| |
Du er her: Faglege
turar >> Orreneset H2004
| Kjekk
tur til Orreneset for 1AF
09-10.09.04 |
|
|
|
 |
Kurs i samarbeidslæring for grunnkurs Allmennfag
Dette er andre året HVS arrangerer eit 2-dagars opplegg
med fokus på samarbeid og sosial kompetanse for elevar
på grunnkurs allmennfag.
Opplegget er utarbeid i høve valfaget Internasjonalisering
på grk allmenfag. Dette tilbodet er nært knytt til
studieretningsfaget IBD, og målet er å gi elevane
eit erfaringsgrunnlag og litt innsikt i kva som ligg i omgrepet
"internasjonal". I løpet av skuleåret
er det ulike opplegg med vinkling både mot det kulturelle
livet og mot eit internasjonalt næringsliv.
Orreneset viste seg i fjor å vere ein ypperleg plass for
2-dagars kurset vårt, så det vart ikkje annaleis
i år. I bagasjen fulgte det med både tennisballer,
hoppetau og anna tauverk, grillmat, godt humør og passelege
porsjonar med energi.
Utgangspunkt
Elevane har tidlegare denne hausten gjennomgått kurs
i samarbeidslæring i valfaget. Dette kurset fokuserer
på det individuelle og vart gjennomført i timane
på skulen. Med seg til Orreneset hadde elevane diverse
papir og notater frå dette kurset, og erfaringane herfrå
fikk elevane no nytte i den vidare prosessen.
Mål for samlinga på Orreneset
Det sentrale målet for samlinga var å sveise klassen
saman sosialt. Samstundes var det vesentleg å kome vidare
med den prosessen som vart starta på det første
kurset. Ein freista å gjere elevane meir medvitne om
korleis dei kan nytte sine individuelle kvalitetar i ein kollektiv
samnheng. Vidare var det sentralt at dei vart medvitne om
korleis ein skal setje saman grupper på ulike måtar
og etter ulike prinsipp.
Vi hadde eit ønskje om at elevane skulle reise tilbake
frå samlinga med ei kjensle av at dei hadde kome vidare
og at kvar einskild elev no kjende klassen betre.
Orreneset Misjonssenter
Hovudkvarteret til 1AF & Co. |
Fagansvarleg for valfaget og motor i opplegget var lektor Oddleif
Tolås.
Med seg på turen hadde han kontaktlærarane til 1AF,
Stein Ravnestad, Ingunn Hellevik og Torleiv Austnes (fotograf).
Alle fire møtte med masse energi, positiv entusiasme
og mange kreative innspel. Elevane vart utfordra - og dei tok
den eine utfordringa etter den andre og løyste dei på
ei glimrande måte.
Ravnestad held styring på opplegget, Hellevik
passar tida
og Tolås aktiviserar elevflokken. Da er arbeidsfordelinga
klar.
Det er berre å sette i gong!
|
Litt forsiktige i starten, men det gikk fort over.
|
"Er vi litt distre? Neida, vi mottok all informasjon
og gjorde alt som vi skulle. Eller? "
|
Når alle var fordelt på hytter og rom, var det berre
å møte opp nede på fotballbana. kvar basisgruppe
var ei eining. Og, som sagt, frå nå og fram til
avreise neste dag sto utfordringane i kø.
Samarbeidslæringa
i full gang
Tolås instruerer.
"Har dokker forstått dette nå da?"
|
Joda, forstått har dei - men lett er det ikkje!
|
Øving gjer meistar ...
|
Hoi, kor det går!
|
Neste oppdrag:
Her var det om å gjere å forflytte gruppa ein viss
avstand mens alle involverte til ein kvar tid hadde fotkontakt.
Da er det viktig med god kommunikasjon og samkøyrd rørslemønster!
"Konsing!"
- eller kosing som nokon kviskra i bakgrunn -
|
Ravnestad held eit auge med prosessen - og nyt kvart
sekund.
|
AU!
Nærkontakt må det vere.
|
Litt pauseaktivitet var det og tid til.
Her mangla det ikkje på energi!
|
Kor mange er
det plass til på denne flekken?
Ja, det lurer vi og på!
|
Demir teller, ser dokker det?
Her var det innsatsvilje på høgt nivå.
|
Men det var ikkje berre utandørsaktivitetar.
I løpet av ettermiddagen/kvelden fikk elevane undervisning,
og dei sjølve måtte til å undervise dei andre.
Eller formidle noko, alt etter oppgåva.
Kunne det bli meir innleving enn dette? Det tviler både
vi og lærarane på.
Så var det frislepp.
Da var det vatnet som trakk. Det var særs positivt å
få låne diverse utstyr, og elevane utnytta det til
fulle. Det var padling, roing og jodling. Rett og slett triveleg!
|
Kven kjem først, eller var det; - klarer du å
kome hit?
|
Hm, tja - det var det da?
|
Så forsvann sola, og kveldsaktivitetane tok over.
Utsyn over vatnet. |
Kveldsunderhaldning
Elevane var sjølve ansvarlege for underhaldninga denne
kvelden. Ei oppgåve dei tok alvorleg og løyste
på ein fin måte.
Neste dag
kom den store testen; - kven klarer å overleve
dersom det meste går ein i mot.
Real uflaks med andre ord. Gruppene vart gitt ein (kinkig) situasjon,
ei utstyrliste og beskjed om at berre noko fekk dei ta med seg.
Da måtte ein til å prioritere i fellesskap.
Konsentrert jobbing.
|
| |
Til slutt var det pakking, rydding og vasking. Alle gjorde sitt,
og så var det gjort.
Gjengen 1AF returnerte til Brattvåg.
Eit siste glimt |
Ein flott tur.
Med helsing 1AF.
Ønskjer du å sjå bilete frå
turen året før? Ekskursjon til
Orreneset hausten 2003
Elles: Hovudsida
Andre faglege turar
Meir om IBD |
|