fatt på heimreisa.
Meir om dette i siste reisebrev frå Udine.

I.R.


Tilbake til:
Comenius prosjektet
Første reisebrev frå Italia
Andre reisebrev frå Italia

Hovudsida