Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Utviklingsarbeid > Comenius 2004/2005 - Ekskursjon til Tafjord

E
kskursjon til Tafjord Kraft

Torsdag 14. oktober var det dagsutflukt for dei besøkande. Då reiste dei 12 elevane våre frå klasse 3TAF saman med 14 italienarar til Tafjorden. Der skulle dei studere korleis vatn vert nytta ut til kraftproduksjon.

I starten fekk vi grundig omvising på Tafjord Kraft sitt museum. Der vart alle sett inn i prinsippet for kraftproduksjon, og i tillegg fekk vi sjå nærare på den første kraftstasjonen.


Utanfor Tafjord Kraft Museum.


Inne var det mykje interessant å sjå.
Elevane fekk godt innblikk i korleis drifta var før ved kraftverket.



"Vi lurer på ..."


Zakarisdammen.
Etterpå gjekk turen til Zakarisdammen.

Vassreservoaret var det lite å seie på i år,
sjølv om vi som forbrukarar gjerne såg at det var heilt fylt til randen.




Våre italienske venar ignorerte haust-trekken, og koste seg i finveret, mens kamera etter kamera samla opp nye inntrykk.



Og "suget" ein får når ein kikar utføre
kan ein nesten røyne via eit bilete.




---- ---- ----



- Vind i hår og sol på kinn -



Så var det berre å trekkje seg tilbake til bussen.


Lunsj.

Tradisjonell kost for besøkande vart servert heile flokken nede i Tafjord.
Det gjorde godt å slappe av litt .


Etter ein god lunch var tida inne for å sjå nærare på K2 – ein kraftstasjon inne i fjellet. Der fekk alle forklart korleis moderne kraftproduksjon går føre seg i dag.

Tafjord Kraft sine anlegg i Tafjorden står for om lag 2% av kraftproduksjonen i Noreg. Dei ulik stasjonane kan overvåkast og styrast sentralt ved hjelp av datamasinar. Produksjonen er såleis ikkje avhengig av at folk er til stades på dei ulike lokalitetane.

Ekskursjonen til Tafjorden fekk klart fram prinsippet for korleis ein omformar energi frå vatn til elektrisk kraft, og på denne måten vart opphaldet ei fin oppleving for å visualisere tanken bak prosjektet ”North Wind – Souht sun”


Vegen heim
Som avslutning på dagen vart det lagt inn bowling og pizza på vegen heim. Ei livleg avslutning på ein lang, men lærerik dag.


Avslapping for leiargruppa.

F.v: Lektor Terje Pettersen (HVS), Vice Principal Rodolfo Malacrea og ENIS-koordinator Caterina Gasparini.


Bowling er ein sikker vinnar!
Sosialt og artig for deltakarar og tilskodarar.



- I grunn er alt spel artig -
Her er prosjektleiar og faglærar Øystein Risan (HVS) i hard konkurranse med ein av dei italienske studentane.


- Pizza er godt -


To nøgde HVS-elevar.


Soialt fellesskap er viktig.
Vi håper alle hadde ein flott dag og ein hyggeleg kveld.



Tilbake til COMENIUS-prosjektet

Hovudside


Bilete frå tidlegare turar til Tafjord for HVS-elevar
Ekskursjon 01.06.04
Ekskursjon 20.05.03