Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Utviklingsarbeid
> Comenius prosjekt 2004 - 2005
COMENIUS PROSJEKTET
|
"NORDAVIND / SYNNASOL"
- eit samarbeidsprosjekt mellom
Istituto Tecnico Industriale Arturo Malignani i Nord-Italia
og Haram vgs. i Noreg.
|
11.10-25.10.04
I desember 2003 fikk HVS besøk av Stefano Gorla
frå Italia.
| Han kom med ein førespurnad
om eit samarbeid og utveksling av elevar i eit COMENIUS-prosjekt.Gorla
presenterte oss for ein teknisk skule i Nord-Italia
som ønska å delta i eit slik prosjekt.
Saman kom vi fram til ei prosjektskisse begge skulane
var nøgde med. Søknaden vart seinare imøtekomen,
og no har vi gjennomført første del av
prosjektet med eit triveleg besøk frå Italia
(v. 42-43).
Les meir
om prosjektet ...
(Førebels er berre ein engelsk
versjon lagt ut)
|

Elevane på VKII Tekniske allmenne fag har sett
fram til besøket, og det vidare samarbeid som
vil vare fram til sommar-ferien 2005. |

The project has it's own website, made in English.
There you will get further information of the project, several
reports made of the students, and pictures from events during
the project period.

Glimt frå programmet i Noreg.
11. - 24.10.04
I perioden 01.09 til 10.10 var det stor førebuande aktivitet
her ved HVS før alt var klart for besøket frå
Italia. No er kvardagen tilbake for elevar og lærarar
knytt til prosjektet, men kunnskapen, dei gode minnene og venskapen
er godt forvart.
- Sydlandsk bris i gangane (Artikkel
frå Haramsnytt 15.10.04., ved Tina Mari Flem)
- Slår av lyset
(Artikkel frå Haramsnytt 15.10.04., ved
Tina Mari Flem)
- Prosjektarbeid ved HVS
(veke 42)
- Dagsekskursjon til Tafjord Kraft
AS, Tafjord (14.10.04)
- Ekskursjon til vindmølleparken
på Smøla (17. - 20.10.04)
- Utflukt til Ona (16.10.04)
- Fridag i Ålesund
(23.10.04)
Comenius project 2004/2005: PROJECT
NORTH WIND - SOUTH SUN
Dermed var vi plutselig inne i mellomperioden, der kommunikasjonen
mellom skulane skjedde elektronisk. Neste reiseprosjekt kom
på vårparten, da våre elevar reiste sørover
til Italia.
Gjenvisitt til Italia - våren
2005
04.04. - 18.04.05.
Vi kom fram etter 13 timar på reisefot. På
flyplassen vart vi møtt av ein heil delegasjon - i privatbilar
- og etter det vi såg, er nok ikkje fartsgrensene dei
same som heime ..., skriv lektor Ivar Roald heim etter ei knapp
veke i utlandet.
- I dag, tysdag, har vi vore på skulen. Dei italienske
elevane presenterte området, og vi er blitt vist rundt
på skulen. På onsdag og torsdag skal vi ut på
tur, og blant anna besøke ulike bedrifter i området.
Fredag skal vi arbeide her på skulen, mens vi laurdag
skal vitje eit historisk senter - Civitale. Søndag skal
elevane bli varta opp av dei italienske familiane.
Korleis veka vil arte seg får du sjå og høyre
meir om etterkvart, så følg med ...
Reiseskildringar
per brev frå Italia

- Udine - |

- Frecce Tricolori - |

- Cividale - |
Oppslag i lokalavisa
Når alle var vel heime igjen, tok journalist Tina Mari
Flem, Haramsnytt, kontakt med dei "farande fantane".
Resultatet vart eit stort, dobbeltsidig oppslag i Sommeravisa
2005 til lokalavisa. Les gjerne artiklane!
- Knytte band med
Italia (Artikkel frå Sommeravisa 2005,
Haramsnytt)
- Smaken
av Italia (Artikkel frå Sommeravisa
2005, Haramsnytt)
Heimesida
til prosjektet er vel verd eit besøk.
Her finn du alt frå prosjektskisse, elevrapportar frå
begge besøka (Noreg, Italia) og masse flotte bilete!
Ta deg tid til ein liten rundtur på denne web-sida.
Elles finn du informasjon knytt til dei involverte skulane på
heimesidene deira:
- Istituto
Tecnico Industriale Arturo Malignani
- Haram vidaregåande skule
|
|
|